Det er Norsk langeleikforum, Valdres folkemusikkarrangement og Nord-Aurdal kulturskule som saman står bak filmane, som blei tekne opp i vår. Jørn Ranum har filma og produsert, og i filmane deltek både unge og eldre langeleikspelarar frå Valdres.
– Norsk langeleikforum har i lang tid hatt på arbeidsprogrammet sitt at dei vil skape ei ny formidlingsplattform. Dei tok initiativ og fekk støtte frå Kulturrådet og Norsk senter for folkemusikk og folkedans til å gjennomføre dette, og så skjedde det saman med oss og kulturskulen i Nord-Aurdal, fortel Knut Aastad Bråten, langeleikspelar og dagleg leiar i Valdres folkemusikkarrangement.
Kort tid etter at pengane var på bordet, blei det sett ned ei referansegruppe som arbeidde konkret med innhaldet til filmane. Dei kom med innspel, tips og idear til korleis ein skulle utforme dei totalt 20 episodane.
– I referansegruppa har det vore med lærarar frå kulturskulen, som har vore med og peika på kva behov langeleikelevane i dag har, held Aastad Bråten fram.
Langeleikspel som kulturarv heng i ein tynn langeleikstreng. Men me håper at dette kan skape ny giv i miljøet.
Ikkje berre for elevane
Eit viktig poeng i langeleikfilmane er å vise fram instrumentet i miljø der det er å finne til vanleg. Difor har langeleikspelarane samla seg rundt kjøkkenbord, i klasserom og på scena i kulturhuset, for å vise breidda av langeleikspelet.
Filmane skal ikkje berre vere til nytte for elevar i kulturskulen eller andre som allereie er godt kjende med instrumentet. Knut Aastad Bråten fortel at dei erfarne og talentfulle veit kvar dei kan gå for å finne inspirasjon andre stader, og at det her handlar mykje om å motivere dei som er i startfasen eller har lyst til å byrje.
– Dette er for alle som vil lære langeleik. Det kan også vere nyttig for foreldre. Til dømes har me ein video om stemming, og dette er det ikkje nødvendigvis berre eleven som har nytte av, seier han og legg til:
– Me har også tenkt at me ikkje må vere så jålete at me ikkje kan spele den enklaste lått på desse filmane. Men så har me også med låttar som er litt meir avanserte. Hovudtanken er at alle skal kjenne seg inkluderte i filmane, at filmane har noko å by på for alle som speler.
Vil inspirere andre miljø
Langeleikundervising organisert gjennom kulturskulen finn ein ikkje så mange andre stader enn i Valdres, men sporadiske kurs finst fleire stader i landet. I tillegg er det einskilde spel- og dansarlag som har kurstilbod.
– Langeleikspel som kulturarv heng i ein tynn langeleikstreng. Men me håper at dette kan skape ny giv i miljøet. I tillegg ønsker me også å inspirere andre miljø til å gjere noko liknande. Kanskje kan det vere nyttig for munnharpemiljøet å lage filmar som dette? Eller kanskje kan ein dra nytte av det på hardingfele eller song?
Terskelen for å sette i gang eit prosjekt som dette treng ikkje å vere så høg, avsluttar Knut Aastad Bråten. Det kan gjerast ganske enkelt, om ein har ein tydeleg idé og ei beingrind å byggje rundt.
Klikk her for å gå til YouTube og spelelista med alle videoane i serien Lær langeleik.