Tekst: Pressemelding frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Noregs Ungdomslag.
Saman med forløparen Hulda Garborg, er Klara Semb (1874-1970) vår største autoritet på norske folkedansar og -drakter. Men medan Garborg var ideologen, var Semb den som omsette kunnskapen i praksis. Ho laga pedagogiske opplegg rundt folkedansen og lærte dansen vidare, ho samla og noterte ned dansar frå heile landet. Og undervegs leita ho opp gamle draktplagg og gav råd til dei som ville arbeida fram sine eigne lokale bunader. Ho vart den berande eksperten i Landsnemnda for bunadsspørsmål.
Sjå NRK-programmet “Møte med Klara Semb” frå 1961 her.
I 1966, fire år før ho døydde, testamenterte Klara Semb alle bøkene ho hadde skrive og heile samlinga si til NU, der ho hadde arbeidd det meste av livet. Då Semb døydde, fekk Egil Bakka hand om samlinga. På det tidspunktet var han sivilarbeidar i NU, i dag er han professor emeritus i folkedans ved NTNU. Samlinga er sett saman av bøker, kartotek, foto, avisutklipp, notar og ulike handskrivne og trykte papir, som program brev, fakturaer o.l. Bunadssamlinga vart etter kvart til sendt til Landsnemnda for bunadsspørsmål.
Ein gong rundt 1973-74 vart samlingane til Semb deponerte hjå det som den gongen heitte Rådet for folkemusikk og folkedans, men som no heiter Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Gjennom meir enn 10 år har arbeidet med å digitalisera samlinga pågått. Det har skjedd som eit pilotprosjekt, i eit samarbeid mellom NU og Sff. I 2023 gjorde dei to partane ein avtale om å gjera alt materiale tilgjengeleg gjennom Digitalarkivet, som er eigd og drifta av Arkivverket.
Klara Semb sitt arkiv finn ein her.
Frå og med 17. oktober og i nokre månader framover, vert Klara Semb-samlinga lansert digitalt. Bit for bit, og med eit utplukka høgdepunkt kvar månad.
«Noregs Ungdomslag har eit ansvar for å forvalte den store arven etter Klara Semb. Semb var oppteken av folkeopplysning, ein verdi ho deler med organisasjonen ho brukte mykje av sitt liv og virke i. Samlinga viser nettopp dette: eit stort spekter av informasjon samla inn over mange år, breidda av kva ho var oppteken av, og heile mennesket Klara Semb. Det er derfor ein stor glede for oss å være med på å lansere Klara Semb-arkivet», seier Magni Hjertenes Flyum, Generalsekretær i NU.
NU markerer klara Semb si fødselsdag og lanseringa av Klara Semb-arkivet fredag 18. oktober kl. 19:00 i Ervingen Ungdomslag i Bergen. Her blir det ein kort presentasjon av arkivet ved Lene Storhaug, eit føredrag om Klara Semb av styreleiar i NU, Torbjørn Bergwitz Lauen. Etter det blir det servert bollar og brus, i ein storslått bursdagsfeiring på kvelden.
Sjå NRK-programmet “Kom så til leik og dans” frå 1984, som er vigd til Klara Semb og arbeidet hennar.
Klara Semb og Noregs Ungdomslag
Noregs ungdomslag har heilt sidan starten i 1896 vore ein organisasjon med fleire interessefelt innan kultur og tradisjon. Både bunad og folkedans har gjennom fleire generasjonar vore to av kjernefelta i organisasjonen. Klara Semb var tilsett i NU i ein lengre periode, både som lærar i folkedans og som leiar av folkedansverksemda. I 1939 var ho styremedlem i NU, og var ei motstandskvinne og eit viktig førebilete for ungdommen under okkupasjonstida. I løpet av si tid reiste ho rundt i heile Noreg og heldt kurs i dans. Ho var den store autoriteten innan norsk folkedans, og lærte opp om lag 400 000 ivrige dansarar i løpet av sitt liv. Samstundes var ho oppteken av å finne informasjon om gamle folkedansar og draktskikkar, som ho skildra detaljert i skrivebøkene sine. Faktisk kan vi seie at Klara Semb er folkedansens og folkedraktenes svar på Asbjørnsen & Moe.
I samband med lanseringa har NU oppretta sida www.klarasemb.no der dei lenker til Sff sitt arkiv, og legg ut informasjon om dei månadlege arkivsleppa. Her finn du også lenk til Klara Semb-samlinga til Institutt for bunad og folkedrakt.