Leif Rygg var eit varmt og inkluderande menneske med ei unik formidlingsevne, både som spelemann og som forteljar. Han evna å fange publikum med sitt inderlege og kraftfulle spel, krydra med gode spelemannshistorier med humoristisk snert, anten det var på kappleikscena, på konsertar i inn- og utland, som leiar i spelemannslaget eller som læremeister.

Leif har hatt ei mengd elevar på kurs, i kulturskulen, på folkehøgskular og ikkje minst på Ole Bull Akademiet, der han var ansvarleg for spelemannsutdanninga frå 1996 til 2003.  Alle helsingar og kondolansar frå tidlegare elevar vitnar om ein raus og klok lærar som tente gnisten hjå mange unge spelemannsspirer. Mange av dei møter vi i dag som dyktige, profesjonelle utøvarar.

Leif var også eit organisasjonsmenneske, og var i mange år leiar i Voss spelemannslag. Han var kappleikgeneral under Landskappleiken på Voss både i 1991 og i 2000, og  har vore mykje brukt i nemnder og diverse utgreiingsarbeid for FolkOrg/Landslaget for Spelemenn (LfS). Han sat òg i styret for Ole Bull Akademiet, som representant for LfS, frå starten  i 1976.

Leif Rygg til minne
Leif Rygg under Super D-tevlinga på Landskappleiken 2016 i Vågå. (Foto: Runhild Heggem)

Leif har delteke på tallause kappleikar, og vann hardingfele klasse A på Landskappleiken heile fem gonger, fyrste gong i 1977. Han var oppteken av å stille på kappleik for å bidra til at heile breidda i folkemusikkmiljøet skulle bli presentert frå scena – frå dei unge, meir eller mindre profesjonelle utøvarane, til dei gamle meistrane.

I 2016 deltok han i Super-D for fyrste gong under Landskappleiken i Vågå, og toppa like godt klassa. Ein av premiane var deltaking på den store Meisterkonserten i Den norske Opera hausten 2016. Det er vel ingen som gløymer Leif si tolking av «Budeiene på Vikafjell» på den konserten.

Leif omtala seg sjølv som ein solistisk og tradisjonell spelemann, og var oppteken av å ivareta det personlege og særeigne i slåttemusikken gjennom solospelet.

Men han såg også verdien av samspelet som grunnlag for eit aktivt og levande miljø, som mangeårig leiar i Voss spelemannslag. Han har verkeleg bidrege til at det veks og gror i folkemusikkmiljøet på Voss, og var sjølvsagt æresmedlem i Voss spelemannslag.

Leif Rygg til minne
Leif Rygg tevlar i A-klassa for spel hardingfele, Landskappleiken 2010 på Voss. (Foto: Eivind Kaasin)

I 1994 fekk han Spellemannprisen saman med Knut Buen og Kåre Nordstoga for CD’en Bjølleslåtten, og så seint som i november 2017 fekk han Folkelarmprisen i kategorien dokumentasjon for CD’en Bygdatråen, utgjeve på plateselskapet Ta:lik.

For 20 år sidan vart han utnemnd til æresmedlem i Landslaget for Spelemenn, nå FolkOrg, for sitt lange og betydningsfulle virke som formidlar og tradisjonsberar. I 2010 fekk han RFF-prisen og i 2016 Torkjell Haugerud-prisen under Landskappleiken i Vågå for sin ekstraordinære innsats for folkemusikken.

Og Leif Rygg har verkeleg gjort ein ekstraordinær innsats for å ta vare på og vidareføre folkemusikktradisjonen. Han var ein bauta som etterlèt seg eit sterkt og varig avtrykk i historia. Våre tankar går til Audhild, Steinar og Tone og deira familiar.

Vi lyser fred over Leif Rygg sitt minne.