Livet i fugleperspektiv
Orførar i Froland Ove Gundersen var den som overrekte fortenestmedaljen til Leiv Solberg.

– Det var eit sjokk. Eg er vant til å vere den som fortel andre at dei får prisar, seier Leiv Solberg frå heimekontoret på Haugsjå i Froland kommune. Han har hatt nokre dagar til å fordøye alle ord og all merksemd etter at han blei tildelt Kongens fortenstmedalje 18 november.

Prismottakaren sjølv hadde ikkje fått nyss i kva for ein prosess med søknadar og byråkrati som var sett i gang bak ryggen hans.

– For ein månads tid sidan ringte ein av forslagsstillarane meg og las opp brevet frå Statsforvaltaren. Der stod det at kongen hadde godkjent søknaden. Eg trudde ikkje på det. Kona mi Åse sat med pokerfjes i sofaen, for ho hadde fått tips om dette. Difor hadde ho sørga for at me hadde ei flaske champagne ståande, så den tok me då. Etter det byrja eg å tenke litt på kva det eigentleg er eg har drive med dei siste 40 åra. Ein blir litt eksistensiell av slikt. Det er som å stoppe opp midt i eit maratonløp og spørje seg om kva ein eigentleg held på med. Men det er veldig ålreit. Ein skal av og til sjå seg sjølv i fugleperspektiv. Den siste tida har eg gått nokre turar og vore på jakt. Då kan ein sitte på post og tenke litt, fortel Solberg.

Interessert i alt

Leiv Solberg blei tilsett i NRK i 1988, men har heile tida hatt mange andre ballar i lufta. Dette kom tydeleg fram under festen på Frolands verk, der medaljen blei delt ut. Utanom kollegaer frå NRK, stilte det seg også mange andre på talarlista. Ånon Egeland snakka om korleis Solberg var med på å starte opp folkemusikkstudiet i Rauland. Anne Tone Hageland frå Agder fylkeskommune fortalte om då Agder folkemusikkarkiv blei skipa, og Solberg var ein viktig styremedlem som hadde både fagleg og teknisk kompetanse der. Kirsten Bråten Berg sa nokre ord på vegner av alle musikarkollegaene. I tillegg var det også representantar frå ein annan del av Solbergs liv til stades – nemleg veteranbilmiljøet.

Med andre ord har Leiv Solberg halde på med mykje forskjellig. Det er fordi han synest dei fleste ting er interessante. Den siste nye interessa hans, er å skjere store tømmerstokkar i den nye saga han har kjøpt seg. Å opne stokkane og sjå kva som er inni, er spennande.

– Eg har interesse av å prøve ut forskjellige ting. Der er eg nok litt inspirert av far min. Han var heddøl av det sindige slaget, men han sa alltid at ein måtte prøve å sjå det ein har i seg. Det er ikkje alltid like lett, for ein kan ha talent som ein ikkje er klar over. Eg har alltid prøvd meg på forskjellige ting, om det så er å sveise eller spele kontrabass, fortel Solberg.

Eit forbilde der er grandonkelen Eivind Groven, som var komponist, spelemann, matematikar og oppfinnar. Solberg var ikkje så gammal då han først fekk vere med Groven i Orgelhuset og lodde og halde på med alt mogleg rart, som han seier.

To timar med Vigdal

Gjennom 33 år som folkemusikkjournalist i NRK har Solberg opplevd mykje og treft mange folk. Noko av det han har tenkt tilbake på dei siste vekene, på post i Frolandsskogen med bikkja, er møta med alle dei store skikkelsane som no er borte. Anders Kjerland, Hans Brimi, Bjørn Odde, Torleiv Bjørgum. Leiv Solberg har intervjua dei alle.

– Mange av dei hadde sterke personlegdomar som det ikkje var lett å lage noko på med det første. Dei kunne vere vanskelege å skjønne. Eg fekk god kontakt med Ragnar Vigdal og var fleire gonger på besøk og overnatta hos han. Så hadde eg han i studio ein gong han var i Oslo. Eg henta han i byen med den gamle Volvo Duetten min. Han var glad i maskiner og slikt, så det byrja veldig bra. Praten gjekk allereie då eg plukka han opp, og det var bare så vidt han hadde tid til å sette seg ned i stolen i studio før det var på ‘an igjen. Intervjuet varte i to timar og han fortalte og fortalte om oppvekst, tonalitet og heile livet sitt, for så å plutseleg synge! Slike opplevingar gløymer eg aldri.

Ein annan episode han hugsar godt, er då Torleiv Bjørgum var i studio hos han og skulle spele inn for å vere «Ukens artist» på P1. Han spelte samanhengande i seks timar, og Solberg spurte fleire gonger om han ikkje ville ha ein pause og om dei skulle gå ein tur i messa for å få seg litt mat. Viss han kunne få eit glas vatn, var det fint, sa Bjørgum.

– Så då sat han der med eit lite vassglas ved sidan av seg og spelte, fortel Solberg.

Livet i fugleperspektiv
Fleire kollegaer frå NRK og Folkemusikktimen var med og heidra fortenestmedaljemottakar Solberg, både Jørn Jensen ...
Livet i fugleperspektiv
Aaste Kveseth peikar på fleire forbetringar for folkemusikk-interesserte. Heile databasen i NRKs 24-timarkanal er oppdatert, utvalet er gjort større og lydkvaliteten er blitt betre.

Tettskrivne filofaksar

Solberg har med andre ord teke opp timevis med musikk og prat, og naturleg nok har han ikkje sendt alt han har teke opp.

– Råmaterialet finst framleis. Men det som ikkje finst nokon stad, er det eg hugsar. Førebels hugsar eg ganske godt. På eit tidspunkt gløymer eg det, så eg må passe på å fortelje det til folk, seier Solberg.

Han har teke vare på alle dei handskrivne filofaksane sine. Der står alle avtaler og reiseplanar notert.

– Filofaksane mine var mykje tettare på 90-talet enn dei er nå. Det er periodar der eg ikkje skjønner at eg rakk alt. Men eg hadde nok ein stor arbeidskapasitet, og så har eg hatt ein fleksibel familie, for å seie det mildt. På 90-talet var det også mykje spelejobbar. I tillegg bygde eg hus. Det er vel slik at ein kan ha uendeleg med krefter i ein viss periode. Og viss ingen seier til deg at dette går ikkje, og du ikkje har dei bremsene sjølv, så går vel det meste.

«Det er som å stoppe opp midt i eit maratonløp og spørje seg om kva ein eigentleg held på med. Men det er veldig ålreit. Ein skal av og til sjå seg sjølv i fugleperspektiv.»

Den kjende radiostemma

Å både virke som journalist og musikar, har i mange høve vore ein fordel, meiner Solberg.

– Når eg er programleiar er ikkje eg den viktigaste – det er kjelda. Men fordelen med å vere utøvar sjølv, er at eg kan hjelpe folk når dei slit litt, viss dei blir usikre eller ikkje får til ting. Eg skjønner jo at eit instrument som har lege og skrangla i bilen over fjellet ikkje er heilt på lag. Så eg blir ikkje irritert viss nokon må stemme i eit kvarter, for det er slik det er, seier han.

Gjennom alle åra som både programleiar og musikar, har Solberg blitt kjent med mange. Og det kan vere positivt, så ein veit korleis ein skal takle den aktuelle personen i ei intervjusetting. Men sjølv om Solberg kjenner mange, er det truleg fleire som kjenner han.

– Når eg har folk i studio som eg eigentleg ikkje kjenner og set på radiostemma mi, hender det at dei plutseleg blir veldig fortrulege, seier Solberg.

Folkemusikktimen, som avløyste Folkemusikkhalvtimen, har gått på radio i 90 år i år. Det er det eldste NRK-programmet, og det er også eit av dei eldste musikkprogramma i verda som framleis går.

«Eg har alltid prøvd meg på forskjellige ting, om det så er å sveise eller spele kontrabass.»

Livet i fugleperspektiv
Leiv og sonen Åsmund Solberg i samspel under markeringa på Frolands verk.

Stammespråk

I 1987 var Leiv Solberg med på å starte folkemusikkutdanninga ved det som no er Universitetet i Søraust-Noreg, avdeling Rauland. Seinare har han også blitt tilsett der, og i 17 år har han jobba med masterrettleiing.

– Ein viktig faktor for at eg har stått i folkemusikkfeltet så lenge som eg har, er at eg har hatt kontakt med unge folkemusikkstudentar. Nyheitsredaksjonen i NRK består av mange, det same gjer sporten. Men folkemusikkredaksjonen er i grunn berre meg. Ein må ha nokon å snakke stammespråket med. Difor har det vore så viktig for meg å vere i miljøet der, med kollegaene mine, men ikkje minst med studentane. Kva er det som er så interessant med Karl Fant? Og kvifor vil nokon overføre feleslåttar til bouzouki? Eg har fått kome inn i tankeverda til mange unge folk der.

Neste år blir Leiv Solberg 67 år, og då kan han i teorien utløyse full pensjon. Når han er 70 er det uansett over og ut i NRK.

– Eg har ikkje bestemt noko enno, men eg kan jo telje og ser kva alder som nærmar seg. Så eg må nok ta den endelege avgjerda om ikkje så lenge. Men eg har mange ting som ventar og som eg har lyst til å gjere før eg blir for gammal, seier Solberg.