Lokalkappleik på Løkka
Slåttetrommemiljøet var svært synleg på scena på Oslokappleiken 2023. Her tevlar slåttetrommeungdommane Slagverksløftet, under leiing av Kjell Tore Innervik. Det sekshoda dommarpanelet fekk ein lang arbeidsdag.

Høyr også Folkemusikks podkastreportasje frå Oslokappleiken.

– Det var så vanskeleg å få tak i dommarar. Alle som deltok på Folkelarm kunne jo ikkje sitje og dømme kappleik ein heil dag, seier Lene Furuli, leiar i Oslofolk – Laget for folkemusikk, om bakgrunnen for at Oslokappleiken og Folkelarm no har skilt lag.

– Dei siste åra opplevde vi også at Folkelarm og Oslokappleiken vaks litt opp i kvarandre. Vi kjende at vi trong meir tid til kappleiken, og blei stressa over å måtte slutte av til eit bestemt tidspunkt. Kappleiken drukna litt i Folkelarm, legg Furuli til.

Lokal stemning med kappleikskafé

Det var lett å merke at Oslokappleiken slapp å dele plass med Folkelarm, og fekk breie seg meir på Riksscenen denne siste laurdagen i september. Tevlinga fann stad på hovudscena i andre etasje, medan Sjokoladekappleiken var ved inngangen i første etasje. I kjellaren var deltakarsone med registrering, backstage og øvingsrom.

– Vi har hatt lyst til å lage litt meir lokalkappleiksstemning i Oslo, seier Furuli. – I dag har vi til dømes hatt kafé for første gong, det var veldig koseleg!

Og om samarbeidet med FolkOrg og Folkelarm er avslutta, så har Oslofolk samarbeidd med andre om årets lokalkappleik. Sjokoladekappeiken blei som vanleg arrangert av UFO, Unge Folkemusikere i Oslo, og i kafeen på messaninen bidrog Hardanger spelemannslag med stand, spel, liv og hardingmat og -drikke. Laget feira sjølv 75-årsjubileum på Riksscenen kvelden før Oslokappleiken, og i 2025 skal dei arrangere landskappleik i Eidfjord.

Slik blei Hardanger også eit godt representert distrikt i tevlinga på Oslokappleiken.

Dansefest stadig eit høgdepunkt

Folkelarm og Oslofolk bestemte seg i 2016 for å køyre felles løp same helga, og slik har det vore sidan. Begge arrangementa ønskte den gong å sikre publikumsoppslutnaden gjennom å samarbeide. Det var forståeleg nok spennande for arrangøren korleis det ville gå å køyre «sololøp».

Men med 73 startnummer med 158 deltakarar hadde dei seks dommarane nok å gjere både undervegs og etter tevlinga. Kappleiken heldt på til nærare klokka åtte, og premieutdeling blei det ikkje før halv tolv! På sjokoladekappleiken for dei minste var det kring 50 deltakarar, og like mange blant publikum.

Lene Furuli nemner dansefesten laurdagskvelden som eit høgdepunkt dei åra dei var saman, og i forkant av kvelden var dei spente på om det ville kome nok folk. Men liv i kjellaren blei det, med dans i to salar og folkefest med overvekt av ungdommar.

Etter 2023 tyder altså mykje på at Oslokappleiken no står godt på eigne bein.

Alle resultata frå kappleiken finn du på resultat.folkorg.no.

Høyr Folkemusikks podkastreportasje frå Oslokappleiken

Lokalkappleik på Løkka

Meir om Oslokappleiken