– Generelt vil eg seie at det er mykje bra å høyre. Noko er av svært høg kvalitet, uansett kva musikksjanger vi samanliknar med. Som i alle konkurransar så får ein oppleve eit tverrsnitt. Nokre må vere på nedre del av resultatlista, påpeikar Jo Asgeir Lie.
Utan breidda på plass ville Landsfestivalen vore mindre interessant, slår han fast. Og det er gjerne ulike meiningar om kva som er godt også etter musikksmak.
– Eg er utruleg glad for at det er god breidde. Det er ein styrke for miljøet at så mange vil stille opp. Nokre er og blir betre enn andre. Og alle kan sjølvsagt utvikle og forbetre seg.
– Utøvarar øver til konkurransane med ein indre motivasjon om kanskje ei høgare plassering denne gongen. Vi er heldige som har kappleikssystemet i Norge. Det har vore viktig for utviklinga av både breidda og kvaliteten, meiner Jo Asgeir Lie.
Artig med lagspelet
Lie synest den store dialektvariasjonen i lagspel fele/hardingfele gjorde tevlinga meir interessant.
– At Gaular spelemannslag med relativt få hardingfeler kan hevde seg heilt i toppen med godt samspel og god dansetakt, er verkeleg artig. Det var både moro å høyre på og danse til. Det er samstundes viktig at hardingfelelag også kan måle krefter med Sør-Fron spelmannslag og Lom spelmannslag, som – med rette – har årelang tradisjon for å vere i toppen av lista.
Mange av laga har eit bevisst forhold til musisering, korleis musikken skal framførast. Det er moro å registrere. Så kan det vere litt tilfeldig akkurat kvar dei hamnar, konstaterer Lie.
Dommaren kjem også med gode ord til Kongsberg Trekkspillklubb som tok sin fjerde siger på rad i lagspel durspel/trekkspel.
– Det var lett å høyre at Kongsberg har jobba veldig mykje i samband med cd-utgiving. Samspelet var veldig godt. Det gjeld forresten alle dei fire første. Eg likar at alle brukar musikk frå sitt tradisjonsområde. Vi har fin geografisk spreiing, frå Osterøy til Luster og Nord-Gudbrandsdal. Det gror godt i mange distrikt, fastslår Lie.
For få juniorarar
Jo Asgeir Lie er til dagleg oppteken med å lære opp unge folkemusikarar som rektor på Ole Bull Akademiet. Han har særleg eitt ønskje.
– Det hadde sjølvsagt vore ønskjeleg med meir deltaking på juniornivå. Det veit eg FolkOrg også er oppteken av. Viss ein ikkje rekrutterer meir og breiare, så vil nok Landsfestivalen slite om nokre år. Ein god del ungdom som kunne vore med, er på festivalen utan å delta. Eg tenkjer også at studiestadane kan vere med og påverke til endå større deltaking.
Det står betre til på Landskappleiken, men også der kunne det ha vore meir deltaking i enkelte klassar, meiner Lie.
– FolkOrg sentralt og områdelag og lokale spelemannslag må berre jobbe meir med dette. Og så er det viktig at det er tilbod om opplæring i kulturskulane.
Travelt, men kjekt
Jo Asgeir Lie hadde det kjekt på Landsfestivalen, sjølv om det var travle dagar som dommar i både gruppespel, lagspel fele/hardingfele og lagspel durspel/trekkspel.
– At dommarane også er ute på dansegolvet i finalane, gjev ei anna oppleving og betre grunnlag for dømminga. Mange som er på festivalen dansar frå tidleg morgon til seine kvelden. Dette kan ikkje undervurderast. Det er ein viktig del av Landsfestivalen.
– Det er verkeleg spanande å vere dommar i dei store klassane. Eg fekk høyrt mykje musikk og hadde det kjempekjekt. Førde er ein fantastisk festivalstad med erfarne arrangørar. Det var ein fin festival, rett og slett, fastslår Jo Asgeir Lie.