– Det er veldig, veldig kult. Ordentleg gøy! Det er ikkje ofte ein får spele ein slik stad med folkemusikk, seier Elisabeth Vik på telefon frå København.

Songaren frå Ringerike har vore busett i den danske hovudstaden i åtte år no. Når ho ikkje held på med eigne prosjekt, jobbar ho som vokalist for andre og syng i ei vokalgruppe som blandar nordisk og bulgarsk folkemusikk. Ein liten togtur unna bustaden hennar, skal ho i juni få opptre på ein festival ho sjølv synast det er veldig gjævt å få spele på.

– Då eg gjekk på musikklinja på vidaregåande, var Roskilde det store. No når eg er eldre, høyrer eg ikkje så mykje på popmusikk lenger, så det er ei stund sidan eg har vore på festivalen sjølv. Men eg har lege i telt og regna bort der som ungdom, ler Vik.

Søndag 26. juni, på Roskildes andre dag, står ho og bandet saman på scena som ber namnet Rising. Der lyfter festivalen fram band dei har trua på. Fram til konsertane startar på hovudscena onsdag 29.juni, er det på Rising- og Countdown-scenene det skjer, med eit program fullspekka med artistar som held på å etablere seg. Nokre andre representantar frå Noreg er her også, som til dømes rapparen Musti og punkrockbandet Daufødt.

«Då eg gjekk på musikklinja på vidaregåande, var Roskilde det store. Eg har lege i telt og regna bort der som ungdom.»

Elisabeth Vik
Med norske folkesongar på Roskilde
Elisabeth Vik har budd i Danmark i åtte år, og har danske musikarar med seg når ho speler norsk folkemusikk. (Foto: Mads Salbæk)

Gode hjelparar

Elisabeth Vik fortel at bandet hennar har fokusert på å spele få, men viktige konsertar den siste tida.

– Eg samarbeider med bassisten vår, Jakob Kragesand, om strategiar for booking og administrative ting. Han er ein kjemperessurs. No har me nyleg starta eit samarbeid med Inger Bråten i Killer inc i Noreg, og så har me ein dansk bookingagent også. Så no treng me ikkje tenkje så mykje på dei tinga sjølv, seier ho.

Festivalar som Spot og Folk Alliance, som er typiske bransjefestivalar, har fått besøk av bandet det siste året, og til hausten tek dei turen til Noreg for første gong som band.

– I Danmark har organisasjonen Tempi vore ein viktig ressurs for å få oss rundt omkring i landet. Men me har aldri spelt i Noreg før, så det gler me oss til, seier Vik.

Ho flytta frå Noreg som 18-åring, og før det var ho ikkje så inni den tradisjonelle norske musikken. Vik har budd mange stader i verda, både i India, Japan, England, USA, Austerrike og no altså Danmark.

Musikken heimanfrå

– Eg har følgt forskjellige sjangrar rundt omkring og fokusert meir på tradisjonar frå andre land. Det var kanskje først for fem år sidan eg byrja å jobbe profesjonelt med norsk tradisjonsmusikk. Men eg har følgt med på arbeidet til norske folkemusikarar i mykje lengre tid. I 2018 skreiv eg ein master om norsk blåtonesong og mikrotonalt felespel, og i samband med det fekk eg undervising hos blant anna Gunnlaug Lien Myhr. Eg var også med på Masterclass Hardanger eit år, og eg var fleire gonger innom både Ole Bull Akademiet, Musikkhøgskulen og Riksscenen for å samle informasjon, møte tradisjonsberarar og høyre musikk. I Oslo fekk eg også dansa ein del, fortel Vik.

Ho seier også at ho har eit ønske om ein gong å jobbe med musikken frå Ringerike. Men det får kome seinare, sidan ho i dag bur og jobbar eit godt stykke heimanfrå.

Jobbar med debutplata

Som student ved «Nordic master of global music» i Århus, var Elisabeth Vik på nokre samlingar med folkemusikkstudentar frå heile Norden, nemleg Nordtrad. Her møtte ho fleire av dei ho speler i band med i dag.

– Jakob var den første eg tok kontakt med, og så foreslo han namn på folk han meinte det kunne vere fint å hyre. Det har vist seg å vere nokre veldig gode val, seier Vik.

Viik består i dag som oftast av Annelene Toft Christensen på fele, Villads Hoffmann på cittern, Morten Alkjær Lassen på trekkspel, Mårten Hillbom på perkusjon og trommer, Jakob Kragesand på kontrabass, i tillegg til Elisabeth Vik sjølv på vokal.

For tida jobbar dei i studio for å fullføre ny musikk som skal kome ut i år, anten i form av ein lang EP eller ei kort plate, før den ordentlege debutplata kjem i 2023.

Med norske folkesongar på Roskilde
Trekkspelar Morten Alkjær Lassen og vokalist Elisabeth Vik på scena med bandet Viik. (Foto: Peter Langwitz Smith)