Nå nærmar det seg jul. Det blir snart ei lita periode der “alle andre sansar kan få kvile”, som Odd Nordstoga seier i songen sin. Det blir godt. Vi i FolkOrg opplever stor aktivitet i laga gjennom hausten, og stort engasjement og aktivitet både hos arrangørane og dei som konserterer og er på scena på ulike måter. Det er utruleg godt å sjå. 

Folkelarm har kvart år stort fokus på dei utøvande musikarane og dansarane. Vi opplevde at det i år var særs godt oppmøte, det var stort engasjement på seminara og fulle saler på showcasene. Og ikkje minst godt liv på dansegulva! Det er mange problemstillingar og utfordringar som er nyttige å prate ilag om. Målet vårt er sjølvsagt at vi også neste år skal få til nyttig og engasjerende seminarprogram og at Folkelarm skal kjennast relevant for alle å kome på. 

Vi er veldig tilfredse med at argumentasjonen vår inn mot kulturdepartementet og familie- og kulturkomiteen på stortinget har virka! Frå 2025 fekk vi auka driftstilskotet til FolkOrg, slik at vi no skal få arbeidd enda tettare inn mot lokal arrangør av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. 

Dette har gjeve oss moglegheit til å opprette ei heilt ny stilling som rådgjevar for Landskappleiken og Landsfestivalen. Frå mars får vi tilsaman to heile rådgjevarstillingar for dette området: Ein med hovudansvar Landskappleiken og ein med hovudansvar for Landsfestivalen. Sistnemnde stilling vart utlyst internt og Liv Annette Nygjerdet, som har lang erfaring både innan kommunikasjon og arrangementa, er no tilsett i denne nyoppretta stillinga. Ho tek til i stillinga frå 1. mars 2025. Sina Myhr har jobba som rådgjevar for kappleik og festival sidan 2019, og ho held fram i si stilling men får frå 1. mars eit hovudansvar for Landskappleiken. FolkOrg får no to rådgjevarar med brei erfaring og stort engasjement for både Landskappleiken og Landsfestivalen. 

- Vi har gode erfaringar med å jobbe tett på dei lokale arrangørane, og vi gler oss til at vi no kan ha større fokus på arrangementa gjennom heile året. Både kappleiken og festivalen har med åra utvikla seg til å bli større og meir komplekse arrangement, og målet er å bidra til å lette arbeidet for lokal arrangør gjennom mellom anna å utvikle og tilby nye verkty og system, seier dei to rådgjevarane. 

Liv Annette Nygjerdet går ut av den kommunkasjonsrådgjevarstillinga ho har hatt i FolkOrg til nå, og denne er nå utlyst. Dette er ei kommunikasjonsrådgjevarstilling med ansvaret for informasjon- og kommunikasjonsarbeidet i FolkOrg generelt, samt får ein del ansvar knytt til ulike prosjekt i organisasjonar. Om du er interessert i kommunkasjonsarbeid - OG driv med folkemusikk og folkedans - da er dette draumejobben. Sjå meir info inne på folkorg.no

Liv Annette Nygjerdet og Sina Myhr er rådgjevarar i FolkOrg
Rådgjevarteamet for LK og LF, Liv Annette Nygjerdet og Sina Myhr.

FOLKLEIARUNG

FolkleiarUng er no inne i si fjerde runde. 22.-24. november møttes årets 15 deltakarar (10 på dans og 5 på musikk) i Oslo for fyrste samlingshelg. Deltakarane skal gjennom prosjektet få inspirasjon og kunnskap om rolla som pedagog og leiar av folkemusikk og folkedans. Målet med prosjektet er å gje unge musikarar og dansarar ein møteplass der dei får mogelegheit til å utvikle seg som pedagog og leiar. På samlingshelgene er det fokus på fordjuping i eiga sjanger, formidling, erfaringsdeling, didaktiske tips og triks, og samdans og samspel. Deltakarane skulle til denne kurshelga førebu seg med ei praktisk oppgåve som dei skulle presentere for dei andre. I tillegg til fagleg kurs på dagtid, deltok alle på konserten "Langeleiken 500 år" med påfølgande dansefest på Riksscenen.

Instruktørane i prosjektet er Anna Gjendem og Ina Maria Cyrus på dans, og Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland på musikk. FolkleiarUng er eit samarbeidsprosjekt mellom FolkOg og Noregs Ungdomslag, finansiert av midlar frå Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB.

Siste samlingshelg er i april på Rauland. Mellom samlingshelgene skal deltakarane få oppfølgingsbesøk av ein av instruktørane som skal observere og gje attendemelding på deltakaren i si undervisning og instruksjon.

Vi har som mål at FolkleiarUng skal vere utviklande både som utøvar men også som instruktør og leiar, og at FolkleiarUng kan vere eit godt bidrag til lokallaget ved at unge, dyktige utøvarar får med seg kunnskap og erfaring attende til laget. 

REKRUTTERINGSSEMINAR PÅ FOLKELARM OG NY DEXTRA-UTLYSING

FolkOrg arrangerer kvart år rekrutteringsseminar i samband med Folkelarm. Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid. 

På årets rekrutteringsseminar var det presentasjon frå tre ulike prosjekt som har fått rekrutteringsmidler frå Dextra Musica i 2024. Dette var FolkRekrutt Røros, Folkedansespor i skular i Sogn og Fjordane og Dansefolk i Bergen UL Ervingen. Det var godt oppmøte på seminaret, og mange gode samtalar om kva godt rekrutteringsarbeid er.

Sidan 2017 har FolkOrg fått midlar frå Dextra Musica og Sparebankstiftelsen, og vi lyser no ut ny runde med rekrutteringsmidler til større prosjekt innan folkemusikk og folkedans for barn og unge. Søknadsfristen er 31. januar, du kan lese meir om utlysinga og sende inn søknad her: Utlysing rekrutteringsmidler Dextra Musica.

NY REDAKTØR - NYE VINKLINGAR  - NYTT INNHALD 

Kjellbjørn Karsrud vart før sommaren tilsett som ny redaktør i bladet Folkemusikk. Det fyrste bladet hans som redaktør kom i september, og har motteke stor åtgaum. Årets siste nummer er på veg til abonnentane. Har du tips til saker redaktøren bør gå laus på, personar han bør prate med, eller prosjekt som burde få søkeljos, ta kontakt med redaktøren på kjellbjørn@folkemusikk.no. 
 
Vi i FolkOrg vonar flest mogleg av medlemmene våre held bladet, og på denne måten støtter opp om det journalistiske arbeidet på folkemusikk- og folkedansfeltet. Som medlem får du eit heilt års abonnement for berre 400 kr - det meiner vi er ein GOD pris for fire eksemplar av eit innhaldsrikt høgkvalitetsblad om folkemusikk- og folkedansfeltet. Gå inn her for å tinge.  
 
Kva med å gje bort eit abonnement som årets julegåve? Ta kontakt med Jorun for ordning av dette: post@folkorg.no.
 
 

STØNADSORDNINGAR FOR LOKALLAGA 

Vi ser at det er fleire og fleire lag som nyttar seg av dei mange tilskotsordningane som finns. Særleg i september og oktober har det nå vore mange, og vi vonar også mange søkte på Norsk musikkråd si ordning som hadde frist 1. november. Utlysinga for ny runde med rekrutteringsmidler frå Dextra Musica ligg allereie ute med søknadsfristen 31. januar 2025. 24. februar er det søknadsfrist for kompensasjon av TONO-utgifter for lokallag og områdelag. Etter det kjem FolkOrg sitt Aktivitetstilskot, denne ordninga har søknadsfrist 15. april 2025. Følg med jamt og trutt inne på nettsidene til FolkOrg her for info om dei ulike støtteordningane. Under Landsmøtet 2025 kjem vi til å ha eitt seminar/kurs med fokus på organisasjonsarbeid og søknadsskriving. 

Vi har også nett fått vite at ordninga Økt deltakelse i musikkorganisasjonene vidareførast til 2025. Dette gjer at vi truleg også i 2025 kan gje tilskot til lokallaga som kan støtte juniorar som vil reise og stille på LK og LF. Vi kjem attende med meir info om dette utpå våren. 

LOKALLAGSPRISEN OG ELDSJELPRISEN FOR 2025

Veit du om eit lokallag som fortener heider for arbeidet sitt? Eller kjenner du ein person som fortener heider og ære for sin frivillige innsats for folkemusikk- og folkedansmiljøet i Noreg? FolkOrg deler ut Lokallagsprisen 2025 og Eldsjelprisen 2025 under Landsmøtet 25. - 27. april. Les meir om prisane og nominer dine kandidatar her: Eldsjelprisen 2025 og
Lokallagsprisen 2025.

KVEN VIL ARRANGERE LF OG LK I 2027, 2028 og 2029?

Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal vere gode møteplassar for song, spel og dans, det skal vere mønstring og tevling og dansefesten skal stå i høgsetet. I åra framover treng vi framoverlente, engasjerte og dyktige arrangørar. Nå har FolkOrg lyst ut arrangementa for 2027, 2028 og 2029. Er ditt lokallag ein aktuell arrangør? Sjå meir info her.

LOKALKAPPLEIKAR

Gjennom året er det mange lokalkappleikar rundt om i landet. Dette er fine arenaer særleg for dei yngre til å vise seg fram. Vi oppmoder særleg områdelaga og regionale senter til å bidra med desse. Og ikkje minst oppmodar vi til å teste ut ulike former og ulike variantar av tevling. Kva med dansefinale på kvelden? Kva med å ikkje rangere heile klassene slik at det blir enda lågare terskel for å delta? Treng ein å gje poeng til alle? Det er mange ulike variantar ein kan gjere på lokalkappleiknivå. Og dersom arrangørlaget er medlem i FolKOrg får ein moglegheit til å bruke KappleiksAdmin frå FolkOrg. 

Særs gledeleg er det nå at Gudbrandsdalskappleiken skal arrangerast att - det er nokre år sidan. Denne er i Vågå i slutten av januar i samband med Folkemusikktreffen. I tillegg blir det Distriktskappleik i Oslo i slutten av mars. Distriktskappleiken er kappleik for vanlegfeleområde, og har ikkje blitt arrangert sidan 2004. Ellers er det både Sogn og Fjordanekappleik, Markenskappleiken, Vinterkappleiken på Rauland, samt fleire andre, utover vinteren og våren. 

LOKALLAGSKAFFI 

FolkOrg ønsker å skapa eit tettare samarbeid og dialog mellom sentralleddet og lokallaga i FolkOrg. Vi inviterer no til ei ny runde med digital lokallagskaffi. På lokallagskaffien ønskjer vi å høyre om korleis det står til rundt omkring i lokallaga, og vi vil òg nytte høve til å informere om nyhende og aktuelle tema for lokallaga.

Lokallagskaffi foregår på Teams der vi sjølv tek med oss kvar vår kaffikopp og pratar uformelt om ulike tema. Vi ynskjer at dette skal vere eit forum kor styremedlemmar, og medlemmar forøvrig, kan møte kvarandre og dele erfaringar.

Vårens datoar:

  • Onsdag 12. februar kl. 17.00 - Kulturrom
  • Torsdag 13. mars kl. 19.30 - Norsk senter for folkemusikk og folkedans
  • Onsdag 2. april kl. 17.00 - StyreWeb
Årets Folkemusiker - Tuva Syvertsen; Årets unge folkemusiker og vinner av Introfolk 2024 - Martin Steinum Brun; Årets Bransjeaktør - Terje Foshaug. Foto: Anders Lillebo

FOLKELARM 2024 

Folkelarm vart gjennomført 14.- 17. november i 2024, på Riksscenen i Oslo. 26 ulike showcaseartistar fekk vist seg fram for eit stort publikum, samt 30 internasjonale delegatar og over 100 norske bransjedelegatar. Nytt av året var m.a. at me opna Folkelarm torsdagen med finalekonserten forIntrofolk. Me flytta Folkelarmprisen til laurdagen og utvida Folkelarm med ein familiedag på sundagen. Vi hadde også eit samarbeid med Global North Network og Showcase Scotland. Gjennom desse samarbeida fekk me høve til å showcase to skotske artistar og tre internasjonale tradisjonsmusikarar som er busette i Norden.

Vi gjennomførte 18 seminar dagtid, to dansekurs, rekrutteringsseminar og inviterte til Marked & Musikk laurdag der organisasjonar, artistar, plateselskap viste fram prosjekta sine. Det var bok- og CD- sal og små musikalske innslag. Laurdag var det også utstilling av instrument i samarbeid med Norsk instrumentmakarforeining. 

Meir om Folkelarm og vinnarar av Folkelarmprisen 2024 på Folkelarm sine sider, og bilete frå arrangementet finn du på våre sider på Flickr. 

INTROFOLK 2024

FolkOrg har arbeidd lenge for at vi skal få til Introfolk igjen nå i 2024, og etterkvart fekk vi med både Sparebankstiftinga og Talent Norge på laget! Introfolk er eit mentor- og lanseringsprosjekt der seks utvalgte unge folkemusikkartistar skal arbeide i løpet av hausten for å bli enda betre og tryggare artistar. 

Seks artistar vart valgt ut etter søknadsrunde: Amalie K. Tvilde, Åsmund Farstad, Trygve Liahagen, Andrea Søgnen, Vera Sonne og Martin S. Brun. og møttest for mentorering og aktivitetar på Voss i forkant av Osafestivalen. Dagane vart avslutta med med ein Introkonsert der ein jury valgte ut tre artistar til å gå vidare til finalen under Folkelarm torsdag 14. november kl 20. Årets finalister vart Åsmund, Amalie og Martin. Vinnar av årets Introfolk og som fekk utnemninga Årets unge folkemusiker, vart offentliggjort under Folkelarmprisen 2024, nemleg Martin Steinum Brun. FolkOrg gratulerer! 

Meir om Introfolk på Folkelarm sine sider. 

DIGITALE MØTER FOR YRKESUTØVARAR 

FolkOrg ynskjer å samle yrkesutøvarmedlemmene til faste digitale møter. Tema for møtene kan sendast til: annhelen@folkorg.no. Vårens datoar:

  • Tysdag 4. februar kl. 17.00
  • Tysdag 4. mars kl. 13:00
  • Tysdag 8. april kl. 17.00 
Landsmøte 2025

KOM MED INNSPEL TIL VALNEMNDA SITT ARBEID

I april 2025 er det tid for Landsmøte i FolkOrg der organisasjonen skal velge nytt styre, fagutval for yrkesutøvarar og tilsynsnemnd. Valnemnda i FolkOrg er godt i gang med arbeidet fram mot landsmøte og ynskjer no innspel til nye kandidatar til verv i organisasjonen. Er du interessert i å engasjere deg i eit verv eller har du tips til gode kandidatar som kan passe i eit av verva i styret, yrkesutøvarutvalet eller tilsynsnemnda? Send oss ditt innspel!

Frist for å sende innspel: fredag 10. januar 2025. Innspel sendast skriftleg på e-post til ein eller fleire av medlemmene i valnemnda.

GNIST-APPEN OG OPPDATERING AV EPOST-ADRESSER

Vi får ganske mange feilmeldingar ved utsending av epost til medlemane våre. Dette heng ofte saman med at epostadressa ikkje er oppdaterte hjå dei enkelte. Dette kan du som medlem lett gjere sjølv inne i GNIST-appen. Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du epost-adressa di. Jo fleire som gjer denne oppdateringa, jo betre for både oss sentralt, men også for lokallaga som også kan nytte StyreWeb til å sende ut meldingar.

Det er også viktig at lokallagene legg inn styremedlemmer i laget i Styreweb. På denne måten får vi i FolkOrg oversikt over kven vi skal ta kontakt med dersom det er noko, og at styremedlemmene får den riktige informasjonen og dei riktige invitasjonane.  

SMÅNYTT SIDAN SIST

Frå hausten 2024 vart det oppretta heiltidsstudium i utøvande folkedans. Vi vonar mange søker nå for oppstart hausten 2025. Frist 6. januar. Sjå utlysing på USN sine sider

Landsmøtet for FolkOrg i 2025 blir helga 25.-27. april i Oslo. Meir info om dette finn du her. Siste frist for å kome med saker til landsmøtet 2025 er 15. januar. 

Og til dei som ikkje har sett det før, så ligg årsmeldingane for FolkOrg ute her. Der ligg også det ganske omfattane årsmeldinga frå jubileumsåret 2023. Denne årsmeldinga vil bli gjennomgått på Landsmøtet i 2025.

Vi i FolkOrg er der for å rådgje og vegleie både enkeltmedlemar og lokallaga. Ta kontakt om det er noko. Kontaktinfo finn du her.

God jul og godt nyttår, helsing alle oss i FolkOrg.