Les også: Storslått jubileumsfeiring. Med nærmare tusen til stades og H.K.H. Dronning Sonja som celeber gjest, vart det ei storslått feiring av hundreårsjubileet til FolkOrg i Grieghallen.
Johan Vaa
Det har vore triveleg og i hovudsak eit vellukka arrangement som er ein hundreåring verdig. Konserten var imponerande, ikkje minst dei store innslaga med mange unge rekruttar. Det lét faktisk brukeleg. Men eg sakna tradisjonell dans. Ikkje nødvendigvis frå mange område, men når ein var i Bergen kunne det vore ein vestlandsspringar. Nyskapinga tok likevel ikkje overhand. Samla sett er eg positiv.
Eg har ikkje fått studert jubileumsboka i detalj. Men på lanseringa hadde det ikkje teke lang tid å bede forfattarane som var til stades om å reise seg.
Maria Høgetveit Berg
Eg likte jubileumskonserten veldig godt. Det var ei flott redigert og ikkje minst godt koreografert forestilling. Det var verkeleg artig, særleg med dei små ungane. Kanskje det kunne vore eitt innslag med tradisjonell dans og ikkje så mykje «hopp og sprett». Men du kan ikkje få med alt, og dans skal vere moro. Eg synest bygdedansen no er flytta for mykje opp på scener som solodans og at det sosiale er blitt litt borte.
Eg synes det var artig å høyre korleis redaktørane hadde arbeidd med jubileumsboka. Eg gler meg til å få lesa ho i fred og ro.
Hilde Bjørkum
Det har vore ei heilt strålande helg som starta med Vestlandskappleiken fredag kveld. Den var prega så mykje av unge og unge vaksne, både tevlingane og dansegolvet etterpå. Det viser ei enorm kraft i miljøet, med aldersspenn frå null til nesten hundre. Kvar gong vi møtest på kappleikar og festivalar blir det som eit utvida slektstreff.
Jubileumskonserten var flott samansett. Det glei så godt og profesjonelt. Vi fekk presentert mange utøvarar og ei blanding av det tradisjonelle og nyskapande. Noko meir kunne ein sjølvsagt ønskt seg, men det er umogleg å få med alt. I det store og heile var dette strålande.
Eg har berre fått bladd i boka. Det er blitt ei praktbok med mange flotte bilete. Redaktørane har gjort eit stort arbeid. Det er artig å kunne sjå tilbake på alt som har skjedd.
Svein Nesje
Jubileumskonserten var framifrå. Programmet var innhaldsrikt. Eg sakna innslag frå nokre distrikt, men det er ikkje råd å få med alt. Eg vil også trekke fram konserten med Knut Buen, han var i sitt «ess». Det var ei oppleving.
Det verkar å vere ei flott jubileumsbok. Dei ansvarlege har fått med mykje. Kanskje det kunne vore med litt meir frå skipinga av Landslaget i 1923. Mor mi, Brita Eldegard, debuterte faktisk på kappleiken 14 år gamal, saman med Sigbjørn Bernhoft Osa som var 13 år. Begge fekk «umframt premie» og er med på biletet av deltakarane.
Hallgrim Berg
Jubileumskonserten var ei stor oppleving. Det er sikkert vanskeleg å få stappa inn noko meir, men eg sakna nok bygdedansinnslag som viser noko av særpreget og den organiske samanhengen mellom spel og dans. Dette var ein fin rekrutteringskonsert for dei som ikkje er så heilhuga som nokre av oss.
Eg registrerer at vi har fått ei uvanleg jubileumsbok. Det er ingen samla framstilling av historia, men mange spreidde synspunkt. Det kan vere bra nok. Det blir spennande å sjå og lese alt som er med.
Åse Teigland
Konserten var veldig, veldig flott. Det vart noko heilt anna enn eg hadde sett føre meg, sjølv om eg visste kven som skulle vere med. Jubileumskonsertar blir gjerne ein lang historietime med takketalar, heider og ære. Her fekk vi presentert utruleg mykje bra på ein flott måte. Konserten flaut av garde utan avbrot. Det var berre ei stor, flott forestilling med eit program som gjekk og gjekk. Det var kjekt å vere publikummar.
Camilla Granlien
Eg synest det har vore ei fantastisk helg i Bergen. Som nestleiar i FolkOrg har eg vore med i ein jubileumskomite som har kome med idear, men ikkje gjort jobben. Eg var spent på resultatet. Konserten var veldig fin. Det var høgtid då Dronninga kom, men samtidig laust og ledig slik miljøet vårt er. Det er seriøst og samtidig mykje humor, latter og glede. Dette kom godt fram på konserten. Ulike aldersgrupper vart representerte og ulike instrument, med innslag frå mange område.
Jubileumsboka ser skikkeleg flott ut. Det er ei bok ein kan ta fram og finne noko interessant, utan å lese alt. Her er gjort eit ekte, ærleg arbeid for å fram dei mange historiene og eldsjelene i miljøet. Eg trur folk vil kjenne seg igjen i det som står i boka. Dette er ei fin julegåve.
Sigmund Eikås
Dette har vore ei flott jubileumshelg. Vêret er det einaste eg var misnøgd med. Det var ein herleg konsert med Knut Buen i samtale med Kristian Hanto. Her fekk vi også tradisjonell dans frå scena. Det sakna eg i hovudkonserten. Etter mi meining burde det vore med meir frå feleområda i aust og nordover, og også samisk sjølv om det ikkje står så sterkt i organisasjonen. Men elles var konserten flott. Det var god regi og flyt heile tida.
Eg har berre bladd i boka. Eg reknar med det er mykje interessant. Det er sikkert noko eg vil sakne, men det er uråd å gjere alle til lags.
Annbjørg Grevskott
Det har vore ei veldig fin helg der ein fekk treffe mange kjende. Det var så artig å høyre på konserten med Knut Buen i samtale med Kristian Hanto. Knut spelar bra og tenker nesten enda betre. Det var så god regi på dette innslaget. Eg var også på boksleppet. Du verden for ein jobb som er gjort, med så mange bidragsytarar og bilete. Det er heilt enormt.
Konserten var variert og artig samansett. Det nyttar ikkje å få med heile landet på halvannan time. Eg likte «døgeniktane» (Ådne G. Kolbjørnshus og Vetle Springgard, red. merk.), som fekk fram mykje gjennom sine innslag. Så var det artig med alle ungane, som representerer framtida, saman med godt vaksne. Eg brenn for den tradisjonelle bygdedansen. Den så eg ikkje så mykje til. Og nokre fleire område kunne kanskje vore representert. Men det er ikkje råd å få med alt.
Asbjørg Sølvberg
Dette vart ei veldig kjekk helg. Eg fekk med meg det meste på Vestlandskappleiken. Der opplevde eg ein av dei finaste opningskonserten eg noko gong har opplevd, framført av fantastisk flinke ungdomar. Eg fekk også med meg ein flott konsert med Knut Buen.
Det var ein flott jubileumskonsert. Det som imponerte meg aller mest, var dei utradisjonelle hallingdansarane. Det gav programmet ein løft. Dei kom også med viktige synspunkt og samtidig med imponerande oppvisning i balansekunst.