Vi er veldig tilfredse med at argumentasjonen vår inn mot kulturdepartementet og familie- og kulturkomiteen på stortinget har virka! Frå 2025 fekk vi auka driftstilskotet til FolkOrg, slik at vi no skal få arbeidd enda tettare inn mot lokal arrangør av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. 

Dette har gitt oss moglegheit til å opprette ei heilt ny stilling som rådgjevar for Landskappleiken og Landsfestivalen, slik at vi nå tilsaman har to heile rådgjevarstillingar for dette området. Denne stillinga vart utlyst internt og Liv Annette Nygjerdet, som har lang erfaring både innan kommunikasjon og arrangementa, er no tilsett i stillinga. Ho tek til i denne stillinga frå 1. mars 2025. Sina Myhr, som har jobba som rådgjevar for kappleik og festival sidan 2019, held fram i si stilling, men no utan andre ansvarsområder enn kappleik og festival. FolkOrg får no to 100 % ressurar som har god og brei erfaring med både Landskappleiken og Landsfestivalen. 

Både Sina og Liv Annette har jobba med rådgjeving inn mot arrangementa i mange år. “Vi har gode erfaringar med å jobbe tett på dei lokale arrangørane og vi gler oss til at vi no kan ha større fokus på arrangementa gjennom heile året. Både kappleiken og festivalen har med åra utvikla seg til å bli større og meir komplekse arrangement, og målet er å bidra til å lette arbeidet for lokal arrangør gjennom mellom anna å utvikle og tilby nye verkty og system” seier dei to rådgjevarane. 

Liv Annette Nygjerdet går ut av den kommunkasjonsrådgjevarstillinga ho har hatt i FolkOrg til nå, og denne vert lyst ut ganske snart. Dette er ei kommunikasjonsrådgjevarstilling med ansvaret for informasjon- og kommunikasjonsarbeidet i FolkOrg generelt. Om du er interessert i kommunkasjonsarbeid - OG driv med folkemusikk og folkedans - da er dette draumejobben. 

Her kan du lese meir om den no ledige kommunikasjonsrådgjevarstillinga og sende inn din søknad.