Når FolkOrg på sitt landsmøte til helga skal diskutere satsingsområde for framtida, støttar vi opp om forslaget om å prioritere arbeidet med og for yrkesutøvarane. Med å prioritere meiner vi særleg at administrative ressursar må ha kompetanse og avsett tid til å arbeide med kulturpolitiske og faglege saker som særleg gjeld yrkesutøvarfeltet.
Folkemusikkmiljøet er samansett, prioriteringar og aktivitet treff ikkje berre ei gruppe eller delar av miljøet, det meste heng saman. Vi meiner likevel at det er fleire politikk- og fagområde som særleg treff yrkesutøvarane. På desse områda er det naudsynt at FolkOrg, som representant for folkemusikarane, har kompetanse og ressursar til å vere med å styre utviklinga på feltet.
I møtet med ein musikkbransje der sterke marknadskrefter rår har folkemusikken heilt eigne behov. I samarbeid med andre organisasjonar kan ein stå saman om dei overodna prioriteringane, men FolkOrg må på eige grunnlag legge premissa for det faglege arbeidet i eigen organisasjon og vere talerøyr for desse interessene overfor andre.
Vi vonar landsmøtet gjer gode vedtak og ser fram til eit styrka arbeid for yrkesutøvarane – det vil gagne heile miljøet!
Signert: Rasmus Kjorstad, Synnøve Brøndbo Plassen, Mattias Thedens, Hans P. Kjorstad, Silje R. Liahagen, Sarah-Jane Summers, Karl Seglem, Tuva Syvertsen, Bjørn Kåre Odde, Sivert Holmen, Mari Skeie Ljones, Helga Myhr, Åshild Vetrhus, Lene Furuli, Silje Onstad Hålien, Jo Einar Jansen, Astrid Garmo.
Meir landsmøterelatert:
Føreslår auka satsing på yrkesutøvarar