Arrangørane av den Folkemusikktreffen siste helga i januar, den 32. treffen på like mange år, var spente på kor mange som ville finne vegen til opningskonserten. Men Jutulkroa på Vågå Hotel var fylt til trengsel. Det var kanskje ikkje så rart: Det hadde nemleg lykkast å få spleisa saman vinnarane i fele og hardingfele frå Landskappleiken i Vågå sist sommar.
Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje vann hardingfeleklassa for fjerde gong, han er berre 33 år gammal. Erlend Viken frå Oppdal, eitt år yngre, vann landskappleiken på vanleg fele før første gong. Den siste fredagskvelden i januar kvitterte dei med meisterkonsert i Vågå, toppa med ei aldri så lita felles urframføring av Myllarspringar i form etter Knut Dale frå Tinn.
Fleire ekstranummer
Erlend Viken kjenner vi her i dalom godt frå samarbeid med Aslak Brimi. Viken var også med i orkesteret til Georg Buljo under avslutninga av Tor Jonsson-jubileet seinhaustes. I unge år gjekk han landslina i folkemusikk på Vinstra vidaregåande skule.
– Eg lærte mykje av Nina Furuli, læraren vår, sa Viken, og spelte to springleikar han hadde lært av henne. Viken røpa at det som 15-åring var stort å få reise på Folkemusikktreffen og få spela i lag med forbildet Leif Inge Schjølberg. Dei fleste slåttane han spelte var oppdals- og nordmørsslåttar, lært av faren. Men han varta også opp med ein polska frå Orsa – ein av hans favorittlåtar, fortalde han.
Kåsa opna feststunda med gangaren «Gudbrandsdølen», og las opp regla om «han som åt opp maten, drakk opp mjøden og låg med jentun på bakstefjøla …» Den særeigne spelemannsinnlevinga var der frå byrjinga. Kåsa er ein spelemann og ein lun forteljar, ein formidlar i ordets beste forstand.
Det er sjeldan å få oppleva ein felles konsert med dei kanskje to beste spelemennene på fele og hardingfele nett no. Publikum var entusiastisk, og taktfast applaus lokka fram fleire ekstranummer frå dei to.