Folkemusikken og folkedansen har fått sitt #metoo-opprop, i Aftenposten 17. november 2020. «Me opplever det i det store og heile som eit godt miljø», står å lese i oppropet signert 58 sentrale personar i miljøet. «Det er sterke sosiale band, folk møtest i felles kjærleik til og interesse for folkemusikken- og folkedansen. Men i delar av miljøet er ein mannstung og patriarkalsk tanke- og veremåte framleis dominerande.»

Oppropet er nok ubehageleg lesnad for mange, men vi bør alle takke for det og ta det på alvor. Underskrivarane ber Norsk senter for folkemusikk og folkedans om å ta ansvar, eit ansvar senteret uttaler i Dagsnytt 18 at det ønsker å ta. FolkOrg skriv i ein kronikk i GD at dei vil ta Balansemerket, eit merke tildelt av foreininga Balansekunst som gir kurs og rettleiing i korleis ein motarbeider trakassering og maktmisbruk i kulturlivet. Merket blir berre tildelt for eitt år av gangen, så det ikkje skal bli ei sovepute.

#metoo er meir enn kjønnskamp

Les meir:

Etterlyser tiltak mot trakassering i folkemusikkmiljøet – NRK.no 18.11.2020

Oppropet i Aftenposten 17.11.2020

Fleire lokal- og regionsavisar har omtalt saka.

I Folkemusikken og -dansen, som i kulturlivet elles, er ein ofte på fest. På fest må ein ta godt vare på alle deltakarane, slik at dei hugsar festen som noko positivt, og kjem på neste fest. Dette er òg godt rekrutteringsarbeid. FolkOrg utarbeidde retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep alt i 2013, og dei må bli ein del av samtalane ein har på folkemusikk- og dansearenaene, og i kulturlivet elles.

Å føre ein tradisjon og eit handverk vidare, inneber at ein person med kunnskap lærer opp ein eller fleire andre personar, som regel yngre enn læraren. Det ligg makt i kunnskapen og erfaringane som følger med høgre alder. Ein tradisjonsberar har makt – formell, uformell eller begge delar. Som redaktør for magasinet Folkemusikk har eg formell makt, og det same har festivalsjefar, styremedlemmer, kappleiksdommarar og andre. All makt kan misbrukast, og gjennom at ein seier det høgt og pratar om det i miljøet, blir det lettare å seie ifrå for den som opplever eller ser noko.

Tenker ein at #metoo er «rein kjønnskamp», er vegen kort til skyttargravane, til «ikkje alle menn …»-argumentasjon og snevert fokus på brotsverk og juss. Men nett som tryggleik i trafikken, handlar tryggleik i kulturlivet om meir enn juss. Det handlar om at alle blir litt meir merksame, og at skal ein endre noko, må ein ut av vande mønster. Ein einskild episode tyder kanskje lite, men summen av mange små overtramp kan vere like ille som eit enkelt overgrep.

#metoo handlar om å stille nokre ubehagelege spørsmål, og å lytte skikkeleg til alle svar ein får. Korleis opplever ulike deltakarar i folkemusikken og -dansen maktstrukturar og kjønnsrollemønster? Korleis motarbeider vi best maktovergrep? Er det behov for eit eige ombod for folkemusikken og folkedansen, eller er ein betre tent med felles strukturar for kulturlivet? (Foreininga Balansekunst har forresten ein rettleiingstelefon alle kan nytte.)

Vi må òg tore å snakke om haldningar, og pirke i gamle sanningar. Er det greitt at vaksne kvinner så ofte blir omtala som «jenter», frå kappleiksscener og stundom òg i magasinet Folkemusikk, når vaksne menn mykje oftare blir kalla «menn»? Er omgrepet «spelemann» alltid greitt? Er det på tide av vi får nokre spelarlag i tillegg til alle spelemannslaga? Er det for mange bilde av menn spelande på feler og hardingfeler i Folkemusikk?

La oss lese oppropet i Aftenposten ein ekstra gong. La oss saman finne ut korleis vi kan gjere Folkemusikk- og Folkedans-Noreg endå meir inkluderande, og gjere maktmisbruk og overgrep vanskelegare. Som det står til slutt i oppropet: «Me treng at miljøet vedkjenner seg at det skjer, og grip inn. Me treng eit djupdykk i dette og tiltak for å sikra den framtida me ynskjer for komande generasjonar i folkemusikken og folkedansen.»