Tekst: Jostein Aardal og Kjellbjørn Karsrud

– Vi er svært fornøgde med resultat seier festivalsjef Britt Elise Skram som kan fortelje om eit overskot på 1.077.000 kroner. Altså ikkje noko cirka beløp altså frå arrangørane som har hatt god kontroll på økonomien.

Overskotet kjem både av meirinntekter på konsertar og reduserte kostander på fleire postar.

– Vi har vel hatt litt flaks, meiner ei smålåten Britt Elise Skram. Skram vart for øvrig honorert som dyktig deltakakar både i solo- og samspel under Landsfestivalen.

Det gode resultat for Landsfestivalen 2024 kom blant anna av mykje folk på konsertane, som her i ei fullsett Vestnes kyrkje med blant andre Honndalstausene som trekkplaster. Foto: Jostein Aardal

I forhold til budsjett kan arrangørane notere fleire betalande på konsertane. Det galdt med Bjørn Tomren i Vestneshallen og åpningskonserten i Vestnes kyrkje med blant andre Honndalstausene. Og gammaldanshistoria med Arild Hoksnes som programleiar vart fort utseld.

– Vi har selt litt færre festivalpass og dagbillettar enn Landsfestivalen i Førde i fjor. Men vi fekk veldig god respons frå lokalmiljøet på konsertane, konstaterer Skram.

Det gode resultat for Landsfestivalen 2024 kom blant anna av mykje folk på konsertane. I kulturprogrammet var blant andre trioen Viggo Valle, Arild Hoksnes og Odd Arne Halaas, som tok med seg publikum på ei nostalgisk reise attende til radioen sin glansperiode. Foto Kjellbjørn Karsrud.

Landskappleik neste?

Til saman hadde arrangørane hjelp av cirka 250 personar under arrangementet, dei fleste frå lokalmiljøet og resten av fylket. Sist laurdag var det frivilligfest i Tresfjord skule. Rundt 80 personar deltok. Og tilbakemeldingane frå dei frivillige er eintydig: Dei gjerne vere med på fleire arrangement.

– Er det aktuelt å søke om å arrangere Landskappleiken i Vestnes?

– Nei, det trur eg ikkje. Vi har ikkje nok kapasitet verken når det gjeld scener eller overnatting.

– Kva med landskappleik i Åndalsnes, Molde eller Ålesund?

– Det har vi ikkje diskutert. Eg trur det kan vere ein fordel at Landsfestivalen og Landskappleiken blir arrangert utanom byane. Då blir det meir samling og merksemd om det som føregår, meiner Skram.

Mange svinga seg i dansen i Vestneshallen som var hovudarena under Landsfestivalen. Foto: Jostein Aardal

Overskot til aktivitet

Fleire stader i Møre og Romsdal er det god aktivitet innan folkemusikk. Fylkeslaget har ikkje bestemt kva overskotet skal nyttast til. Men at det blir til rekruttering er klart.

– Fylkeslaget har eigne tiltak og aktivitetar. Og vi vil gje direkte støtte til laga som bidrog til overskotet på Landsfestivalen. Men vi skal ikkje bruke opp alle pengane med ein gong, fastslår Britt Elise Skram.

Også Landskappleiken gjekk med dundrande overskot

Det er tidlegare gjort kjent at også Landskappleiken på Gol gjekk med kjempeoverskot, mykje takk vere vellukka matservering og eit velvillig næringsliv som har bidratt med store sponsorinntekter.  Heile to millionar kroner sit hallingane att med, og arrangørlaget Gol spel- og dansarlag har signalisert at dei vil bruke mykje av overskotet på rekrutteringsarbeid. 

God stemning utanfor matteltet under Landskappleiken på Gol. At mat- og drikkeserveringa fungerte særs godt, var ein av suksessfaktorane på Gol. Foto: Jostein Aardal.

Dei har også ein fordelingsnøkkel med dei andre spel- og dansarlaga i regionen som har bidratt med mange dugnadstimar. Heile 460 dugnadsfolk var i sving under kappleiken i år. Desse blir inviterte på dugnadsfest på Storefjell 1. februar.

Kappleiksgeneral Magne Øynebråten seier til Hallingdølen at det ikkje er uaktuelt å ta på seg arrangementet også i framtida, men han trur ikkje det blir aktuelt så tidleg som i 2027. FolkOrg står som kjent utan arrangør av landskappleik dette året, enn så lenge.