Gunnar vart fødd i Bygland, tok lærarutdanning og magistergrad i etnologi i Bergen. Han arbeidde og var busett fleire stader, men var alltid rotfest i Setesdal der han budde til det siste i Valle.

Hans yrkesaktive virke var omfattande, blant anna leiar for folkemusikksamlingane ved Etno-folkloristisk institutt (1976), redaktør for Spelemannsbladet (1978–1988) og rektor ved Ole Bull-akademiet på Voss (2003-2012).

Dessutan var han som fagmann aktiv og engasjert på fleire område, også som leiar av Norsk Folkemusikklag (1998-2001). Men ikkje minst spelemann, heilt til det siste.

Eg vart kjent med Gunnar på 1980-talet som medlem av redaksjonsnemnda då han var redaktør i Spelemannsbladet. Det har alltid vore stort engasjement og tidvis sterke ytringar i folkemusikkmiljøet. Dei siste åra som redaktør vart særs turbulente med diskusjonen om Landslaget for spelemenn (LfS) skulle engasjere seg meir også for gammaldansen med ein eigen festival.

På LfS-årsmøte i Stryn i 1985 vart det fleirtal for å etablere gammaldansfestival. Det endelege vedtaket vart fatta på årsmøtet i Oslo i 1986. Alle som var med då, veit at det var kontroversielt, ikkje minst i områda han sjølv kom frå.

Gunnar hadde klåre meiningar og var ikkje redd for å målbere dei, uavhengig av kva andre måtte meine. Samtidig var han ein som kunne samarbeide. Ein raus mann med syn for mangfold er noko mange vil hugse han for.

Få har sett så store spor etter seg innan norsk folkemusikk som Gunnar Stubseid. Foto Spelemannsbladet

Namnet Stubseid hadde Gunnar frå Sunnfjord. Første boka han gav ut, «Tippe tippe, tue» (1980), med viser, aukerim og sullar etter Anna Stang, var henta frå Stongfjorden i Askvoll der han hadde slektsrøter.

Tru mot eigne røter, rotfest og trygg i eigen tradisjon. Det var eit kjenneteikn. Difor kunne ingen så tvil om hans motiv då Gunnar starta å eksperimentere med folkemusikk. Han var med i legendariske «Slinkombas» saman med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Tellef Kvifte. Dei fekk Spellemannpris i 1979. Gruppa braut barrierar og fekk folk langt utanom vårt vesle miljø til å høyre på og like folkeleg song og felespel.

Gunnar hadde stor kontaktflate og heldt fram med nyskapande samspel også utover landegrensene. Samarbeidet med svenske Ale Møller vil stå som ein påle innan folkemusikken lang tid framover. 

Kjell Bitustøyl har blant anna følgande oppsummering av hans virke i ein artikkel i «Store norske leksikon»: To utgjevingar med gruppa Slinkombas, to plater i samarbeid med svenske Ale Møller, samt andre samarbeidsprosjekt med musikarar som Vidar Lande, Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum, Bjørn Ståbi, Per Gudmundsson, Lena Willemark og Sondre Bratland. Stubseid kom med eiga soloplate – Gorrlaus – i 2008. Han har vore forfattar av fleire bøker, mellom anna ein biografi om Sigbjørn B. Osa. Viktige læremeistrar har vore Dreng Ose, Olav Heggeland, Gunnar Liestøl, Anders K. Rysstad, Ingebjørg Aakre Rysstad og Otto Furholt, alle innafor setesdalstradisjonen.

Mykje meir kunne vore nemn, som Hilmar Alexandersen Musikkpris og fleire andre prisar og utmerkingar han er tildelt.

I boka «Songen Dansen Spelet» som vart gitt ut til hundreårsjubileet for FolkOrg hausten 2023, skreiv Gunnar blant anna dette om sitt virke som redaktør i Spelemannsbladet:

«Det som slår meg no, over førti år seinare, er kor mykje som hende innanfor folkemusikken og -dansen i dette tiåret. Musikken og dansen gjekk frå å vere nokså uskuldig og homogen til å bli ein kulturpolitisk fakkel som fekk verknader langt utover sitt eige miljø. Det er både interessant og fascinerande å tenkje på i dag».

Få har sett så store spor etter seg innan norsk folkemusikk som Gunnar Stubseid.

Jostein Aardal, redaktør Folkemusikk