Minnepris til Andrea Antun Mikkelsen
Prisvinnaren for Audhild Moxnes' minnepris i 2023 med diplomet, som ho fekk under Vestlandskappleiken fredag 13. oktober jubileumshelga i Bergen.

Prisvinnar Andrea Antun Mikkelsen, som er fødd i 2005, blir skildra som ein allsidig, positiv og arbeidssam elev som møter godt førebudd til speletimar og konsertar. Ho er glad i samspel i både grupper og lag, men speler også mykje solo på kappleik og elles, skriv styret for prisen i ei pressemelding.

Mikkelsen er til vanleg med i Osterøy spel- og dansarlag og i Bergen Juniorspelemannslag.

Ho er også med i eit nytt fordjupingsprogram i folkemusikk, der talentfulle ungdommar frå heile Vestland fylke er med. I denne gruppa er prismottakaren ein stødig musikalsk ressurs. Ho blir også skildra som eit god førebilete for dei yngre, og blir også bruka som lærar på ulike samlingar.

Prisen, som har blitt delt ut kvart år sidan 2007, er til minne om hardingfelespelaren Audhild Flaktveit Moxnes som døydde i ei bilulykke i 2004, berre 17 år gammal.