Emil Røli Daniel starta å spele hardingfele som 7-åring, og har i alle år vore aktiv i Ungdomslaget Ivar Aasen - og i gruppa Futt og Fart. Han har vore trufast i oppmøte på øvingar, kappleikar og framsyningar, og har vist ei gryande interesse for slåttespel. Hovudvekta av undervisning har kandidaten frå Vidar Underseth, og siste halvanna året frå Jan Beitohaugen Granli, gjennom timar i Ålesund kulturskule.
Prisvinnaren har gode plasseringar å vise til frå kappleikar dette året - og har spelt godt på fleire konsertar.
Prisvinnaren spelar slåttar frå sitt heimedistrikt som er Sogn og Sunnmøre - og også frå Valdres og Telemark. Dette gjer han til ein allsidig og kunnskapsrik ung utøvar, som verkeleg byrjar skjøna hardingfela si rike historie - seier lærarane! Dei seier vidare at prisvinnaren er «svolten» på kunnskap og nye slåttar - og er grundig i innstuderinga - og vil ha med alle detaljar.
Prisvinnaren vert omtala som ein svært lovande ung hardingfeleutøvar av lærarane sine - og av miljøet knytt til Ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund.
”Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.”
Prisen er støtta av Sparebanken Vest, og har vore delt ut årleg sidan 2007.
Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.
Styret for minneprisen:
Arne Anderdal, Solgunn Kronen Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.