Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
– Eg ønskjer å vise at munnspelet både kan vere eit tradisjonsbærande instrument og ein naturleg del av den moderne norske folkemusikkscena, seier Lillebo.
Munnspelet har ein lang tradisjon i Noreg, og kring år 1900 var det eitt av dei vanlegaste instrumenta her til lands. Det vart mykje nytta til å spele folkemusikk, men i vår tid er det sjeldan å høyre det i slåttekontekst. Munnspill er difor ei sjeldan moglegheit til å høyre slåtter frå grensetraktene i eit nytt, men historisk forankra, klangleg format.
Frå feleslåtter til munnspel
På albumet har Lillebo henta slåttemateriale frå grensetraktene mellom Noreg og Sverige, særleg frå Østerdalen, Finnskogen, Dalarna og Värmland. Det meste av repertoaret har han overført frå eldre opptak med felespelarar, men han har òg lært noko frå arkivopptak med tidlegare munnspelarar, som Torleif Snerten (1894–1974) frå heimbygda Engerdal.
– Klangmessig ligg fele og munnspel tett på kvarandre, men ideomatisk og spelteknisk er dei som natt og dag. Samstundes kan dei utfylle kvarandre på ein heilt spesiell måte – det kan låte både fyldig og røft, og ganske surt om ein ikkje passar seg, smiler Lillebo.
Trass i at albumet er eit soloprosjekt, har Lillebo fått med seg felespelar Mats Berglund som gjest på nokre utvalde spor. Berglund, som er kjend for sitt drivande spel og innsikta si i grensetradisjonen, har vore ein viktig inspirasjonskjelde for Lillebo i arbeidet med plata.
Frå jazz og irsk folkemusikk – til røtene
Anders Lillebo har ein brei musikalsk bakgrunn, med erfaring frå både jazz og irsk folkemusikk. Han har samarbeidd med artistar som Jonas Fjeld og vore aktiv i ulike sjangrar, men dei siste åra har han vendt attende til røtene i Østerdalen. På Munnspill står det tradisjonelle, solistiske spelet i sentrum.
Albumet blir gjeve ut av plateselskapet Melovitten, og kjem både digitalt og på vinyl. Den fysiske sleppkonserten fann stad på heimebane i Engerdal 5. juni, som ein del av konsertserien Hemom, arrangert av Heme dine.
Meir i papirutgåva
I juni-utgåva av Folkemusikk kjem eit større intervju med Anders Lillebo, der han fortel meir om arbeidet med albumet og historia til munnspelet i folkemusikken i heimtraktene. Der finn du også ei særs positiv platemelding, signert Leiv Solberg.