Musicus: Folkbarokk fra Rørosområdet
Diverse artister - Musicus: Folkbarokk fra Rørosområdet
  • Heilo/Grappa, 2016
  • 24 spor, 50 minutt
  • Produsenter: Olav Luksengård Mjelva og John Ole Morken

I vår tid er det vanleg å skilja mellom «folkemusikk» og «kunstmusikk». Den første musikkforma vert ofte munnleg tradert, medan den siste oftast er notebasert. Men uansett musikkstil er notasjon å rekna som ei avansert form for hugselapp. Ifylgje historikaren Erling Sandmo er skiljet mellom desse kunstformene ein sosial konstruksjon som oppstod på 1700-talet. Etter kvart som «folkekulturen» vart odla og gjeve nasjonal symbolverdi, vart skiljet ytterlegare innarbeidd. Desse førestillingane har vore dyrka vidare, og vore formande for institusjonaliseringa av både den «klassiske» musikken og «folkemusikken» – noko begge miljø ser ut til å ha vore nøgde med like inn i vår tid.

I bibliotek og arkiv finst det mange handskrivne notebøker utan spesifisert instrumentering, ofte berre med melodi og enkel besifring (såkalla generalbass). Notane kunne dermed tilpassast ulike ensemble og brukssituasjonar. Tidlegare har fløytisten Hans Olav Gorseth og felespelaren Ånon Egeland tatt i bruk slike notebøker, allereie i 1989 på plata For borgere og bønder, utgjeven i «Norsk kulturråds klassikerserie». Gorseth var òg sentral i det norsk-svenske samarbeidsprosjektet Schodsbergs notebok frå 2012.

 

Noteboka som dannar grunnlaget for denne plata er funnen i notesamlinga etter Erik J. Haugen (1852–1927) frå Ålen, og er avskrift frå ei eldre bok. Såleis er dette eit interessant døme på at folkemusikkformidling ikkje berre har skjedd gjennom munnleg tradering, men og gjennom skriftleg tradering. I ei tid der prenta manuskript var ekslusivt og relativt sjeldsynt, var avskrift ei mykje nytta distribusjonsform.

Musikarane på denne plata har bakgrunn frå folkemusikk, tidlegmusikkk og improvisasjon, og alle har ei leikande tilnærming til stoffet. Felespelarane Olav Luksengård Mjelva og John Ole Morken og cellist Anders Löfberg er veletablerte folkemusikarar, medan fløytist Hans Fredrik Jacobsen, cembalist Trygve Brøske og slagverkar Hans Hulbækmo har meir samansette musikalske bakgrunnar.

Og nettopp improvisasjonselementet er felles for mykje av arbeidet med «tidlegmusikkk» i vår tid, uansett kva stilistisk bakgrunn utøvarane har. Manuskriptet i seg sjølv vert ikkje sett på som normativt, men noko som må fortolkast og levandegjerast i ei form der musikarane tilfører noko av sitt eige. Og det ei ikkje musikarane på Musicus redde for å gjera. Uttrykket er meir prega av utforsking enn av stilkopiering, og stort sett fungerer det bra, sjølv om spreidde innslag av sopransaksofon og rockeinspirerte celloriff peiker bort frå utgangspunktet og over i nyare musikkformer.

Dette eit overskotsprega prosjekt der musikarane har fått mykje ut av materialet. Audun Strype har – som alltid – vore ein førsteklasses lydteknikar, og Bjørn Aksdal har skrive korte, men grundige og informative artiklar i tekstheftet.

Det finst framleis liknande notebøker i biblioteka og arkiva våre, og denne plata bør inspirera til å arbeida vidare med slikt materiale.