Hausten 2010 fekk Ingebjørg Lognvik Reinholdt etterlengta selskap av ein annan folkesongar på Musikkhøgskolen i Oslo. Blant feler og trekkspel syntest Kirsti Bakken Kristiansen at det kunne bli i overkant mange feleslåttar i samspeltimane. Ho og Ingebjørg byrja å stikke seg unna for å ha nokre stunder for seg sjølv.

– Me syntest det var gøy å nerde litt saman, seier Ingebjørg, og held lattermidt fram: – Det er koseleg med fele, men dei kan bli litt dominerande. Det var gøy å gjere noko på eigne premissar. Og på folkesongens premissar.

Dette var starten på duoen deira, Fivil, som 4. september gjev ut sitt første album på Karl Seglems plateselskap NorCD. Platesleppet er på Riksscenen i Oslo 3. september, og etter det følgjer ein platesleppturné og ei rad skulekonsertar i Oppland og Telemark.

Plata Fivil er spelt inn i Rainbow Studio i Oslo før jul i fjor. Jan Erik Kongshaug har vore lydteknikar, medan Unni Løvlid har vore produsent. Med ein mikrofon i midten stod Kirsti og Ingebjørg andlet til andlet i tre dagar og song til kvarandre. Akkurat som dei gjer når dei øver.

Musikken veks med Fivil
Kirsti Bakken Kristiansen (t.v.) og Ingebjørg Lognvik Reinholdt møttest på Musikkhøgskolen i Oslo i 2010. Dei fann kvarandre i felles interesse for vokalnerding og rare klangar og løysingar. No er dei klare med debutplata si.

Roller og klangar

Det første eksperimentet til Fivil gjekk ut på å legge to melodiar oppå kvarandre: ein frå Ingebjørgs Telemark og ein frå Kirstis Oppland. Resultatet fengde – «Nu solen går ned» i Fivil-drakt sådde ei spire i dei to damene.

– Me tenkte: «Kor mange songar kan me gjere det her med?», seier Kirsti og ler.

Dei fann ut at trikset fungerte på ganske mange melodiar.

– Satslæremessig blir det feil, men klangane blir kule, seier Ingebjørg.

Etter å ha jobba med å legge melodivariantar oppå kvarandre ei stund, lengta Kirsti og Ingebjørg på eit vis tilbake til felene. Då byrja dei å tralle slåttar.

– Eigentleg skulle me vel ønskt at me kunne spele fele. Ein blir inspirert av å studere med så mange gode felespelarar, seier Ingebjørg.

Sjølv om Fivil berre har to medlemmer, rommar dei spekteret til eit større orkester.

– Me er litt forskjellige, sjølv om me har ganske like preferansar på kva me liker. Som oftast blir me einige til sjuande og sist, seier Ingebjørg.

Kirsti er ein klar sopran, noko alten Ingebjørg er glad for.

– Ho syng jo så vakkert og fint der i det lyse. Det er veldig takknemleg for meg, for då slepp eg å gjere det, seier ho og ler.

– Ingebjørg har ein mørkare, varm tone. Klangleg er det veldig stor forskjell på oss, held Kirsti fram. – Me har kvar våre styrkar. Ingebjørg arresterer meg litt på slåttetralling og legg meir vekt på rytmikk og bogestrøk, medan eg er meir oppteken av om det er reint eller ikkje.

– Ja, du er veldig oppteken av det. Og det er jo veldig bra!

«Satslæremessig blir det feil, men klangane blir kule.»

Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Variasjon i arrangementa

Sjølv om mange av dei mest ekstreme eksperimenta har blitt forkasta, har nokre av dei fått plass på debutplata deira. I songen «I himmelen» går Kirsti sin melodi i refrenget i moll, medan Ingebjørgs går i dur, ein ters over.

Men det ligg ein filosofi bak dette: Det treng ikkje å høyrast likast mogleg ut – det er spennet mellom ulike melodiar og ulike stemmer som er pilaren.

– Me må ha variasjon, litt balanse mellom komplekse arrangement og nokre som er litt lettare å høyre på. Det er òg viktig på ein konsert, seier Ingebjørg.

– Det høyrest ikkje ut som om de gjer det så lett for dykk sjølv. Er det ein del av konseptet?

– Me må ha det moro. Og det er ikkje moro viss det er lett, svarar Kirsti.

– Det er kanskje noko av konseptet. Det skal vere litt vanskeleg med oss, seier Ingebjørg.

Fivil vil ikkje berre møtast på øvingsrommet og lære ein song. Dei skal stemme intervalla seg imellom, så det blir reint. Dei skal øve på strøk. Dei skal bli einige om tralleord.

– Ingebjørg seier at det ikkje er så farleg om me har ulik tekst på trallinga, men så kjem mine preferansar frå korsong, der eg synest det høyrest penare og meir homogent ut når det er like ord. Så det kjempar eg for, seier Kirsti.

– Og eg har blitt einig, seier Ingebjørg og legg til: – Men eg blir litt overivrig av og til, og då varierer eg utan at eg merkar det. Så høyrer eg plutseleg at «oi, dette var ikkje heilt likt».

Men stygge blikk dei to imellom er det få av. Fivil-damene er godt vande med å akseptere kvarandre.

– I studio fekk me kommentarar på at me var veldig tolmodige med kvarandre. Me er vel vande med å vere det. Me møter på mange ting i arrangementa me lagar som er utfordrande for oss begge. Då må ein berre vere raus og ta tida til hjelp, seier Kirsti.

Pusterom på plata

Debutalbumet til Fivil inneheld dei arrangementa som representerer dei beste. Likevel er variasjon eit viktig aspekt. I tillegg til variasjon i tempo, innhald og uttrykk har Ingebjørg og Kirsti funne fram til arrangement som gir lyttaren pusterom mellom dei store og intrikate songane.

– Det kan bli veldig mykje sjølv om me berre er to stemmer, så me har funne fram til nokre luftige arrangement, fortel Kirsti.

– Nokre som berre er litt artige. Til dømes «Gammal reinlender», der me har Geirr Lystrup-tekst og noko trad-tekst. Den er ikkje krevjande å høyre på. Så nokre slike er med, for å gjere plata god å lytte til som heilskap, seier Ingebjørg.

Blant låtane dei har plukka ut til plata, har Fivil mange variantar som kanskje er mindre kjende enn søskenmelodiane sine. Men ein god del velkjende variantar er òg med.

– Når me gjer det så sært som me til tider gjer det, kan det vere lettare å fordøye musikken når ein kjenner til låten frå før, seier Kirsti.

Det er to spente platedebutantar som ventar på mottakinga. Og dei håpar lyttarane vil ta seg tid til å høyre musikken i ro og mak.

– Musikken vår er musikk som veks på folk. Ein må høyre på han fleire gonger. Men me håpar at det er slik at ein liker det betre og betre. Det er slik musikk eg liker å høyre på sjølv, så viss nokon har den opplevinga av musikken vår, blir eg veldig glad, seier Kirsti.

– Det beste er om folk har eit godt lydanlegg og lagar seg ein tekopp og kan sige ned i sofaen og nyte musikken, avsluttar Ingebjørg.

Teksten er ein forkorta utgåve av ein artikkel frå Folkemusikk nr. 3/2015, som kjem ut til abonnentane og på Narvesen 22. september. 

 

«Ingebjørg har ein mørkare, varm tone. Klangleg er det veldig stor forskjell på oss.»

Kirsti Bakken Kristiansen

 

 

Klikk på biletet for å sjå og høyre Fivil synge «Kling no klokka», opningssporet på plata deira «Fivil».

Les også:

Skal vi danse? – Fivil fortel om låtten deira «Fivilslåtten», som slår eit slag for meir dansing der kor folkemusikarar møtest. Teksten til låtten får du òg!

Fivil – platemelding av Sigbjørn Apeland

Slåttify: Fivils favorittar – inneheld viser, kormusikk frå verda rundt, barokkmusikk og slåttar på fele og hardingfele, og sjølvsagt mange av folketonane og songarane dei to har late seg inspirere av.