Tekst: Redaksjonen
Hyllest til Stein Villa
Fredag 23. mai kl. 20.00 går startskotet for helga med ein krydderkonsert på Byscena i Gjøvik sentrum. Konserten er ei minnehøgtid og ei musikalsk hyllest til den folkekjære musikaren, formidlaren og mennesket Stein Villa. Programmet blir leia av Bent Åserud og Trond Villa, og ei rekkje av landets fremste folkemusikarar vil delta. Under konserten vil også den aller første tildelinga frå det nystifta Stein Villas minnefond finne stad.

Kurs i alt frå smiing til spel
Laurdag og søndag frå kl. 10 til 16 held det fram med eit breitt spekter av parallelle kurs på vakre Eiktunet ovanfor Gjøvik sentrum. Deltakarane samlast på tunet for ei uformell opning, før ein tek fatt på spesialiserte kurs innan fleire instrument og handverkstradisjonar.
Nytt av året er kurs i norsk harpe, leia av Tone Hulbækmo, der det er mogleg å låne instrument. Ein annan sjeldan sjanse er å lære seg nordisk sekkepipe – med svensk riksspelmann Erik Ask-Upmark som instruktør. Her får deltakarane også innføring i vedlikehald og rørspikking.
Det blir høve til å lære norsk harpe av Tone Hulbækmo, som nyleg kom ut med ei soloplate med tittelen Harpedåm.
For dei meir smed-interesserte blir det smikurs i munnharpe, under kyndig rettleiing av Stein Terje Mathisen, Ole Bjørn Skoe og Sven Håkon Jørgensen.
Munnharpa har òg to separate kurs i spel – eit for nybyrjarar med Bernhard Folkestad, og eit for vidarekomne med Tom Willy Rustad.
Det blir i tillegg langeleikkurs for både ungdom og vaksne, med erfarne instruktørar som Andrea Søgnen, Ingebjørg Hegge Bratrud og Solfrid Olmhus. Og for dei som vil kombinere spel og knivarbeid, er det “Spikk og spill”-kurs i seljefløyte og barklur, leia av Bendik Smedåsgjelten Qvam og Hans Fredrik Jacobsen.

Musikalsk «masseslagsmål»
Laurdagskvelden samlast deltakarar og instruktørar i den historiske Tingbygningen (Hunnsvegen 29) til ei uformell konsertstund med deltaking frå kursdeltakarane – etterfølgt av det som kanskje er helgas høgdepunkt for mange: Spontant samspel og musikalsk “masseslagsmål”. Deltakarane blir oppmoda om å ta med instrument.
Praktisk informasjon
- Kursavgift utan lunsj (laurdag og søndag): 1000,-
- Lunsj (per dag): 150,-
- Minnekonsert (fredag): 200,- for kursdeltakarar
- Full pakke: 1500,-
- Påmelding: Til Lisbeth Eilertsen på Mjøsmuseet innan 1. mai:
📧 lisbeth.eilertsen@mjosmuseet.no
📞 477 59 263