Det er Vinterkappleik på Rauland. Folkemusikk møter Frøydis B. Ruud i matstova nokre timar før Myllargutens Gammaldansorkester skal gå på scena.
Frøydis er leiar i orkesteret som har spelt saman i snart to og eit halvt år. Ho starta det heile då ho vart student på folkemusikkstudiet ved Institutt for folkekultur i Rauland (stundom kjent som Raulandsakademiet).
Ensemblet har om lag tjue medlemmer frå seks ulike land, studentar frå fleire av studieretningane ved høgskulen.
«Det er fint med slåttespel, men i sosial samanheng blir det fort litt ekskluderande.»
Samspel som motivasjon
Når ein er student ved folkemusikklinja blir det mykje solospel og øving kvar for seg. Dette var noko av bakgrunnen for at orkesteret vart starta, fortel Frøydis:
– Myllargutens Gammaldansorkester er ei form for motreaksjon på solospelet på hardingfele. Det er fint med slåttespel, men i sosial samanheng blir det fort litt ekskluderande. Men så er det òg ein veldig god jamkultur her på Rauland.
Det viktigaste er at samspelet fungerer, og at dei har det gøy saman, fortel Frøydis vidare.
– Sjølv om me er ein mangfaldig gjeng, kan me møtast i gamaldansen. I år fekk me med den første «purkefela» vår, ein trestokk med riller som fungerer som eit rytmeinstrument. Poenget er at du ikkje treng å vere den beste spelmannen i verda for å lage god musikk saman med andre!
Mangfald av sjangrar
Frøydis vaks opp med musikk frå Rauma i Møre og Romsdal, og har mykje musikk etter Ole Wenge.
– Han er ein av dei største trekkspelspelarane me har hatt her i landet, seier Frøydis.
–Wenge var ei av dei første til å overføre hardingfeleslåttar til trekkspel utan å miste dei essensielle elementa frå slåttemusikken. Samtidig tilførte han noko nytt, og han fekk kallenamnet «Trekkspelets Myllargut».
Referansen til dei to Myllargutane passar godt til det gruppa vil gjere, meiner Frøydis:
– Me vil nærme oss musikken på ein litt anna måte, og ikkje vere alt for opphengt i at musikken skal vere «riktig» heile tida.
Orkesteret starta med å lære Romsdalsmusikken frå Frøydis. Men dei fekk tidleg inn fleire andre musikkstilar i repertoaret, og i dag speler dei alt frå revyviser frå Vestfold til svisker frå 1940-tallet.
– Me speler i grunn det med får lyst til å spele. Dansestoff kan vere så mangt! smiler Frøydis.
Orkesteret er uavhengig av skulekvardagen. Frøydis oppleve at det ein lærer i skulesamanheng og i samspel er to forskjellige ting.
– Ein får eit anna forhold til låtane ein lærer saman med andre, seier ho.
«Her på Rauland kjem musikken til live, og me lærer å forstå heilskapen i folkekulturen.»
Dans og spel
Etter platesleppkonserten på Rauland treffer me Jonathan Sarrabia, den franske kontrabassisten i Myllargutens. Han er oppglødd.
– Det var fantastisk å spele i kveld! Først og fremst fordi det var så mange som dansa – heile rommet vart vekt til live. Det gav mykje energi å sjå alle dei dansande para frå scena. Det me speler er kanskje litt enkel og naiv musikk, men det er jammen laga for dans.
Han er samd med Frøydis i at det er andre ting dei lærer i orkesteret enn dei gjer i skulekvardagen på akademiet.
– Eg opplever at det er nokså stor skilnad mellom det me speler i Myllargutens Gammaldansorkester og det me lærer på skulen. Men ein av motivasjonane for orkesteret er å vise at gamaldansmusikk også er norsk folkekultur. Sjølv om liknande musikk blir spelt i store delar av Europa, kan ein framleis høyre at dette er typisk norsk.
Sidan ensemblet starta i 2013, har dei spelt til dans på fleire festivalar, mellom anna på Landskappleiken/Jørn Hilme-stemnet i fjor. Alle medlemmene i orkesteret dansar òg sjølve, fortel Jonathan.
– Kvar tysdag er det dans her på akademiet, og me hiver oss med alle saman. Koplinga til dansen er med og definerer kva Myllargutens Gammaldansorkester er.
Framhaldet
Om eit halvt år er Frøydis ferdig med studia sine ved Rauland. Har ho nokre tankar om framtida for orkesteret?
Frøydis er overtydd om at samspelet er ein så sterk motivasjon at dei vil halde fram. Ho trur dei vil finne moglegheiter for å spele saman sjølv om medlemmene skulle bu spreidde utover landet – og i andre land.
Bassist Jonathan fortel at han er i gang med å finne spelestader til Myllargutens Gammaldansorkester rundt om i Europa. Det er ei oppgåve han er motivert for:
– I Frankrike spelte eg i fleire band, men det var først her i Noreg at eg lærte den sanne meininga i folkemusikken. Her på Rauland kjem musikken til live, og me lærer å forstå heilskapen i folkekulturen.
Etter å ha møtt fleire av medlemmene i orkesteret og sett dei spele, er det ikkje vanskeleg å tru på at gruppa har evna til å leve vidare etter studietida. Dei er alt godt i gang med å spreie initiativet, spelegleden, samhaldet og musikken vidare langt utover Rauland. Denne veka har dei to konsertar i Oslo: tysdag 23. februar speler dei på Maksitaksi i Pilestredet, og onsdag 24. februar på Caféteatret på Grønland.
Me spør til slutt Frøydis kvifor dei valde desse plassane framfor til dømes Riksscenen? Valet er på ein måte eit lite opprør, fortel ho:
– Ved å oppsøke scener som sjeldan har gammaldans på programmet, trur me det kan oppstå noko unikt i musikken og samspelet med publikum. Kom og sjå sjølve!