Nesten pallreprise i rik B-klasse
Desse fire hamna på toppen av resultatlista i Fele klasse B: øvst Trygve Liahagen og Marius Westling, nedst Åsmund Farstad og Hannah Moira Midtbø-Bruner. (Alle foto: Ketil Sandviken)

I år som i fjor var det Trygve Liahagen (#Hedmark) som vann fele klasse B med 79 poeng. Eitt poeng bak kom Marius Westling (Heidr og Østerdølenes), og på tredjeplass kom Åsmund Farstad (Fjelljom) med 76 poeng. I fjor var det omvendt mellom desse to.

Farstad ligg også an til opprykk til A-klassa i hardingfele. Han tok fyrste napp med andreplass i hardingfele B bak Mattias Thedens (Telelaget), som har fullført opprykket. Birgit Haukås (Tinn Spelemannslag) tok sitt fyrste napp med tredjeplass.

Det har dei siste åra vore ei viss uro knytt opp mot deltakinga i spel fele klasse B. Det kom seg litt med 11 på startlista i fjor, og dobla seg nesten med 20 i år.

Svært mange av flatefeledistrikta var representerte. Ein ser dessutan ein klar tendens til at fleire utøvarar, på kryss av definerte distrikt, stiller til tevling i både hardingfele og vanleg fele. Og Joan Gatti frå Italia stilte både i fele og hardingfele.

– Verkeleg ei rik klasse, med drag av Loms-Jakup i seg, kommenterte programleiar Rolv Brimi og siterte diktaren Tore Ørjasæter: «Bygdom millom fjell og fjord for han spelarferda. Enno rekkjer dei hans spor, finn att tonegjerda.»

Fredag kveld blir meisterspelmannen heidra med årets store konsert på landskappleiken: Tonegjerd: konsertforestilling om Fel-Jakup (1821–1876), med dei fremste utøvarar frå mange kantar av landet.

Alle resultat frå kappleiken 2023 i Lom finn du her. NRK Dagsrevyen hadde torsdag eit innslag frå Landskappleiken, det kan du sjå her