Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud
Innleiingsføredraget vart halde av Tom Willy Rustad, og handla om historia til dei ulike folkemusikkutdanningane. Rustad er sjølv ei førstehandskjelde til kunnskap på dette feltet, sidan han har vore innom som lærar på dei fleste stadene.
Han lag vekt på det fyrste vidaregåande tilbodet innanfor folkemusikk på Fagernes, som vart starta i 1989, med Ingar Ranheim og Elisabeth Kværne som sentrale drivkrefter. Rustad jobba der sjølv i fleire år blant anna saman med Ånon Egeland og Kari Lønnestad. I 1996 var det kroken på dørar for dette tilbodet etter ein lang dragkamp med fylkesskulesjefen. Dermed sat ein att med folkemusikktilbod i Setesdal og på Vinstra, og Rustad var sjølv innom som lærar båe stader.
Han gjekk også gjennom historia til folkemusikktilbod på Norges Musikkhøgskole, Ole Bull og folkemusikkutdanninga i Rauland.
Oppsiktsvekkande nok kunne han fortelja at det fyrste professoratet på NMH i folkemusikk til Sven Nyhus, skal ha kome i stand då døtrene til Nyhus tok pianotimar hjå tv-personlegdomen Gunvor Hals. Mannen til Hals, Hallvard Bakke, var på denne tida kulturminister, og i ein konversasjon med Nyhus medan dei venta på at pianotimen skulle bli ferdig, kom ideen om at det trengdest eit professorat i folkemusikk opp.
Kvar går vegen?
Dette var eit spørsmål under ein paneldebatt der alle institusjonane innanfor høgare utdanning av folkemusikk var samla. Ein kan vel kanskje innvende at det var meir ein samtale enn ein debatt, då det i liten grad var ueinigheit, sjølv om ordstyrar Aslak Brimi prøvde å legge fram nokre åter for å få opp temperaturen.
Dei tre institusjonane USN avdeling Rauland, NMH, og Ole Bull har kvar sine nisjar. Dei to sistnemnte satsar på opptaksprøver, både praktiske og teoretiske, medan det fyrstnemnte er ope. Dette fører naturlegvis til at det er fleire studieplassar i Rauland, der dei har både årsstudium og eit bachelor- og masterløp, i tillegg til tilbod i instrumentmaking.
NMH har nokre få plassar på kvart kull, og det er vanleg at studentane tek ein bachelor over fire år, og dei kan byggje på med master og doktorgrad. Tre stipendiatar er det per dags dato.
På Ole Bull satsar dei på samlingsbaserte løp, med cirka éi veke i månaden, der studentane får tid til å øve og oppsøke lærekrefter, drive med innsamling, fordjupe seg i arkiv etc. mellom samlingane. Det var dermed stor einigheit i panelet om at dei tre utdanningane utfyller kvarandre.
Sjølv om dei har kome langt i å samarbeide, var dei også einige om at dei har meir å gå på når det gjeld .
Tilløp til debatt
Brimi prøvde som nemnt å få til noko debatt, då han refererte til Tellef Kvifte si utsegn i Folkemusikk 3/2024 om at det er mindre variert spel å høyre no enn for 40 år sidan, og at mykje er likt når det gjeld klang og estetiske ideal.
Unni Løvlid, leiar av folkemusikkstudiet på NMH, avfeia denne påstanden raskt med at det aldri har vore så stort mangfald blant studentane som ein ser no. Stian Roland frå USN Rauland var ikkje direkte ueinig med Kvifte, men peika i staden på at utdanningsinstitusjonane må vera sitt ansvar bevisst som premissleverandørar for heile feltet.
Ein var elles einig om at det hastar med å få på plass nye læremiddel for folkemusikkutdanningane, og at det bør vera ein digital ressurs som kan kombinere lyd, bilete og tekst.
Dette kom blant anna fram under ein speed-date der seminardeltakarane fekk høve til å diskutere emne frå debatten. Diverre vart det for lita tid til å diskutere desse emna i si fulle breidde. To masterstudentar frå Rauland fekk til slutt høve til å presentere arbeida sine for seminardeltakarane.
Stipendiatkonsert
Utpå kvelden fekk også møtelyden ta del i ein av stipendiatane på NMH, Anne Hytta, si «øving» der ho sette fram tre improvisasjonar på tre ulike felestille. Blant anna over Elling Münsters trollstemte halling på huldrestille og over slåttemotiv på gorrlaus bass.
Ho greidde på filosofisk vis ut om bakgrunnen for prosjektet sitt. Ho såg for seg at slåttemusikken var som eit lokomotiv som fer forbi, frå motiv til motiv. Ho kunne ofte tenkje seg å stoppe opp og dvele ved desse i staden for å haste vidare, noko det er minre rom for når ein spelar i tradisjonell stil.
Hytta bladde også fram eit par tradisjonelle framføringar og fortalde blant anna om læremeistrar og inspiratorar som Einar og Olav Løndal og nyleg avlidne Agnes Buen Garnås.
Styret i NFL med leiar Jon Brodal, Sivert Holmen, Laura Ellestad og Knut Aastad Bråten kunne nøgd konstatere at oppmøtet var bra og at interessa for emna var stor. Torsdagen glei seminaret over i Folkelarm, der det også var ein debatt om opplæring på hardingfele, som me kjem attende til ved eit seinare høve.