I Trondheim, i randsona av det moderne folkemusikalske Noreg som har vakse fram og utvikla seg siste tiåra, finn vi den noko utydelege institusjonen Stiftinga for folkemusikk og folkedans. Det utydelege har lenge hatt å gjere med ei kompleks organisering med for mange organ og med fleire arbeidsoppgåver stiftinga ikkje har makta å utføre på ein tilfredsstillande måte. Siste åra har det også vore ein makt- og ressurskamp mellom Rådet og direktøren for stiftinga. At det i lengda ikkje kunne halde fram slik, skjønte alle.

Éi av hovudoppgåvene for institusjonen har vore å stå for arbeidet med å samordne kreftene som skal til for å gi innsatsen på folkemusikk- og folkedansfeltet større tyngde, gjere tilboda meir varierte og utnytte ressursane betre. Alt sidan 1990-talet har det vore diskutert om stiftinga i Trondheim har hatt godt nok oversyn og kompetanse til å forvalte denne arbeidsoppgåva. Skepsisen har auka dei seinare åra. Samtidig har det vore betydeleg intern usemje i stiftinga både om denne og andre arbeidsoppgåver. Det er Rådet og Representantskapet i stiftinga som har hatt ansvaret for å arbeide med den samordna innsatsen på feltet.

Ei veksande uro førte til at styret i stiftinga i 2017 bad om å få lage ein rapport som skulle evaluere dagens organisering og måloppnåing. Rapporten skulle òg kome med forslag til alternative modellar for (ny) organisering. Oppdraget gjekk til konsulentselskapet Rambøll. Underteikna var knytt til arbeidet som «faglig samarbeidspartner». Viktigaste datamaterialet for analysen har vore intervju med 37 «sentrale interessenter».

Nissen på lasset
Nissen på lasset
Nissen på lasset
Sff, stifta som Rff i 1972, har i snart femti år prega Folkemusikk- og Folkedans-Noreg. I fjor sommar kom Rambøll med si evaluering av eksisterande styringsmodell, og etter ein høyringsrunde i miljøet er nye vedtekter no vedtekne. (Illustrasjon: eit utval Sff-relaterte annonsar og artiklar frå Spelemannsbladet, 1972–2001)

Den tydelegaste konklusjonen i rapporten, som kom i juni 2018, er at «Rådet bør prioriteres eller avvikles». Rapporten er vidare klar på at «arkivet må bevares» (og utviklast). Det er også ønskjeleg med eit «utdanningstilbud i folkedans». Til sist peikar rapporten på at det er behov «for en tydelig strategisk retning», dvs. sterkare fagleg og strategisk leiing ved stiftinga. Senteret er ikkje lenger «en betydelig stemme» og kommuniserer «i for liten grad» med feltet.

Styret for stiftinga har i haust og vinter diskutert og behandla rapporten frå Rambøll saman med alle høyringsfråsegnene. I første omgang la styret vekk modell 1a (vidareføring av dagens organisasjon) og modell 3 (Senter underlagt UH-institusjon), og valde å gå vidare med modell 1b (samanslåing av råd og styre) og modell 2 (fagsenter for folkedans (og for folkemusikk og arkiv)). Dette vart så drøfta med dei tilsette, Rådet og medlemmene av Representantskapet, før styret 13.12. gjorde følgjande vedtak:

Styret vil organisere stiftinga med ett styrende organ: styret. Stiftinga har et sterkt faglig senter som utøvende organ, og et representantskap som valgforsamling og som et forum for saker av felles interesse. Stiftinga kan samordne aktuelle saker for feltet i tråd med formålet. Styret utarbeider en strategi for stiftinga.

Namnet på organisasjonen skal frå no av vere Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Rådet og styret vert slått saman til eitt styrande organ med namnet «styret». Men formål og delformål for stiftinga skal vere som før. Det nyorganiserte senteret tek derfor sikte på å halde fram det krevjande, vedtektsfesta arbeidet med å «fungera som reiskap for alle greiner i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans slik at kreftene kan samordnast». Nissen er altså med på lasset, sjølv om styret avviklar Rådet.

Det sitjande styret ønskjer at senteret skal stå fram som éi eining. Derfor er namneendringa viktig. Den fagpolitiske funksjonen skal styrkjast, styret skal verte meir offensivt og senteret meir proaktivt enn før, seier styreleiar Oddrun Samdal. Senteret skal også vere ein opnare institusjon. I direktørstillinga, der ein no er i ferd med å tilsetje ein person, vert det lagt meir vekt enn før på feltinnsikt og kulturpolitisk kompetanse, og på evne til å arbeide strukturert og visjonært.

Styret set også i gang ein (heilt nødvendig) strategiprosess. Haustens møte i representantskapet vert ein arena for strategidrøfting. Elles skal representantskapet, ifølgje styreleiaren, vere eit fagpolitisk organ som kan ta initiativ overfor fagområda, vere meir synleg og knytast sterkare opp mot senteret. Representantskapet skal òg peike ut medlemmene til det nye styret for senteret. NTNU skal ikkje lenger ha nokon styremedlem.

Elles har styret sett fortgang i arbeidet med å digitalisere arkivet ved senteret. Det er òg laga ein samarbeidsavtale med Universitetet i Søraust-Noreg om ei utdanning i folkedans. Styret søkjer dessutan departementet om ei ny stilling til formidling av folkedans i grunnskulen og ekstra midlar til dei statlege støtteordningane som Rådet tidlegare disponerte.

I det heile: Styret har store ambisjonar på vegner av det nyorganiserte Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Senteret har kome kritikarane i møte og vil utvikle ein meir open, proaktiv og utoverretta organisasjon. Arkiv- og folkedansarbeidet skal styrkjast. Det nasjonale senteret skal no også vere tettare på faglege og kulturpolitiske utfordringar på feltet.

I dei nye vedtektene som styret har utforma, er det derimot ikkje gjort ei einaste reell endring når det gjeld hovudmålet og dei fire delmåla for institusjonen. Den reformerte institusjonen skal altså, slik det sitjande styret ser det, ha dei same oppgåvene som før. Men oppgåvene skal løysast på nye måtar, gjennom utvikling av ein tydelegare institusjon som også skal vere (betydeleg) meir open, proaktiv, offensiv, synleg og fag- og kulturpolitisk orientert enn tidlegare.

Ingen, og slett ikkje senteret i Trondheim, kan ta på seg å samordne innsatsen på heile dette feltet.

Men reknestykket for dei gode tidene går ikkje heilt i hop. Senteret i Trondheim har aldri fått til arbeidet med å «fungera som reiskap for alle greiner i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans». Folkemusikk-Noreg har endra seg radikalt på 2000-talet, med nye, samlande organisasjonar, mange fleire arenaer, utdanningsinstitusjonar, sterke aktørar osv. Ingen, og slett ikkje senteret i Trondheim, kan ta på seg å samordne innsatsen på heile dette feltet.

Derimot kan det reformerte senteret gjerne ta på seg å samordne innsatsen på område der senteret sjølv har høg kompetanse og gode nettverk, og på område der det ikkje finst sterke samlande aktørar frå før. Arkiv- og utdanningsfeltet, blant anna kulturskulane, peikar seg her ut. Formålsparagrafen om samordna innsats bør derfor endrast slik at den reflekterer det som er mogleg for senteret å gjere noko med. Heile nissen treng ikkje vere med på lasset denne gongen.

Med dette viktige unntaket tykkjer eg styret for Norsk senter for folkemusikk og folkedans no har peika ut gode og farbare strategiar og vegval for det vidare arbeidet.

Denne kronikken stod først å lese i Folkemusikk nr. 2/2019