Toppbilde: frå pardanstevlinga torsdagen på Landskappleiken i Lom. Foto: Thor Hauknes
– Det var triveleg å sjå mange gode dansarar. Men eg sakna dansarar frå Vestlandet, seier Per Øyvind Tveiten som var dommar i dans hardingfele.
– Eg har ikkje noko godt svar på kvifor det var så få deltakarar i dans fele, seier veteran Ola Grøsland.
Han har spekulert på dette før Folkemusikk spør, og lurer på det same. Faktisk var det fleire dansarar i hardingfeleklassene under årets kappleik i Lom, midt i det sterkaste området for vanleg fele.
– Mange deltok før, men det vart nedgang for nokre år sidan. Det er god oppslutning om lagdans, men dei stiller ikkje opp i pardans. Kvifor, veit eg ikkje, seier Grøsland.
Færre feledansarar
Men det meste går i bølger, legg vagværen til.
– Vi ser det også i folkemusikken her i området opp gjennom åra. Det har skifta frå Skjåk og internt i Lom mellom Bøverdalen og Garmo. Slik er det.
Men det blømer blant dei yngste, ikkje minst i Lom, konstaterer han.
– Og i Vågå er det mykje som skjer rundt Mette og Vegar Vårdal, samt Solveig Brekke Hauknes og Bjørn Kåre Odde, som også er nært knytt til miljøet i Lom.
– Kva meiner du om dansen som blir framført på scena?
– Eg tykkjer at dansen somme tider det blir litt «teatralsk». Det verkar ikkje alltid naturleg. Eg synest det er viktig å ta vare på særpreget i dansen i ulike område innan springleiken, seier Ola Grøsland.
Få frå Vestlandet
Tidlegare FolkOrg-leiar og ivrig dansar, Per Øyvind Tveiten, var dommar i dans hardingfele. Han har nokre refleksjonar etter å ha sete mange timar ved dommarbordet.
– Nivået blant dei beste er svært høgt, fastslår han.
Men som Ola Grøsland, registrerer Tveiten at det er variabel oppslutning i nokre område. Han er slett ikkje særleg uroa, men kjem også med eit kritisk synspunkt.
– Eg saknar dansarar frå Vestlandet. Eg veit ikkje kvifor det er så få deltakarar frå vest. Kanskje skuldast det at «mellomgenerasjonen» ikkje har følgt opp?
Alle resultata frå Landskappleiken 2023 i Lom finn du på resultat.folkorg.no.
MEIR FRÅ LANDSKAPPLEIKEN 2023:
- Jubileumsvinnar tilbake i Lom: Knut Myrann og Ivar Schjølberg
- Strålande dagar i Lom: arrangørane oppsummerer
- Jarnfrid Kjøk og Aud Laingen Hamre møtest på kappleik
- To nye heidersmedlemmer: Sigvald Rørlien og Amund Bjørgen
- Til topps på heimebane: Fele klasse A
- Tilbake på toppen: Hardingfele klasse A
- Finansminister Vedum baud opp til politisk dans
- Død spelemann vekt til live: Fel-Jakup-konserten
- Tre brør Kjorstad kjempar om det aller gjævaste
- Kvalitet, kvantitet og mangfald: vokalklassene
- Kjeltringane lurte alle: Open klasse
- Nesten pallreprise i rik Fele klasse B