Tekst og foto: Bjarte Øvrebø

Dette var tonar han høyrde jamleg frå mormor Kristense Mardal Fitje og bestemorbror Kristen R. Mardal som begge spelte hardingfele.

– Tenk rosemåling, fargen på musikken og utforminga, seier Kjetil Bergheim når han skal forklare den store interessa for telespelet i familien sin på Sandane i Gloppen kommune. Under årets Jeremiasfestival var Bergheim og Knut Buen hovudartistar.

– Tenk rosemåling, fargen på musikken og utforminga, seier Kjetil Bergheim når han skal forklare den store interessa for telespelet i familien sin på Sandane i Gloppen.

Jeremiasfetivalen 2024 ville heidre folkemusikarane Kristense Mardal Fitje (1898-1986) og Kristen R. Mardal (1895-1985). Då var det naturleg å hente heim Kjetil som no er busett i Seljord der han er kantor. Det var også ein av hans musikalske førebilete, Torkjell Haugerud. Og i Kristen og Kristense si ånd ville han ha med ein vaskeekte telemarking, venen og samarbeidspartnaren Knut Buen.

Men korleis fekk Kjetil Bergheim slik interesse og fasinasjon for telespelet? Kristense er som nemnt bestemor til Kjetil. Han fekk inn felespelet gjennom henne og broren hennar, Kristen.

Den legendariske spelemannen og innsamlaren Arne Bjørndal vitja søskenparet mange gonger og vart ein god ven med dei. Bjørndal var ein viktig inspirasjon, og gjennom han vart dei godt kjende med vestlandsspelet frå Hardanger og Voss, som i den tid var meir utbrodert enn det tradisjonelle Nordfjord-spelet. Slik fekk dei også innføring i telespelet.

Gjennom arbeid i Norges bondekvinnelag blei Kristense kjend med lærar og kulturarbeidar Sina Sanda (Jensine Halvorsdtr. Kleppen) frå Bø. Ho blei døropnar til eit livslangt vennskap mellom Kristense og søskenbarnet til Sina, Anne Hoff, dotter til Torkjell Haugerud. Her møtte ho ei anna kvinne med lidenskap for hardingfela og stor slåttekunnskap. Slik vart fasinasjonen for telespelet sådd.

Musikk og historikk

Svein Hjellbakk og Atle Nygård utvikla idéen om ein festival oppkalla etter den mystiske og myteomspunne storspelemannen Jeremias Henden. Jeremiasfestivalen har blitt årviss sidan 2011, berre avbroten av koronaen.

Historikar Ove Eide

I år var det to konsertar. Først ein konsert bygt opp rundt søskena Kristense og Kristen. Her var Gloppen Hotell arena, og konserten vart opna med tre av kommunens beste utøvarar på hardingfele. Kjell Thue, Liv Fritun og Svein Hjellbakk som hadde leita fram att musikk der dei to søskena er kjeldene.

Historikar Ove Eide har grave djupt og leita fram mangt og mykje om søskena. Eit lite utdrag vart presentert for publikum. Kjetil spelte blant anna Grautaslåtten, ein slått han ikkje hadde har høyrt nokon spele, men som Arne Bjørndal skreiv ned etter Kristen, og som er å finne i bind sju i Hardingfeleverket.

Knut Buen vigde konserten til ære for bånsullane og gav oss eit potpurri i utval av desse. Medverkande var også Gloppen Hardingfelelag og folkesongar Elin Grytting som møtte Kristense gjorde opptak for Folkemusikkarkivet på songtradisjonar som ho sat inne med.

Har arrangert Buen-komposisjonar

Den andre konserten var lagt til Vereide kyrkje. Her opna trioen Svein Hjellbakk, Liv Fridtun og Kjell Thue med brudeslåtten Gråtaren. Slåtten blei brukt når bruda vart ført frå brudekammerset til bryllaupsbordet. Den situasjonen var mange gonger litt rørande og lokka fram tårene hos mange.

– Dette vart eit godt høve til å fullføre ein planlagt konsert med Knut sine komposisjonar som eg har arrangert for så vel kor som piano og orgel, fortel Kjetil Bergheim. Koronaen sette stopp for denne konserten på Kjetil si heimebane.

– Eg har etter kvart mange komposisjonar og hatt hjelp til arrangement frå fleire, men Ketil er ein god spelemann og kan folkemusikken, og han har også den kunnskapen eg manglar for å tilrettelegge musikken min for fleire instrument, fortel Buen.

Vereide kyrkjekor under leiing av kantor Dorothee Raschwitz framførte fleire av Buen/Bergheims musikkstykkje der både komponist og arrangør medverka. Ein musikk som dei beviste er godt skapt for kyrkjerommet. Vakkert.

Konserten på Gloppen Hotell vart opna med tre av kommunens beste utøvarar på hardingfele - Kjell Thue, Liv Fritun og Svein Hjellbakk som hadde leita fram att musikk der dei to søskena Kristense Mardal Fitje og Kristen Mardal er kjelder.

Spennande duo

Det blir mektig når den flotte stemma til Malin Alander får utfalde seg ilag med Ole Nilssen på trekkspel. Dei framførte både tradisjonelle og eigne komposisjonar i Vereide kyrkje.

Sambuarparet Malin Alander og Ole Nilssen er blitt eit spennande musikarpar. Malin jobbar som distriktsmusikar i kulturskulen i Gloppen og har markert seg sterkt på den vokale folkemusikkscena. Ho er oppvaksen på Sandane.

Det blir mektig når hennar flotte stemme får utfalde seg ilag med Nilssen på trekkspel. Dei framførte både tradisjonelle og eigne komposisjonar. Skal ein trekkje fram noko, så er det dei nonverbale komposisjonane deira. Fantastisk spennande og behageleg musikk.

Ole Nilsen er distriktsmusikar i kulturskulen i Sunnfjord, for tida i halv jobb der den andre delen er vigd eit prosjekt med å finne nye måtar for trekkspelet som instrument. Vi fekk eit godt døme på at det arbeidet ber frukt.