Guro Kvifte Nesheim er dotter av folkemusikar og professor i musikkvitskap Tellef Kvifte. Ho har spelt hardingfele sidan ho var sju – etter å ha masa sidan ho var tre. Gradene gjekk ho i Bærum spelemannslag, der det blir spelt folkemusikk frå det meste av landet bortsett frå Bærum. Av dei mange hardingfelelærarane Kvifte har hatt, trekkjer ho fram tovdølen Salve Austenå som den som har påverka henne mest.
I mange år var Landskappleiken Nesheims årlege høgdepunkt. Men då ho var seksten, tok livet ein annan veg. På festivalar og kappleikar i Noreg hadde ho møtt mange musikarar frå Shetland, og ho drøymte om å reise til øyane i vest og spele. Då ein av felelærarane hennar tipsa henne om eit kurs der, var ho ikkje sein om å reise.
– Etter å ha fokusert på solospel i så mange år, var det ei stor oppleving å få oppleve samspelkulturen på Shetland. Vi var gjerne ti felespelarar rundt eit bord som spelte heile natta med piano- og gitarakkompagnement. Og det gjekk alltid i eit forrykande tempo! Det blei tre turar til Shetland det første året.
«Eg skriv ofte låtar når ein ven skal ha bursdag og eg ikkje veit kva eg skal gi i gåve.»
Med hardingfela over Kjølen
Musikken på Shetland-øyane er ikkje ulik den du finn langs delar av norskekysten, fortel Nesheim. Ho fann igjen slåttar frå både Agder og Nordland der. Nokre år seinare, i 2011, kom eit nytt vendepunkt. Då vitja Nesheim verdsmusikksamlinga Ethno, i Rättvik i Dalarna. Her møtest musikarar frå heile verda kvart år for å spele saman.
– På Ethno blei grunnlaget lagt for det eg driv med i dag. Det var utruleg heftig med så mange kulturmøte på ein og samme stad – eg oppdaga ei heil ny verd. Røtene mine er framleis folkemusikken eg har vakse opp med, ikkje minst hardingfelespelet. Men å spele med musikarar frå heile verda og lære all slags ny musikk – det er dette eg vil. I august i år arrangerte vi den første Ethno Norway på Voss, og vi satsar på ei ny norsk runde i 2015.
På Ethno skjedde òg det at ho møtte Thomas Eriksson, andre halvdelen av Thomas & Guro. Dei har spelt saman sidan den gong. Guro bestemte seg for å flytte til Sverige, og byrja på folkemusikklina på Skurups folkhögskola hausten 2012.
Eriksson sjølv kom seint i gang med musikken; først som syttenåring plukka han opp gitaren familien hadde ståande. På musikklina på Gotlands folkhögskola fordjupa han seg i irsk folkemusikk. Sidan har han òg gått på Skurups folkhögskola – og i dag studerer dei begge verdsmusikk ved Högskolan för Scen och Musik i Göteborg.
Eriksson speler òg i Kvara Kvartett, ein gjeng som møttest i Skurup og ga ut plata Dynamo i 2012. No om dagen er Eriksson biten av bluegrass-basillen, kan Nesheim røpe. Men i Thomas & Guro speler multiinstrumentalisten berre cister (på svensk cittern), og musikken deira er og blir umiskjenneleg svensk-norsk folkemusikk.
Samspel og folkklubbing
Vi aner at den sterke svenske samspelkulturen er noko av det som har lokka Nesheim over svenskegrensa.
– I Noreg dominerer solospelet. Du finn solospel i Sverige òg, men samspelet har utvikla seg veldig dei siste 30–40 åra. Stemmespel, der til dømes to felespelarar speler kvar si stemme av ein slått, står òg sterkare i Sverige. Jamkulturen er ein sentral del av alle folkemusikktreff i Sverige. Folk jammar på norske stemne og kappleikar òg, men ikkje som i Sverige, her du finn ei ny jammande gruppe for kvar tiande meter. Instrumentvariasjonen er større – slagverk, saxofon, sekkepipe og bouzouki er naturlege delar av svensk folkemusikksamspel.
Nesheim trur samspelkulturen i Sverige er med på å gjere folkemusikken meir tilgjengeleg for folk frå utanfor miljøet – ikkje minst yngre musikarar og publikum. Det skjer mykje nytt når så mange musikarar jamnleg møtest for å spele, og Nesheim trekkjer fram Folkklubb i Göteborg som eit godt døme på kreativiteten i miljøet.
– Folkklubb er eit klubbkonsept der folkemusikken møter undergrunnsklubbkulturen. Musikken er ein kombinasjon av levande folkemusikk og folkemusikk-DJ-ar. Det blir arrangert 3–4 klubbar i året, og det kjem mellom to og fem hundre publikummarar kvar gong. Svært mange av desse er folk du ikkje ville ha forventa å sjå på ein folkemusikkonsert.
«Folk jammar på norske stemne og kappleikar òg, men ikkje som i Sverige, her du finn ei ny jammande gruppe for kvar tiande meter.»
Ein minnepinne med musikk
Debutplata til Thomas & Guro heiter Lamslått, og kom ut i september. Ho er spelt inn i studioet til Tor Magne Hallibakken på Nesbyen, der mellom anna Kvarts og Karl Seglem har spelt inn fleire plater. Nesheim avslører at ho skreiv tittelsporet på Voss medan lamminga pågjekk – tittelen og ordspelet gav seg sjølv.
Du kan høyre heile Lamslått på Wimp og Spotify, eller kjøpe henne på iTunes. Men for å få tak i eit fysisk eksemplar, må du på Thomas & Guro-konsert – plata er ikkje til sals andre stader. Den lekre formgivinga står søstrene Emma og Lina Engström bak, og ein finn igjen stilen på Thomas & Guro si heimeside. Men det mest moderne med Lamslått, må ein seie, er formatet.
– Plata er berre tilgjengeleg som USB-minnepinne! Men vi har von om å få henne ut på vinyl, sidan det grafiske er så vakkert.
All musikken på Thomas & Guro si debutplate er sjølvkomponert, men ein kan høyre kva for to land han har opphavet sitt i. Erikson har skrive mykje eigen musikk så lenge han har spelt, fortel Nesheim, medan ho sjølv skriv best under press.
– Eg skriv ofte låtar når ein ven skal ha bursdag og eg ikkje veit kva eg skal gi i gåve. Då blir det ofte ein låt. Vi skriv stort sett låtar kvar for oss, men nokre av låtane har fått utvikle seg i samspelet mellom oss i lengre tid. «Pappas slängpolska» skulle Thomas eigentleg skrive til faren sin sekstiårsdag, men han blei ikkje ferdig. Vi utvikla melodien saman, og til slutt blei han ferdig – til sekstifireårsdagen til faren.
Thomas & Guro har tett konsertprogram for tida. Dei fleste konsertane speler dei i nærleiken av Göteborg – praktisk for Guro som er heiltidsstuderande. I tillegg til ordinære konsertar står ein gamleheimturné på trappene – då blir det ikkje mindre enn 23 konsertar på to veker.
Her i Noreg har dei to datoar klare: dei varmar opp for Valkyrien Allstars 8. november i Askim kulturhus og 21. november i Asker kulturhus. Så vonar vi at det blir liggjande igjen nokre minnepinner med musikken deira i Stor-Oslo.