Tekst: Pressemelding.
Nortopia er ein ny og spennande folkemusikktrio som våren 2025 er aktuelle med to nye singlar. Dei er godt i gang med produksjon av si debutplate som vil bli lansert på plateselskapet Melovitten til hausten.
Desse tre utgjer gruppa Nortopia:
Johanne Løkensgard Mjøs (f. 1990) Åsane - hardingfele/fele
Ingrid Standal Sørheim (f. 1996) Norheimsund/Voss - durspel
Kristian Wolski (f. 1987) Danmark/Arvika, Sverige - cittern
På fredag vart singelen “Kari Selland, springar av Halvor Sørsdal", lansert. Ein månad seinare, 25. april, kjem slåtten “Fjellmannjenta, rull etter Anders Kjerland”.
Høyr den fyrste singelen til Nortopia her.
Trioen med Ingrid Sørheim på durspel, Johanne Mjøs på fele/hardingfele, og Kristian Wolski på cittern har utvikla ein særeigen musikalsk stil.
- Vi har teke i bruk tradisjonsmateriale frå Vestlandet, fordi det ligg Nortopia sitt hjarte nær, kan Ingrid Sørheim fortelje.
Det er dette som utgjer utspringet for deira musikalske uttrykk. Trioen har fått fleire gode skussmål frå anerkjende folkemusikarar, trass si unge levetid som gruppe.
- Nortopia spelar sammen som om dei har gjort det eit halvt liv allereie, seier musikar og arrangør Gabriel Fliflet.
Sjå to musikkvideoar på heimesida til gruppa her.
- For eit utruleg samspel! Trioen er ei ny perle i folkemusikkverda. Dei balanserer presist mellom det delikate og det kraftfulle, lytter til kvarandre og lar solisten kome fram. Med dei friske melodiane sine og med musikalsk humor, får dei dansefoten til å vakne! seier folkemusikar og heidersmedlem i FolkOrg, Eli Storbekken, om gruppa.