– Det er kjempekjekt at NRK satsar på dette og vil ha litt meir folkemusikk-fokus i kanalane sine, seier den ferske anmeldaren. I vår fekk han tilbodet frå kanalen, etter å ha blitt plukka ut blant dei fem søkjarane. Furubotn har ein frilanskontrakt med NRK, noko som tyder at han ikkje er tilsett i ei prosentstilling, men skal levere stoff med jamne mellomrom. Han fortel at det er NRK som avgjer endeleg kven og kva som skal bli anmeldt, men at han kan kome med innspel.  

– Det vil heilt klart vere mogleg for meg å kunne anmelde ei soloplate. Likevel har NRK nokre raude trådar i form av ulike artistar eller temaer som dei følgjer opp tettare, fortel han.  

 

NRK har fått sin første folkemusikkanmeldar
Are August Flannangan Furubotn er NRKs nye folkemusikkanmeldar.

Prosjektleiar for folkemusikk i NRK Aaste Kveseth, er glad for å ha fått Furubotn med på laget.  

– Det skjer mykje spennande i folkemusikken i Noreg, og sjangeren har mange gode, unge musikarar. Med ein kritikar som kan både faget og formidling kan NRK presentere dette til eit større publikum og halde dei oppdatert på kva som skjer på folkemusikkscena, seier ho. 

Ho fortel vidare at folkemusikk er ein del av det store musikkoppdraget til NRK, og at dei ved å prioritere ein kritikar til feltet ønsker å vise at dette er viktig for dei. 

Furubotn har, i tillegg til Aaste Kveseth, John Ole Morken som sparringspartnar innanfor folkemusikken. Førebels er samarbeidet såpass ferskt at dei jobbar med å finne ei form på det. Furubotn trur det er ein fordel at han kjem utanfrå som ein frilansar.  

– Eg kjem inn frå sida og kan ha eit spørrande og kritisk blikk som det ikkje er like lett for programleiarane i Folkemusikktimen å ha bestandig, seier han. 

«Første gongen på lufta var utruleg nervepirrande. Det var klokker overalt og tida gjekk fort. Eg veit ikkje heilt kva eg sa, men responsen var god.»

Are August Flannagan Furubotn, folkemusikkanmeldar i NRK

Nervepirrande radiodebut 

Den første plata som kom under lupa til Furubotn var Snu hver stein med Kenneth Lien og Center of the Universe. Denne plata både skreiv han om på nett og snakka om i fleire program på radio og TV, både i Nyhetsmorgen og Musikklivet. Med andre ord jobbar han ikkje nødvendigvis mest i den tradisjonelle sendeflata til folkemusikken. Noko av poenget er at folkemusikken skal ut til folk som ikkje har oppsøkt det. 

– Første gongen på lufta var utruleg nervepirrande. Eg var kjempenervøs og skjønte ganske raskt at det ikkje nytta å følgje den strukturen eg hadde tenkt, så eg prøvde å gå i dialog og vere til stades med programleiaren. Det var klokker overalt og tida gjekk fort. Eg veit ikkje heilt kva eg sa, men responsen var god, oppsummerer han. 

Artikkelfomatet på nett er ganske strengt og spissa. Ifølgje Furubotn har NRK si eiga skriftstil på artiklane. Ein skal mellom anna skrive utan omvegar, noko han vanlegvis likar å gjere. Det er ofte store sprang frå emne til emne. Anmeldaren sine eigne vurderingar er viktig, men Furubotn prøver også å opne opp for tenking i tekstane han skriv. I radioformatet er det betre tid til å gå endå djupare i materien og forklare meir rundt produktet han har høyrt på.  

Frå jazzpiano til trekkspel 

Arbeidsstaden hans er fleksibel, og innimellom er det oppmøte på Marienlyst i Oslo. Men ofte kan han jobbe frå andre stader. Nyleg har Furubotn flytta frå Røros til Granvin, og framover blir det meir frilansing på han, etter at han har forlatt jobben som museumspedagog på Røros. 

Furubotn, som opphaveleg er frå Stavanger, fekk sine første møte med folkemusikken då han studerte musikkvitskap i Trondheim.  

– Eg har alltid vore nysgjerrig på folkemusikk, men i Trondheim støtte eg ofte på Snaustrinda spelemannslag. Det var nok ein medverkande faktor til at eg søkte meg inn på folkemusikkstudiet i Rauland. Der oppdaga eg at folkemusikken var den sjangeren som passa meg best. Fram til då hadde eg spelt jazzpiano og eigentleg aldri følt meg heilt heime i det, fortel han. 

På Rauland blei pianoet blei bytt ut med pianotrekkspel, og i tillegg oppdaga Furubotn også at han elska å danse. Å sjå verda opne seg, var også noko han sette pris på med studiestaden.  

– På Rauland er det ein høg andel utvekslingsstudentar, så der får ein god kontakt ut i verda. Det var ein veldig augeopnar for meg. Seinare har eg oppsøkt fleire ulike Ethno-campar, og eg er framleis veldig interessert i folkemusikken frå andre land, seier han.  

Eit årsstudium på Rauland blei til ein master, som han tok litt parallelt med å gå på Skrivekunstakademiet i Bergen. Masteren tok føre seg samtalekulturen i folkemusikken, spesielt i indre Telemark og i Setesdal. Han såg på korleis språket inneheld mange kodar som kan vere vanskelege å forstå for folk som ikkje har dei same referansene som utøvarane på scenen, og korleis folkemusikken då kan bli utilgjengeleg, sjølv om folk eigentleg vil at han skal vere det motsette.  

«Det skjer mykje spennande i folkemusikken. Med ein kritikar som kan både faget og formidling, kan NRK presentere dette til eit større publikum.»

Aaste Kveseth, NRK Folkemusikk

Må kaste terning 

I vår uttrykte fleire av dei NRK-tilsette misnøye rundt at terningkast er innført i alle anmeldelsar på NRK. Furubotn er også ambivalent til terningen. 

– Eg har litt blanda kjensler rundt dette med terning. Men om eg skal trekkje fram det som kan vere positivt ved det, er at når ein bestemmer kva terningkast ein produksjon skal få, må ein grunngje og uttrykke det klart. Så det kan vere eit middel for klarare å få fram kvifor ein fall ned på det eine eller andre talet. I mitt hovud prøver terningen å vurdere verket som eit isolert estetisk objekt, noko eg tykkjer er problematisk. For i ein god anmeldelse vil ein jo gjerne sette verket i ein kontekst, der ein kan sjå det i til dømes eit aktuelt samfunnslys eller stille filosofiske spørsmål. Men denne terningen treffer ikkje konteksten, seier han. 

Førebels har han ikkje slakta noko. Men han gruer seg til den dagen det eventuelt kjem noko han synest er dårlig.  

– Det er eit lite miljø, og det kan vere vanskeleg ikkje å såre nokon, seier han og legg til at det er den minst kjekke delen av jobben.  

Med rundt ein anmeldelse i månaden, og altså rundt tolv i året, seier det seg sjølv at ikkje alt som kjem ut innan folkemusikksjangeren får plass i NRKs flater.  

– Difor er det viktig med spreiing innanfor sjangeren, mellom utgjevarar, i geografi, kjønn og så vidare. Det er viktig å vere bevisst på dette heile vegen, ved å vurdere eit godt utval av utgjevingar.  

Aaste Kveseth i NRK fortel dette om utveljinga:  

– Det er ein dialog mellom kritikarar og redaksjonane. Vi ser etter det som kan treffe eit litt større publikum og som har potensial til å nå utover musikkmiljøets grenser. Samarbeidet med vår nye folkemusikkritikar er framleis i støpeskeia, så nå i starten vil vi gå forsiktige og nysgjerrige framover.