Sidan 1. september har Johanne Flottorp arbeidd i 20 prosent stilling som redaksjonsmedarbeidar i Folkemusikk. Ho jobbar frå heimekontor på Gvarv i Telemark, og kombinerer denne jobben med å vere frilansmusikar og kulturskulelærar i Midt-Telemark og Notodden.
– Eg er glad for å ta fatt på jobben i Folkemusikk. Eg har vore i miljøet sidan eg starta med hardingfele som seksåring og synast det er mange interessante folk, historier og fenomen på dette feltet, seier Flottorp.
Ho skal i hovudsak jobbe med nettsida til Folkemusikk.no, og syte for litt hyppigare oppdateringar av stort og smått som skjer rundt om i Noreg. I tillegg kjem ho til å skrive litt for papirutgåva.
– Nå som eg er godt i gang med arbeidet, byrjer eg å få litt oversikt over kva som rører seg i miljøet om dagen. Men eg får ikkje med meg alt, så eg håper folk rundt i landet vil sende meg tips om ting som skjer, personar som held på med noko interessant eller andre gode historier, seier Flottorp.
Om du skulle ha eit tips til ho, kan du sende ein e-post til johanne@folkemusikk.no.