Introfolk er eit lanseringsprogram i regi av FolkOrg. Det har som mål å styrke den norske og samiske tradisjonsmusikken, og særleg vekt er det lagt på det solistiske uttrykket. Gjennom semifinalar i september og ein finale under Folkelarm i november, skal FolkOrg og Gramo finne ut kven som kan kalle seg Årets unge folkemusikar 2022 og bli 100.000 kroner rikare.

I semifinalen deltek seks solistar, der tre av desse går vidare til finalen som skal haldast laurdag 26. november. Musikarar fødde i 1992 eller seinare kan melde seg på.

FolkOrg skriv i ei pressemelding at Introfolk, i tillegg til å vere ein musikkonkurranse, er ein arena der unge folkemusikarar kan få utvikle seg som kunstnarar og få erfaring med å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. Det er også eit poeng å vise breidda av solistar både innanfor norsk og samisk folkemusikk. Sjølv om det ikkje er eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, meiner samarbeidspartnarane at dette aspektet speglar ei musikarrøynd, der det er kamp om merksemd frå presse, arrangørar og publikum.

Ny runde med Introfolk
FolkOrg og Gramo arrangerer igjen Introfolk for unge folkemusikktalent. Førre gong Introfolk blei arrangert, var det Sigrid Stubsveen som stakk av med sigeren og sjekken.

Tidlegare vinnarar av Introfolk er: Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007), Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015), Ole Nilssen (2018) og Sigrid Stubsveen (2020).