John Ole Morken er for lengst ei kjent stemme i NRK. Han leverer intervju og presenterer ny musikk og aktuelle hendingar frå det norske folkemusikkmiljøet, i hovudsak til Folkemusikktimen og til programposten Musikklivet i P2.
På NRKs nettside og i NRK Radio-appen har Folkemusikktimen fått ny visuell profil. NRK håpar det vil gjere det lettare for nye lyttarar å oppdage folkemusikkprogrammet.
Folkemusikktimen blir framleis sendt på NRK P2 søndagar klokka 18 med reprise klokka 06 søndagen etter. Anders E. Røine har komponert ny kjenningsmelodi til det tradisjonsrike programmet.
I ein ny programserie i Folkemusikktimen kalla «Min folkemusikk» deler aktuelle personar musikk og historier. Tuva Færden og Helga Myhr var først ut i den nye serien, og program med Kim Rysstad, Lars Erik Øygarden og Marie Tveiten er òg sendt. Framover er det planlagt program med blant andre Synnøve Brøndbo Plassen og Anders Lillebo.
Fleire forbetringar
NRK peikar på fleire forbetringar. Folkemusikktimen inngår som eitt av mange tilbod på 24-timarkanalen NRK Folkemusikk. Heile databasen med folkemusikk er oppdatert, utvalet er gjort større og lydkvaliteten er blitt betre.
I 24-timarkanalen vil NRK løfte fram ny, norsk folkemusikk, ikkje minst musikk gitt ut siste året, og gammaldansmusikken. Begge får eigne sendeflater på kanalen i helgene.
Programma Folkemusikktimen og Jungeltelegrafen blir sendt kvar føremiddag og kveld på NRK Folkemusikk. Resten av døgnet sender 24-timarkanalen ein miks av den beste folkemusikken.
Nokre av dei faste programpostane i kanalen NRK Folkemusikk:
- Årets utgivingar: laurdag og søndag klokka 12–13 og 22–23
- Gammaldans: fredag og laurdag klokka 20–22
- Folkemusikktimen: måndag, onsdag og fredag klokka 12–13 og 22–23
- Jungeltelegrafen: tysdag og torsdag klokka 12–13 og 22–23
Les også:
Folkemusikk i fleire kanalar (23.09.2022)
Folkemusikktimen i 85 år (09.03.2016)
NRK si musikalske forståing (22.04.2014)
Meir om NRK på folkemusikk.no