Vi byrjar med eit utval plater der ei gruppe musikarar står bak innspelingane – men det er òg om lag alt dei åtte utgivingane har felles. Om ei vekes tid skal vi sjå på nokre soloutgivingar frå dei siste månadene.
Julie Alapnes: Helleristning (Talik)
Aller først: folkemusikkinspirert pop-rock frå verdas nordlegaste musikkhovudstad. Plateselskapet Ta:lik starta opp med begge beina i tradisjonelle musikklandskap, men har gitt ut stadig meir musikk på sida av det mest tradisjonsnære. Julie Alapnes er tromsøværing med røter i Målselv og har ein rikhaldig platekatalog bak seg, mellom andre i samarbeid med landsdelsmusikarane Fotefar. Både folkemusikkbygda og den rike kulturheimbyen hennar set preg på musikken ho spelar og skriv.
Helleristingane skriv seg frå meir enn 2500 år tilbake i tid, og så langt tilbake kan vi ikkje tidfeste nokon folkemusikk. Så er også all musikken på plata Helleristning nyskriven; platetittelen er henta frå opningssporet, med tekst skriven av eit bandmedlem frå ein by kjent for helleristingar: altaværing Petter Carlsen. Dei fleste låtane har Alapnes sjølv komponert, mange av dei saman med bandkollega og ektemann Halvard Rundberg. Siste bandmedlemmet er trommeslagar Aleksander Kostoupolos, som òg spelar på debutplata til Folkelarm-aktuelle Tundra Electro.
Unni Løvlid, Anne Hytta og Ingfrid Breie Nyhus: Unamna (Simax/Grappa)
På Unamna treffer vi att slåttane Edvarg Grieg arrangerte for piano i sitt opus 66, 19 norske folkeviser. Plata hyllar kvinnene som var slåttekjelder for Grieg og andre, og set søkelyset på korleis kvinner har vore heilt sentrale i å bere tradisjonsslåttane vidare, ofte gjennom song. Som vi les i plateomslaget: «Kvinnene som song lokkar, slåttar, bådnlåtar, slåttestev og viser, har vore like viktige tradisjonsberarar som instrumentalistane. Men ofte er namna deira ikkje bevart eller vidareført. Dei er usynlege.»
I konsept og slåtteutforming legg trioen vekt på korleis det personlege preget er heilt grunnleggande i all tradisjonsbevaring. Slik Griegs arrangement var særprega og ikkje dansemusikk, er dette musikk du lyttar til. Du høyrer tydeleg kvart enkelt instrument utfalde seg: hardingfele, piano, trøorgel og song. Plata er produsert av den allsidige komponisten og cellisten Lene Grenager.
Lodestar Trio: Bach to Folk (Arc Music/Naxos)
Olav Luksengård Mjelva og Erik Rydvall har samarbeidd mykje, og er i år blitt verdskjende gjennom den amerikanske TV-serien Lord of the Rings: The Rings of Power. No har dei også gitt ut plate med ein ny trio, i kompaniskap med den britiske fiolinisten Max Baillie. På Bach to Folk møter «Scandi trad» barokkmusikken, i hovudsak i Johann Sebastian Bach sine komposisjonar. Eit ideelt landskap for trioen og instrumenta deira – fiolin, hardingfele og nøkkelharpe – og eit Mjelva mellom anna vitja i 2016 på prosjektet Musicus – folkbarokk fra Rørosområdet.
Erlend Viken Trio: Fete slåtta (Heilo/Grappa)
Fem år etter den førre, kjem no tredje trioplate med oppdalingen Erlend Viken. Også denne gongen har han med Marius Graff på gitar og diverse strengeleikar, medan celloen frå dei to første platene er bytta ut med dei djupare strengene til bassist Sondre Meisfjord. Viken sjølv vekslar som tidlegare mellom fele og hardingfele, og denne gongen er alle spora tradisjonelle slåttar – dei to føregåande platene har hatt ei overvekt av Viken-komposisjonar.
Materialet på Fete slåtta kjem frå mange plassar, mellom anna Rogaland, Valdres og Sogn – platetittelen fortel vel sitt om korleis dei er valde ut. Primært er dette nok meint som lyttemusikk, men her er mange låtar som kan gi dansefot. Produsent er Olav Torget, som på tre av spora òg trakterer den vestafrikanske lutten konting, ifølge mange stamfaren til den nordamerikanske banjoen. Eit instrument gitarist Graff forresten spelar godt på førre plata til Viken Trio, som dei vitja bransjetreffen Womex med.
Inger Hannisdal: North South East West (OK World/Jazzland)
Om Erlend Viken har geografisk allsidige inspirasjonskjelder sine, kan ein iallfall seie det same om Inger Hannisdal. Felespelaren vaks opp aust i Oslo, og etter mellomaust- og middelhavsstudium i Paris reiste ho til Beirut for å studere arabisk musikk. I vår var ho å sjå på Riksscenen på den arabiske musikk- og dansekvelden Diwan, Og i haust har ho platedebutert på Bugge Wesseltofts plateselskap (som forresten òg gir ut ny plate med Torgeir Vassvik no i desember). All musikken er skriven av Hannisdal sjølv, med preg av både Balkan, Norden og land lenger sør og aust, og felestrøka er umiskjenneleg midtaustleg prega. Medmusikantar er Michaela Antalová, Frode Haltli, Khalid Laaouam og Adrian Myhr.
Eriksson/Myhr/Malmström: För sola skin’ på tak (Heilo/Grappa)
Den Oslo-baserte svensken Thomas Eriksson er kjend mellom anna frå GKN5 og snart tolv sesongar i bandet på Västanå teater. På siste plata si spelar han gitar og har komponert all musikken, lyriske og ofte folkedansbare låtar i moderne tradisjonell stil. Med i trioen er Anna Malmström på sopran- og bassklarinett og Helga Myhr på hardingfele og stundom song. Kvart instrument skin tydeleg i den klokkeklare produksjonen, som Tuva Syvertsen står bak.
Sør-Fron Spelmannslag: Slåtter til sluskeball, brudlaup og finfine selskap (Talik)
Ei ganske anna form for samspel står Sør-Fron Spelmannslag for. Dei har gitt ut plate før, og vann endatil spellemannpris for debutplata i 1991. Den gong var Øystein Rudi musikalsk leiar, før Erik Bjørke leia laget gjennom svært mange år – til eit utal sigrar på landskappleik og landsfestival. På plate som på scene leverer dei runddansmusikk av høgste kaliber, og etter snart tjue år har mange sett fram til ny plate frå laget. På den nye plata med den lange tittelen er dei tjuetre personar, men det er uråd å høyre; samspelet, no under leiing av Ola Kjorstad, er som vanleg botnsolid.
Spelemannslaget Fjelljom ofl.: Storereinlendaren og andre slåttar av og etter P.M. Bolstad (Aksent)
«Fagre Stryn» er den mest kjende av eit utal komposisjonar forbunde med ålesundar Per Bolstad. Far hans, P.M. Bolstad frå Stryn, er ikkje like kjend, og i haust sleppte Aksent den visstnok aller første plateutgivinga der far står i sentrum. Sentrale bakmenn er to som har samarbeidd mykje før: plateselskapssjef og trekkspelar Håvard Svendsrud, og prisvinnande tradisjonsberar og pedagog Arne Sølvberg. Sølvbergs førre plate kom i fjor i samarbeid med gitarist Øyvind Lyslo, og heitte Slåttar og tonestykkje av Anders Viken.
Alle slåttane blei innspelte på Fjellvarden ungdomshus i Stryn over tre dagar i april, med Audun Strype bak spakane. Duoen Sølvberg og Svendsrud spelar dei fleste slåttane, medan Spelemannslaget Fjelljom òg bidrar solid med ti slåttar. To springarar spelar det unge talentet Åsmund Arnesen Farstad frå Volda, som i 2018 vann Audhild Flaktveit Moxnes’ minnepris. I CD-omslaget på dobbeltplata står mykje å lese om slåttane, slåttekjelda og tradisjonen dei kom frå.
Nye Ringnesin: Fjelljenta, Frå vals til vise og Leik (1992—2002, Kvarts)
Det finst masse god bygde- og runddansmusikk som er gitt ut på LP, kassett og stundom CD, men aldri i strøymetenestene. For mellom tjue og tretti år sidan gav sekstetten Nye Ringnesin ut tre plater, og alle desse har no fått opprusta lyd og er tilgjengeleggjorde av plateselskapet Kvarts. Platene er spelte inn hos, og produsert av studiolegenden Jan Erik Kongshaug, og hovudvekta ligg på runddansmusikk i tradisjon med førsteklasses dansetakt. Her er også innslag av springleikar, bruremarsjar og lyriske stykke, og på alle platene syng Reidar Svare på nokre låtar. Vonleg kan vi gle oss til at mange gløymde perler får nytt liv på denne måten i åra som kjem. Har du tips til andre gamle plater som er nyutgitte på internett – eller for den del heilt nye plater som fortener omtale – så send meg ein e-post!