Det er slutt på dei tidene då det låg innspelt musikk under kvart eit juletre. Strøyming av musikk er for lengst blitt allemanseige. Framleis er det råd å få kjøpt alle plater til odel og eige, men ikkje alltid fysisk. Det kjem stadig ut CD-ar, og nettbutikken til Platekompaniet – som no berre har éin fysisk butikk igjen i heile landet, på Oslo City – har førjulssal på nye CD-er om dagen. Men nokre plater kjem berre ut på det drygt sytti år gamle formatet vinyl-LP – det gjeld mellom anna plata til Helga Myhr.
Nokre av platene kan kjøpast i nettbutikken Bandcamp, digitalt og stundom også fysisk. Bandcamp har ein forretningsmodell som gir artistane sjølve kontroll over salet og ein relativt stor prosent av salssummen, og mange artistar set pris på at ein handlar musikk der. På Bandcamp finst platene til Helga Myhr og dei tre platene frå Taragot Sounds, og tre av platene vi skreiv om for ei veke sidan: Erlend Viken Trio, Inger Hannisdal og Eriksson/Myhr/Malmström.
Per Anders Buen Garnås: Anno 2001 og 2021 (Talik)
Bøheringen som i november blei utnemnd til årets folkemusikar på Folkelarm, kom i sommar ut med to plater samtidig. Den eine heiter Anno 2021 og har musikk spelt inn i Kragerø for ganske nøyaktig eit år sidan. Den andre heiter Anno 2001, innspelt det året i Lofthus kyrkje i Hardanger, og inneheld slåttar som ikkje kom med på debutplata Åleine (Buen Kulturverkstad). Kyrkjerommet bidrar til monaleg meir romklang på desse innspelingane. Begge platene er dominert av bygdedansslåttar i tradisjon frå Telemark. Den nye plata har tre komposisjonar av utøvaren sjølv, medan 2001-plata har tre komposisjonar kvar av Eivind Mo og Johannes K. Dahle.
Helga Myhr: Andsyning (Heilo/Grappa)
Dette er plateversjonen av tingingsverket Myhr komponerte til Osafestivalen på Voss i 2020. Myhr har med seg eit band beståande av landskappleiksvinnar Malin Alander, Michaela Antalová, Rasmus Kjorstad og Adrian Myhr. Alander syng tre tekstar av lyrikaren Margit Lappegard (1918–2011) frå Leveld, og stemma hennar er eit sentralt instrument også på spora utan tekst. Utgangspunktet for den nyskrivne musikken er slåttemusikk frå Hallingdal, sjølv om det sjeldan er direkte tradisjonelt i formen. Musikken gir mykje fridom til dei drivne musikarane, som nyttar heile repertoaret sitt av speleteknikkar frå eksperimentell boge-, finger- og stemmeføring til meir alderdomleg spel.
Albin Myrin: 10 springleikar från Lom (Melovitten)
Den unge folkemusikaren frå Värmland er nyleg utdanna frå Kungliga musikhögskolan i Stockholm, og undervegs i studiet var han på utveksling til Musikkhøgskolen i Oslo. Han har ein særleg kjærleik til springleik frå Lom, og den musikken er fellesnemnaren for plata han i november gav ut på det ferske, men alt Folkelarmpris-vinnande plateselskapet Melovitten. På 10 springleikar från Lom spelar han C-klarinett på alle låtane, og to gjestemusikarar er med på eit utval spor: felespelar Tommy Lundgren og tverrfløytist Daniela Söderlund.
Aslak Brimi: Teleskopter og andre usynlege ting (Talik)
Ein annan allsidig musikar og komponist kjend for springleikar frå Lom, men no ute med noko heilt anna, er Aslak Opsahl Brimi. Etter Spelleman-nominerte Huldra Hildur i 2020 står han no bak eit nytt barnemusikkunivers, denne gongen i samarbeid med tekstforfattar Frikk Gjeilo. Sistnemnde er ein ung visesongar som snart kjem ut med andre soloplata si på det ferske folkemusikkselskapet Melovitten. På plata, sleppt på Diktardagar på seinsommaren, har dei med seg Kenneth Ekornes, Aksel Jensen, Gudmund Bolstad Skjær og Pål Svindland.
Geirr Lystrup: Bæssfar og je (plate og bok, Juni musikk & Juni forlag)
Ein annan namngjeten musikar som har laga eit nytt univers for barn, er Geirr Lystrup. «Songen Bæssfar og je», kjend frå radioteater- og riksteaterstykket Brakar og Johanna, har han no bygd ut til ei eiga barnebok med musikk som er tilgjengeleg som strøyming. Melodiane er dels sjølvskrivne og dels skandinaviske tradisjonslåtar, og mellom musikarane finn vi Camilla Granlien, Hans Fredrik Jacobsen, Roger Tallroth og Marius Westling. Ofte møter vi to generasjonar med musikarar saman, som det høver seg på slik ei familieplate.
Dokumentasjon frå Etnisk Musikklubb: Knut Myrann, Tor Johan Bøen og Rune Martinsen
Etnisk Musikklubb, eller EMCD, held stadig stand som både plateklubb og -selskap. I år har dei gitt ut tre plater som dokumenterer musikkarv frå bygder kring heimbyen til selskapet, Kongsberg. To hardingfeleplater sleppte dei på Landskappleiken på Rjukan i juni: Frå morgon til kveld med 90-åring Knut Myrann, numedøl busett i Nes i Hallingdal, og Kvilesteinen med Tor Johan Bøen, best kjend som fiolinist i meir klassiske musikklandskap. På plata Kvilesteinen spelar Bøen slåttekomposisjonar av Svein Haugetrå (1905–1996) frå Gransherad, for det meste dansevenlege springarar og gangarar. I det interessante tekstheftet kan vi lese at Haugetrå, ved sidan av å føre vidare og legge slåttar til tradisjonen, dreiv med både yoga og vegetarisk mat.
Endå meir tekst – i bokformat med to CD-ar til – følger med plata til Rune Martinsen frå Oslo, med anar frå Modum. Tilbake i 1987 blei Martinsen beden om å vitje og skrive ned runddansslåttar etter durspelar Karsten Hansen (1922–1999) i Modum. I prosessen med det som blei eit notehefte i 1990, lærte Martinsen seg sjølv å spele durspel. På utgivinga Børjen-låter. Tradisjonen etter Karsten Hansen, Vikersund spelar han meir enn femti runddansslåttar etter Hansen, og i den rikt illustrerte boka fortel han levande om sine møte med Karsten og kona Edna Hansen. Vi får lese om livs- og bygdehistorie og tradisjonen ned til kvar enkelt slått. Mykje av teksten er avskrift av Martinsens mange intervjuopptak med Hansen, noko som gir ein levande koloritt til framstillinga.
Solo slåttespel frå Taragot: Mats Edén, Ånon Egeland og Tellef Kvifte
Tellef Kvifte, professor emeritus ved USN, driv også plateselskapet Taragot Sounds, som gir ut mykje særmerkt, heilt eller delvis tradisjonell musikk. I år har han mellom anna funne fram eit knippe opptak frå 1990-talet der han sjølv spelar norske tradisjonsslåttar på sekkepipe – for det meste bygdedansslåttar og stevtonar frå Agder. I plateheftet, som du kan laste ned gratis frå heimesida til selskapet, skriv den allsidige musikaren at han først lærte seg alle slåttane på hardingfele, før han overførte slåttane til sekkepipa. Du kan òg lese kvifor Kvifte meiner sekkepipa er blåseinstrumentet som eignar seg best til hardingfeleslåttar.
To andre soloutgivingar har Taragot Sounds òg gitt ut i år. Kviftes band- og pedagogkollega Ånon Egeland, også kritikar her i Folkemusikk, er kommen ut med Ånon II der han spelar særprega, ofte ukjende slåttar på vekselvis hardingfele og munnharpe. Felespelar Mats Edén frå Värmland har samarbeidd mykje med norske musikarar gjennom åra, men på Alvaleken: från de edénska samlingarna spelar han eigne slåttekomposisjonar heilt solo. Plata kom digitalt i fjor og fysisk i år.
Ingrid Jasmin: Luna (IJV)
Ingrid Jasmin Vogt er frå Telemark med familie i Costa Rica, og har budd lenge og studert musikk i Spania og Cuba. Etter mange år som konsertartist og sentral i det vesle norske flamencomiljøet, er ho no ute med debutplata si. Mellom medmusikantane finn vi Sidiki Camara, Tuva Færden, Mattis Kleppen, Almir Mešković og Thov Wetterhus. På denne heildigitale utgivinga syng Vogt for det meste eigne komposisjonar med tekstar på spansk, men her er også songar på norsk med folkemusikalske element. Musikken og songstilen ligg nok nærast moderne flamenco.