Tekst: Redaksjonen


HEKATE – Adam uti Paradis (singel)

Vokaltrioen HEKATE – med Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen – er på veg inn i den norske folkemusikkscena med ein særs klar visjon: Å lyfte slåttetrallinga ut i lyset, og gje henne nytt liv og ny kraft. Debutsingelen Adam uti Paradis, som kjem 11. april på Heilo, er første smakebit frå det kommande albumet Evigheten forestår, som blir sleppt 13. juni med Martin Langlie som produsent.

Låten er ein tradisjonell reinlender frå Agder, lært etter opptak av Tom Willy Rustad, og tek føre seg ein underleg tekst der Adam i paradis et opp ein halvroten gris. HEKATE nyttar repetitive motiv og improvisasjon for å skape eit suggererande og versjon av låtten.

Trioen hentar inspirasjon frå den kraftfulle og feminine energien som lenge har vore knytt til slåttetrallinga, og ser på samsongen som ryggraden i både dans og fellesskap. Med kompromisslaus kveding er HEKATE i ferd med å byggje eit heilt eige musikalske univers.


Vegar Vårdal – Forspill til Alumni (singel)

Med den andre singelen frå soloalbumet Uventa gir Vegar Vårdal oss eit nytt innblikk i sin leikande improvisasjonsstil. Forspill til Alumni er ein improvisasjon for hardingfele, der Vårdal er utfordra til å komponere ein lått som kunne gå for vere tradisjonell.

Improvisasjonen, som dreg linjer til slåttemusikken i Telemark, danna seinare grunnlaget for ein komponert telespringar i prosjektet Alumni, der Vårdal har invitert tidlegare studentar til musikalsk utveksling og utfordring. 

Singelen blir lansert som musikkvideo, og inngår i ein serie med filmatiske kapittel med ein omreisande sirkusunivers skapt av Mette Vårdal. Heile Uventa-prosjektet er eit slags musikalsk midtvegsrapport over Vegar Vårdal sine 30 år som musikar, og inngår i ein trilogi av album som blir lansert i samband med 50-årsdagen hans.

Hardingfela han spelar på, er elles bygd av Ottar Kaasa, og utlånt av Dextra Musica – eit instrument som, ifølgje Vårdal sjølv, "svarar" han tilbake.


Olav Kielland – 7 slåttar for fele m.m.

I ein heilt annan ende av det musikalske tidsspekteret finn vi utgjevinga av hardingfeleverk etter Olav Kielland (1901–1985) – komponisten og dirigenten som i ein periode stod i front for norsk samtidsmusikk, men som sidan har hamna i skuggen.

Med 7 slåttar for fele og andre kammerverk får publikum no høyre korleis Kielland forsøkte å overføre hardingfelas polyfone moglegheiter til symfonisk musikk. Slåttane har titlar som Raudmyr-hallingen, Tussane i Raudmyr og Krokbakkjen. 

Etter å ha busett seg på garden Raudmyr i Bø under krigen, studerte Kielland lokal folkemusikk, og musikken hans frå denne tida representerer eit møte mellom norsk slåttemusikk og europeisk modernisme. At desse verka no blir lansert, er eit viktig bidrag til å reetablere Kiellands plass i norsk musikkhistorie – ikkje minst som ein komponist som tok folkemusikken på djupt alvor.