Tekst: Redaksjonen.
Ingrid Lingaas Fossum: Tolvtalsvisa frå Eit halvt tusenår
I samband med 500-årsjubileet for den eldst daterte langeleiken i Noreg, gav Ingrid Lingaas Fossum i fjor ut albumet Eit halvt tusenår på ta:lik. Plata presenterer eldre langeleikmusikk i nært samspel med dei historiske instrumenta sjølve. No er ein stemningsfull video frå innspelinga ute – ta ein kikk på korleis dei gamle leikane vart tekne i bruk att i studio:
Qvam/Plassen: «Springar» frå komande album
Duoen Synnøve Brøndbo Plassen og Bendik Smedåsgjelten Qvam slepper i dag singelen «Springar», som er andre smakebit frå albumet Stråk, med slepp 9. mai. Musikken skal høve perfekt for både påskefjell og solvegg, melder plateselskapet Melovitten.
🎶 Lytt til «Springar»
🎶 Lytt til «Sven Svane»
Mikkel Rev: Hardingfele møter rock
I dag slepper bandet Mikkel Rev sine to første singlar: Skorsvikjen og Burkens botten. Her får du hardingfeleslåttar i rockeham, med elgitar, trommer og eit solid dryss improvisasjon. Bandet omtalar seg sjølve som «det skeiveste rareste sløyeste fugleskremselbandet» – og vi er einige i at bandet bør sjekkast nærmare ut.
🎸 Burkens botten – pre-save
🎸 Skorsvikjen – pre-save
Ævestaden og Sigurd Ytre-Arne: «Gjennom natten»
Den siste singelen frå samarbeidet mellom Ævestaden og Sigurd Ytre-Arne, Gjennom natten, tek oss med på ei lydreise gjennom ei mørklagt bygate – berre opplyst av lyktestolpar og stemningsfull klang.