– Ikkje til forkleining for Oslo, men etter 10 år i byen blei det for mykje. Eg leigde meg eit lite hus i Vågå sentrum og etter eit halvt år dukka det opp ein plass oppi fjellsida, så då kasta me oss rundt og kjøpte det, fortel Bjørn Kåre Odde.

For snart to år sidan fekk han selskap av sambuar Solveig Brekke Hauknes i den vesle bygda i Ottadalen.

– Eg hadde nok tenkt på det ei stund, eg også, at det ikkje var feil for min del å flytte opp hit. Og plassen og huset var såpass fint at det var attraktivt å kjøpe, seier ho.

Bjørn Kåre stemmer i og seier at det er draumeplassen, med utsikt over bygda og med naturen rett utanfor.

«Området er veldig attraktivt å flytte til for folkemusikk- og folkedansinteresserte. Det er mykje aktivitet.»

Solveig Brekke Hauknes
Nyskaping på gamle tufter

Fleksibel arbeidsgjevar

Frå huset i skråninga har Solveig til no jobba i Noregs Ungdomslag, men frå 1. juni har ho eit års permisjon og skal jobbe på Vinstra, som produsent og frivilligansvarleg i Peer Gynt. Bjørn Kåre kombinerer frilansing som musikar med både masterstudiar og undervisingsjobb på Noregs musikkhøgskule i Oslo.

Eit felles prosjekt for dei to det siste året har vore å få Melovitten AS opp og gå. Dette er eit firma som rommar alle tenestene dei to kan tilby: Prosjektleiing, danseinstruksjon, komponering, arrangering, spelekurs, musikk til ulike høve, plateutgjevingar og så vidare. Lista over ting dei kan, er lang.

– Eg har alltid tenkt at enkeltpersonsføretaket mitt skal bli eit AS. Når me flytte saman, blei det også naturleg å samle begge føretaka under same AS. Og når me først skulle starte eit selskap, kunne me jo kanskje gje ut album sjølv også? Så me blir også eit tilskot på marknaden som gjev ut folkemusikkalbum, eit plateselskap rett og slett, seier Bjørn Kåre.

No er dei i startgropa, men planen er å vekse seg litt større etter kvart, legg Solveig til.

Fleire utgivingar på gang

Å starte eit AS i seg sjølv er lett, men utfordringa er å finne ut alt du må kunne eller lære deg, held ho fram.

– Ting tek lengre tid enn ein trur i oppstarten. Det er viktig å prate med andre, då får ein mange tips, seier Bjørn Kåre. Han legg til at dei har god kontakt med Mette og Vegar Vårdal i Kultivator – ein annan kulturbedrift med adresse Vågå – både privat og profesjonelt.

I Melovitten er Bjørn Kåre dagleg leiar og Solveig styreleiar. Dei to første platene selskapet står bak, Folk Chamber og Hollos Efterfølgere si Gnr. 138, Bnr. 1, er Bjørn Kåre sjølv involvert i. Men etter kvart skal dei også gje ut musikk frå andre: Eit album med Mari Midtli og Astrid Sulheim kjem ut i 2023, og det same gjer eit album med Frikk Gjeilo. I tillegg skal Bjørn Kåre gje ut ny duoplate med Sivert Holmen, og spele inn eigen musikk med koret Schola Cantorum.

– Profilen vår er musikk som er ei blanding av folkemusikk og klassisk. Det er den typen musikk eg brenn for, og det er ikkje andre plateselskap som har akkurat det fokuset. Så eg trur me kan fylle eit rom og behov, seier Bjørn Kåre.

Fordelen med å gje ut musikken sin sjølv er at ein har full kontroll på alle ledd, frå søknadsprosess til utgjeving, legg han til. Som plateselskap kan ein òg få publiseringsstøtte, noko ein som artist ikkje kan.

– I tillegg kan ein bestemme litt meir korleis ein vil gjere det med marknadsføring og den biten der, legg Solveig til.

Bra på bygda

Mange yngre personar har flytt oppover Gudbrandsdalen dei siste åra. Bjørn Kåre og Solveig trur det er mange som vil vere del av eit mindre miljø.

– Vågå er midt i smørauget. Sjølv om det er langt til alt, er det eigentleg stutt til alt også. Det er tre og ein halv time til Trondheim, fire til Oslo og fem til Bergen, seier Bjørn Kåre.

– Og så går det jo tog. Ein kan få mykje gjort der når ein skal innover til byen. Då susar berre timane av garde. Så eg synest i grunnen ikkje det er så veldig langt, legg Solveig til.

Klimaet for å drive for seg sjølv i Gudbrandsdalen er veldig godt, seier dei. Jobben på Vinstra fekk Solveig gjennom ei Facebook-gruppe for unge folk med ambisjonar om å byggje nettverk og finne jobb i området.

At Gudbrandsdalen som område har stor aktivitet innanfor folkemusikk og folkedans, er også eit pluss. Bjørn Kåre har sidan 2013 vore musikalsk leiar i Lom spelemannslag, og Solveig er med som felespelar i laget. I tillegg er dei begge to innom Vågå juiorspelemannslag som instruktørar på både fele og dans.

– Området er veldig attraktivt å flytte til for folkemusikk- og folkedansinteresserte. Det er mykje aktivitet, med både øvingar og arrangement. Også for meg, som kjem utanfrå, det skal det lokale miljøet ha ros for, seier Solveig.

I Folkemusikk nr. 2/22, som er ute i veke 20, kan du lese ein lengre versjon av denne artikkelen.

Nyskaping på gamle tufter

Vidare lesing og lytting

Storgardsmusikk 200 år etter – Mette og Vegar Vårdal melder Hollos Efterfølgere og Aksent/Håvard Svendsruds jubileumsalbum for Anders Sørensen

Bjørn Kåre Odde: Folk Chamber – meldt av Halgrim Øistad

Stille: Samtaler om folkemusikk – episode av Kultivatorpodden/Får du fot med deltakarane på låtskrivarcampen Stille