Tekst: Kjellbjørn Karsrud
– FolkOrg har fått 675 000,- i støtte av BUFDIR i eit etableringstilskot, kan Live Visdal fortelja. Ho er rådgjevar for arbeid med barn og unge og rekrutteringsarbeid i FolkOrg.
Ho og Aslak Brimi har over tid jobba med ein stor søknad som no er løyvd. Bakgrunnen for at søknaden er innvilga ligg i innrapportering frå lokallag om innsatsen rundt om kring i landet. Talet på medlemmar under 26 år er avgjerande, og i søknadspapira til BUFDIR kunne dei vise til at det i organisasjonen finst 42 lokallag som har minst fem medlemmar under 26 år.
– Dette er takk vera den gode aktiviteten som skjer på lokallagsnivå. I fjor skulle alle lokallag sende inn årsrapport som vart brukt i BUFDIR-søknaden. Det er desse årsrapportane som har gjort at vi fekk pengane.
Tala ein har operert med i søknaden, er frå 2023, og Visdal ser at har vore stor auke i talet på unge medlemmar dei siste to åra. I tillegg har det kome til fleire lokallag.
Pengane skal brukast til eit handlingsprogram som er skissert i søknaden. Her står det mellom anna at FolkOrg skal opprette eit utval for barne- og ungdomsarbeid, der dei skal ha med representantar for under 26 år. Med desse pengane og dette utvalet får FolkOrg rom til å tydeleggjera arbeidet dei alt driv med, i endå større grad.
– Vi kan også vidareutvikle prosjekta vi allereie har, t.d. FolkLeiarUng. Vi skal laga eit kompetansehefte for unge leiarar på bakgrunn av FolkLeiarUng-prosjektet. Det er mange prosjekt på gang som blir lettare å gjennomføre på bakgrunn av dette, FolkelarmUng vart til dømes prøvd ut for fyrste gong i fjor. Dei unge organisasjonsspirene bør involverast både lokalt, regionalt og sentralt.
FolkOrg er elles medlem i Norsk musikkråd som arrangerer «De unges musikkting» for fyrste gong i år. Der er det ynskeleg at ein kan sende ein god gjeng som kan representere organisasjonen og prate for folkemusikken og folkedansen. På musikktingett vil det vera ungdom frå heile landet som driv med andre sjangrar. Det er gratis å delta og ein får til og med dekt opphald og reise. Dei som er interesserte, kan ta kontakt med Visdal.