Folkemusikk(halv)timen har eg høyrt på i meir enn 50 år. Stort sett med glede, men stundom med irritasjon. Frekvensen av sistnemnde reaksjon har vore aukande. Likevel har eg tenkt å halde fram som lydar. Andre er strengare, ikkje få folkemusikkvener seier beint ut at dei har slutta å høyre på, grunna lite interessant innhald.

Sundag 10. mai var ein merkestein i negativ lei, konkret eit innslag med gruppa «Bare Egil Spellemannslag». Kompetent musikalsk handverk, jau då. Kor mjukt det smaug i øyregangane vil vera individuelt. Poenget er at det var eit musikalsk uttrykk som ligg milavis frå norsk tradisjonsmusikk! No er ikkje det omgrepet så lett å definere, men dette var musikk som heller høyrer heime i eit generelt musikkprogram.

Utanom spesialkanalen NRK folkemusikk er andre program og kanalar kjemisk frie for slåttespel og kveding. I den eine timen i veka ventar me då å høyre t.d. Anders Kjerland, Kjetil Løndal, Hans W. Brimi, Signe Flatin Neset, Torleiv Bolstad eller ein av dei mange – både karar og kvende – som gjeng i fotefara deira. Ikkje at nokre i og for seg gode musikarar fær nytte tida til å leike seg med rabulistiske påhitt.

Om Folkemusikk(halv)timen
Egil Hegerberg, alias Bare Egil, har det siste året hatt fleire konsertar med Bare Egil Spellemannslag. I mai var gruppa å høyre på Folkemusikktimen.

Skal programmet a) verke konserverande, b) spegle samtida, eller c) skuve på utviklinga? I Rolf Myklebust si tid verka det konserverande, og takk for det. Offisiell intensjon er nok b), men i praksis blir det c). Om profilen no tener til å vinne nye lydarar skal vera usagt, men han tener i alle fall til å jaga burt gamle og trugne. Om det er leiaren av redaksjonen eller overordna føringar som stend bak veit eg ikkje – like gale er det.

Prøv dette kriteriet i valet om sending eller ikkje: Kunne musikken vore framførd på ein Landskappleik, som tevlingsnummer eller på ein konsert?

Eg er så fri og minnar om eit ord frå Skrifti: «Kva batar det eit menneske om han vinn heile verdi, men tapar sjeli si?»

Johan Vaa
Pensjonert tillitsvald, raklespilemann, stordansar, kjeftause og sjølvoppnemnt folkemusikkpoliti

P.s.: 24. mai blei merkesteinen flutt endå eit hakk, «Bare Egil» fekk heile timen til rådvelde. Revynummer med platte verbale poeng! Folkemusikken må tola å bli parodiert, var den redaksjonelle bodskapen. Jau då, men helst meir talentfullt, og i eit anna program. I storstoga skal det vera reint.

Rolf Myklebust  snur seg ikkje i grava. Han sviv. Nett det uroar knapt folkemusikkredaksjonen, men at trugne lydarar rømer, burde gjera det.
D.s.