Tekst: Pressemelding frå Osafestivalen

Årets program byr på fleire historiske tilbakeblikk med fleire kjende osanamn, fortel festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland. 

Knut Buen står på programmet 30 år etter at han var med under den aller fyrste Osafestivalen. Foto: Osafestivalen.

Knut Reiersrud er attende med «Tramp» som stod på programmet i 1994 Knut Buen stod på programet for 30 år sidan. I år opnar han jubileumsfestivalen i ord og tonar. Fantastiske Barokksolistene har vore med festivalen sidan starten. Dei er sjølvsagt inne med to konsertar Og ikkje minst: festivalsjefen frå 1994, Nils Økland, tek med seg Sigbjørn Apeland og byr på ein herleg konsert i Osasalen sundagen.

Introfolk-semifinalen går av stabelen under Osafestivalen. Her ser me deltakarane, Martin Steinum Brun, Andrea Søgnen, Åsmund A. Farstad, Vera Sonne, Amalie K. Tvilde og Trygve Liahagen.

Det er eit rikt program dei har lagt opp til. Ein kan i løpet av helga også få møte Erlend Apneseth, Synnøve Brøndbo Plassen, Gjermund Larsen, Hans Hulbækmo, Jo Einar Sterten Jansen, John Mathis Utsi, Sinikka Langeland, 

Også fleire grupper og dansekompani kjem. Mamelukk dansekompani, Kartellet, Erlend Viken Trio, Reolo, Hekate, Skrot, Strengjarhaugen spelemannslag, Gåte, Gjevre/Odde & Vårdal blant mange fleire. 

Det blir også arrangert semifinale i Introfolk. Sjå meir om denne konkurransen på heimesidene til Folkelarm

Sjå heile programmet her.

Osafestivalen i utvikling og vekst

Osafestivalen har heilt sidan starten hatt ein unik posisjon i Noreg som møtestad for tradisjons- og samtidsuttrykk der folkemusikken møter og bryner seg på nærliggande musikkformer. Festivalen vert arrangert siste helga i oktober kvart år og tilbyr om lag 50 arrangement i ulik storleik fordelt over tre, fire dagar. 

Festivalen er ein viktig arbeidsgjevar for frilansmusikarar frå heile fylket, både innan klassisk og folkemusikk. Gjennom mange år har me hatt større tingingsverk som har fått nasjonal og internasjonal merksemd. Gjennom profilen med tradisjonsmusikken som møter nærliggjande sjangrar, har dei også gått i nye klanglege retningar mellom samtidsmusikk, jazz og folkemusikk og lagt grunnlaget for musikalsk utvikling, seier Dyrkorn Heierland.

I tillegg står festivalen for heilårsscena Osascena og UngOsa (samarbeid med Hardingfela.no), som er ei helgesamling for born og unge med interesse for folkemusikk og -dans. Festivalen har tilhaldsstad på Ole Bull Akademiet der dagleg leiar og festivalkoordinator er faste tilsette.

Dei unge får ein sentral plass på festivalen gjennom UngOsa, mellom anna gjennom familiekonsert. Foto: Osafestivalen.

Osafestivalen i utvikling og vekst

Osafestivalen har hatt ei markant utvikling dei siste åra med omsyn til publikumsutvikling, programmering, teknisk produksjon og satsing på born og unge. I 2023 noterte dei på ny det beste billettsalet i festivalen si historie etter årlege rekordar sidan 2018. Pila har berre peika ein veg. Festivalomsetninga i 2018 var kr. 2 025 994,- samanlikna med kr. 4 597 594,- i 2023. 

Programomfanget har vakse frå 18 programpostar i 2018 til 50 i 2023. Gjennom dei siste fem åra har me utvikla eit eige, heilskapleg og gjennomgåande sceneuttrykk for alle scener og flater som styrker ein gjennomgåande identitet for Osafestivalen. Dette også eit tyngre og meir profesjonelt apparat på den scenetekniske sida som følgjer opp festivalen året igjennom, kan festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland fortelja, fortel Dyrkorn Heierland.

Ei felles satsing med Sprilt Event på ein større teknisk produksjon har gjort at festivalen har fått den posisjonen han har no i det folkemusikalske festivallandskapet. Og når Voss Sparebank no går tyngre inn som generalsponsor for festivalen er me klare til klare til å innta ein langt tydelegare posisjon som kulturelt kraftsenter i Vestland og nasjonalt i tida som kjem.

I NRK-programmet ligg det ute fleire program om Sigbjørn Bernhoft Osa. Mellom anna dette med tittelen “Med felai voggegåve”. Klikk på biletet for å sjå programmet.

Tradisjon møter samtid: Den nye bølgja

I NRK serien «Trollstemt», nyleg sendt på NRK, vert me kjende med fleire av dei nye namna i norsk folkemusikk. Ein gong i månaden kokar det på dansegolvet under «Tuvas blodklubb» på Riksscenen i Oslo. Ein ny generasjon ungdommar har for lengst oppdaga og teke til seg folkemusikken og -dansen. Og dette er på langt nær noko byfenomen. 

Den same tendensen ser me på Voss: tradisjonsdansen har aldri vore meir populær. Kvar veke kjem ungdom til Ungdomshallen og Ole Bull Akademiet for å lære dei tradisjonelle dansestega, og når Einar Mjølsnes dreg i gang fela på open scene i Gamlekinoen, trampar dei unge takta. Både det tradisjonelle slåttespelet og dei meir eksperimentelle formene der folkemusikken bryner seg på t.d. elektronisk dansemusikk, er populære. Tradisjonsmusikken i Noreg har utan tvil vorte ein snakkis, seier Dyrkorn Heierland.

Reolô tek turen til Voss i helga.

Osafestivalen arbeider strategisk med å følgje opp og med på denne nye stimen. Festivalen har klart å rekruttere eit stort tal yngre publikum og meir enn dobla talet på frivillige dei siste åra frå 60 i 2018 til over 160 i 2024. I 2024 står t.d. fleire av gruppene som representerer denne nye klubbølgja på programmet: Réolo, Naaljos Ljom og vokaltrioen Hekate. Festivalen står utan tvil fram som ein av dei store formidlarane av tradisjon-samtid spennet i norsk folkemusikk i kulturregionen Vestland og nasjonalt.

Hekate er ei av gruppene som kjem til Osafestivalen i år. Foto: Osafestivalen.

Osafestivalen som kunnskapsformidlar og kunnskapsbyggjar

Gjennom ei nær kopling til Ole Bull Akademiet og fagleg tyngde frå dei ovannemnde kompetansemiljøa i Hardanger/Voss-området har festivalen ein sterk regional posisjon som kunnskapsformidlar som opnar opp, overraskar, utfordrar, tek sjansar og inviterer folk inn i
folkemusikkverda. Festivalen driv òg aktiv kunnskapsbygging i møte med publikum. 

I programposten «Meistertimen», til dømes, blir publikum tekne med inn i ein meister/elev-situasjon der dei får sjå og oppleve korleis overlevering av tradisjonar, teknikk og kunnskap skjer i praksis, fortel Dyrkorn Heierland.

Festivalen tingar også eigne konsertføredrag til programposten «Osamæle» og gjennomfører fleire kurs kvart år i dans,
song, seljefløyte og munnharpe for folk i alle aldrar.

Årets Osamæle: Martin Hayes “Interpreting melodies and finding your voice within traditional music». Foto: Osafestivalen.

Ein møteplass for alle

Helgekurset UngOsa er ein sentral del av Osafestivalen. Foto: Osafestivalen.

I tillegg til å vere ein viktig berekraftig møteplass for artistar der dei kan utøve si musikalske verksemd, har Osafestivalen blitt ein viktig kulturell og sosial møteplass, både for folk i heile regionen og utanfrå. Den posisjonen festivalen har fått i dag er resultat av ei samskaping mellom miljøet på Ole Bull Akademiet og eit stort tal frivillige heilt sidan starten. 

Dei trufaste eldsjelene og publikum må me ta vare på. Samstundes må me tenkje rekruttering og på korleis festivalen skal gjere seg relevant for nye publikumsgrupper i tida som kjem, seier festivalsjef Dyrkorn Heierland.