Tekst: Riksscenen, OsloFolk og Kjellbjørn Karsrud

Spelemannslaget Bøheringen pakkar hardingfelene og tek turen til Rikscenen for å markere at laget er 90 år! Jubiléet vert markert med festkonsert, der eit mangfaldig program med både solo- og samspel vert knytt saman av smakebitar frå spelemannslagets historie og gode soger om bøheringar med hardingfele på Oslotur. Etter konserten vert det dansefest i teletakt utover dei små timane til tonane av laget og solospelemenn.

Det er tungt skyts Bøheringen stiller med denne kvelden. I tillegg til lagspelet får me høyre solospel av mellom anna Lars Ingar Meyer fjeld, Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Torgeir Straand, Sunniva Langaas-Røiland og Audun Rørmark, alle blant dei aller beste utøvarane på hardingfele me har her i landet.

Høyr Spelemannslaget Bøheringen spela “Lars Målar” i eit opptak frå Landskappleiken på Rjukan i 2022 her.

12. oktober 2024 blir tradisjonen tru Oslokappleiken arrangert på Riksscenen. Det blir kappleik i fleire klasser på dagtid og, ikkje minst, dansefest for alle på kvelden. 

Lene Furuli. Foto: Privat.

På laurdagen blir det tevling i vokal, lagspel, spel fele, spel hardingfele, durspel/trekkspel, samspel/open klasse, andre eldre folkemusikkinstrument, dans fele, dans hardingfele og lagdans. Alle klasser er delt i junior og senior. Folkemusikk tok ein Chat på Messenger med den travle kappleiksgeneralen, Lene Furuli: 

– Er alt i rute? 
–Jada! Vi styrer på og håper på det beste! Det blir tradisjonell kappleik med danse- og musikktradisjoner fra hele landet på scena. Sjokoladekappleik og Unge Folkemusikere i Oslo (UFO) har kafé. Det blir liv på Riksscenen i alle saler og ganger fra morgen til siste dans i to-tida.

– Kor mange frivillige har de i sving? 
– Vi er rundt 25 frivillige. I tillegg er vi heldige som har flinke folk på Riksscenen som vi samarbeider med.

– Kva vil du seia til dei som no sit i tenkjeboksen om dei skal ta turen innover?
– Meld dere på eller kjøp billett! Ta ei Oslohelg. Fredag kommer Bøheringen til byen og feirer 90 år med stor festkonsert. Alt ligger til rette for gode opplevelser på scene og i sal og en skikkelig dansefest, appellerer Furuli

Det blir som nemnt sjokoladekappleik for barn under 12 år. Sjokoladekappleiken blir arrangert av Unge folkemusikere i Oslo (UFO). Her kan alle som er fødde i 2012 eller seinare, spele, synge eller danse - åleine eller saman med andre. Alle blir introdusert av programledere frå UFO. Etterpå får deltakarane ei hyggeleg tilbakemelding frå unge dommarar, og alle får ein sjokoladepremie med seg ned frå scenen.

Førebels tidsskjema:
11.00-19.00 Kappleik
12.00 Sjokoladekappleik
19.00→ Dansefest

Startliste blir offentliggjort på nett og sendt ut til alle deltakarar etter at påmeldingsfristen til kappleiken har gått ut.

Påmelding for deltakarar skjer på FolkOrg sine sider. Er du ikkje medlem i FolkOrg, men vil stille på kappleiken? Då kan du ta kontakt på oslokappleiken@gmail.com for å melde deg på. Påmeldingsfrist er 10. oktober.

Påmelding Sjokoladekappleik skjer via denne lenka!

Priser:
Deltakeravgift senior: 200,-
Deltakaravgift junior: 150,-
(Deltakaravgift inkluderer kappleiken og dans på kvelden)
Inngang publikum: OSLOKAPPLEIKEN - scene for folkemusikk og folkedans (riksscenen.no)
Sjokoladekappleik: Gratis
 

Dommarane i år er:

Stian Roland - Dans fele og hardingfele // Halling // Lagdans
Anbjørg Bergwitz - Dans fele og hardingfele // Halling // Lagdans
Aud Manheim - Dans fele og hardingfele // Halling // Lagdans

Trygve Liahagen - Spel fele og hardingfele // Lagspel
Lars Erik S. Øygarden - Spel fele og hardingfele // Lagspel
Guro Kvifte Nesheim - Spel fele og hardingfele // Lagspel

Niels Jørgen Røine - Eldre folkemusikkinstrument // Vokal
Eli Storbekken - Eldre folkemusikkinstrument // Vokal 
Steinar Ofsdal - Eldre folkemusikkinstrument // Samspel/Open klasse
Kari Svendsen - Samspel/Open klasse
Aaste Kveseth - Samspel/Open klasse // Durspel og trekkspel
Thomas Nilssen - Vokal // Durspel og trekkspel
Jogrim Søyland - Durspel og trekkspel