Etter Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal har debatten gått kring resultat/dømming, og kring det at utdanna folkemusikarar stiller i konkurransane. Særleg etter to oppslag i lokalavisa GD har det på Facebook vore eit tidvis friskt ordskifte.

Duoar bør ikkje få lov til tevle i klassen for gruppespel, og mange såkalla ”ruskespelemenn” stiller ikkje på landsfestivalen fordi utdanna musikarar bidreg til eit for høgt nivå. Landsfestivalen har blitt ei ”lekegrind for skulerte musikarar” (Sandviken i GD, 31.07.17) og ”Det er øydeleggande for musikken” at duoar stiller i gruppespel (Nicolaisen i GD 23.08.17).

På Landsfestivalen er vi alle amatørar, og samspelstradisjonane er mange
Ole Nilssen. Foto: Cathrine Dokken

 

 

"Vi deltek fordi vi brenn for denne musikken. Og vi betalar for å delta."

Ole Nilssen

Om det å ta utøvande folkemusikkutdanning
Før 1994 fans det ikkje utøvarutdanningar i folkemusikk på høgskulenivå. I dag fins det heldigvis tilbod ved både Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole. Det er ei anerkjenning av vår sjanger at spelemenn og songarar i vårt miljø har fått sjansen til å fordjupe seg og få formell utøvande kompetanse på lik linje med utøvarar i andre sjangrar.

I motsetnad til det mange verkar for å tru, så er ikkje utøvande folkemusikkutdanningar eit studium i klassisk musikk.

Som student på ei utdanning i utøvande folkemusikk går du i lære hos nokre av dei fremste spelemennene og tradisjonsberarane vi har i landet. Her blir det lagt vekt på både slåttelæring og spelhandverk. I tillegg får du undervisning i ei rekkje støtteemne, som folkemusikkhistorie, tradisjonskunnskap, gehørtrening, transkripsjon, notelære og samspel.

Spelhandverket, eller teknikken, er ein viktig reiskap for alle utøvarar. Det skulle berre mangle at ein utøvarstudent ikkje arbeidde for å få ein best mogleg teknikk – slik at han/ho er i stand til å gjere eigne, sjølvstendige og medvitne val om kva uttrykk og spelestil han/ho ønskjer å dyrke. Det er dette eit utøvande musikkstudium handlar om.

Den som studerer utøvande folkemusikk i 2-6 år, gjer som regel dette for å kunne ha musikken som levebrød. Han/ho utdannar seg ikkje med mål om å tevle på Landsfestivalen og kappleikar. På Landsfestivalen er vi alle amatørar. Vi deltek fordi vi brenn for denne musikken. Og vi betalar for å delta.

Dei utdanna skapar eit for høgt nivå …?
Spelemenn med utøvarutdanning blir skulda for å skape eit for høgt nivå. Tygg litt på den.

For høgt nivå!? Bør vi ikkje alle vere glade for at det fins utøvarar som formidlar denne musikken på eit høgt nivå? Og er det verkeleg berre spelemenn med utøvarutdanning som spelar på høgt nivå?

Ein kjapp gjennomgang av resultatlistene for soloklassane dei siste seks åra vitnar om eit meir nyansert bilde: ti førsteplassar har gått til spelemenn utan utøvarutdanning, og åtte førsteplassar har gått til spelemenn med utøvarutdanning. Her er det kvalitet som har blitt vurdert, og ikkje utdanning. Bra!

Estetikk og stil kan vi gjerne diskutere. Men det handlar om val, ikkje om utdanning.

 

Samspelstradisjonen
I 1986 vart Landsfestivalen skipa til for første gong. Formålet var å skape ein arena for norske runddanstradisjonar, og med dette fekk eit mykje større spekter av spelemannstradisjonane ein arena.

Innan runddansen er duoformatet den eldste samspelsforma. To feler, to trekkspel, fele og trekkspel, fele og klarinett, fele og trøorgel, fele og piano har vore, og blir framleis, nytta som samspelsform over store deler av landet.

Det moderne gammaldansorkesteret med fele, eitt/to trekkspel, gitar og bass er ikkje å sjå i runddanshistoria før Nygaard & Opheim gjorde sin entré på 1960-talet. Rett nok spelte dei stort sett som duo, men saman med ”rikskompet” på store dansefestar og på plateinnspelingar.

Det er difor med undring eg ser styreleiaren i FolkOrg, Hilde Reitan, uttale til GD at breidda i klassane kan skape misnøye blant dei ”tradisjonelle gruppene”. Ho viser til ei type besetning som har vore i bruk ”berre” frå 1960-talet. Over 100 år etter at runddansen kom til landet. Visst er slike orkester å rekne som tradisjonelle, men det er dei ikkje åleine om.

 

Tevlingsreglement
Det er tevlingsreglementet og dommarskjemaet som set vilkåra for kva kriteria musikken på Landsfestivalen skal vurderast etter. Desse kriteria bør og kan ein vurdere uavhengig av besetning.

Saksa frå FolkOrg sitt gjeldande tevlingsreglement (Lenke til tevlingsreglement):
Føremål: Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal bidra til å ta vare på og styrke gammaldansen det er tradisjon for i kvart distrikt.

5. Tevling
Tevlingsnummer på tevlingar i regi av FolkOrg skal vere folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.

16. Tevlingsnummer på Landsfestivalen
Under Landsfestivalen spelar ein den eldste gammaldansmusikken frå eit tradisjonsområde innanfor den avgrensinga som er gjeven i kap. 5. Ein oppfordrar til å spele dansbar musikk.

18. Tevling i spel
– Grupper er definerte som minst to personar.
– For grupper er det ingen avgrensingar med omsyn til instrumenttypar.
– Ein kan stille med same instrument to gonger i gruppespel.

Saksa frå rettleiinga for dommarskjema (Lenke til dommarskjema, med rettleiing):
I klassar der det inngår samspel, skal dommarane legge vekt på godt samspel, god presisjon og instrumental meistring. Er det til dømes samsvar mellom vanskegraden på slåtten og dei musikalske og tekniske ferdigheitene til dei som spelar? Kommuniserer spelemennene musikalsk? Desse vurderingane må gjerast gjeldande for både komp og melodiførande instrument. Det er heilskapen av samspelet som skal vurderast.

I 2010 gjorde FolkOrg vedtak om at grupper er definert som to eller fleire personar. Komp, kva ein no legg i det, har aldri vore eit krav.

Sjølv om duoformatet ikkje er eit mål i seg sjølv, så bidreg variasjon i gruppebesetningar utan tvil til å styrke breidda og vise mangfaldet av runddanstradisjonar på landets største festival for runddansmusikk.

Sju år etter har vi framleis ikkje sett nokon eksplosjon av grupper i duoformat.

På Landsfestivalen er vi alle amatørar, og samspelstradisjonane er mange
Aslak O. Brimi deler sine tankar om kva styret i FolkOrg bør ta omsyn til i denne diskusjonen i sin ytring på www.folkemusikk.no 31.08.17. (Foto: Runhild Heggem)

RELATERTE ARTIKLAR

Arbeidslaus ”kompdommar”?
I 2015 vedtok FolkOrg at det på Landsfestivalen skal vere ein dommar med ”særskild kompetanse på komping”. Bra! Sterke dommarpanel med ein brei samla kompetanse er udelt positivt.

I debatten som har gått, har nokon likevel stilt spørsmål om kva i alle dagar denne dommaren med den særskilde kompetansen på ”komping” skal gjere når det kjem grupper utan komp. Svaret burde vere enkelt. Den skal gjere akkurat det same som dommaren med særskild felekompetanse gjer når det kjem grupper utan fele. Eller når dommaren med særskild trekkspelkompetanse gjer når det kjem grupper utan trekkspel.

Statistikken fortel
Dei seks siste åra har det vore totalt 141 startnummer i klassen for gruppespel. Av desse var sju startnummer duoar:

På Oppdal i 2017 var det to duoar (av 18)
I Gaupne i 2016 var det ein (av 21)
I Lom i 2015 var det ein (av 38)
I Steinkjer 2014 var det ingen (av 13)
I Løten 2013 var det to (av 18)
I Vågå 2012 var det ein (av 33)

I 2017 var duoformatet representert med to av totalt 18 grupper. For somme ei glede, for andre ei kjelde til frustrasjon. Nicolaisen seier til GD at ”Det verkar som at duo er det framståande i innan gruppespel for tida. Dette er øydeleggande for musikken”. Det skal tydelegvis ikkje mykje til for å bli framståande. Og forsvinnande lite skal til for å vere øydeleggande for musikken.

 

"Vi må faktisk vere såpass romslege at vi har plass til alle norske runddans- og samspeltradisjonar i gruppespel på Landsfestivalen. Dette er ein veldig viktig arena for alle oss som likar runddans – med eller utan utdanning, og med eller utan komp!"

Ole Nilssen

 

 

 

På Landsfestivalen er vi alle amatørar, og samspelstradisjonane er mange
Gruppa Bjørn Kåre Odde og Ole Nilssen kom på andre plass på Landsfestivalen 2017 (Foto: Runhild Heggem)

Open klasse eller ny klasse?
Somme har hevda at deltakarar i duoformatet bør stille i open klasse i staden for gruppespel. ”Nytenking og eksperimentering” er, som kjent, ein grunnleggjande premiss i open klasse, sjølv om det dei seinare åra i tevlingsreglementet har snike seg inn følgjande ordlyd: ”I open klasse vil ein oppmode til å bruke så vel eldre samspelformer og instrumentsamansetjingar (…)”.

Kvifor skal nokon som spelar dei eldste og ”enklaste” formene for runddans stille i open klasse? Kva er nytenkande eller eksperimentelt med at to utøvarar spelar to låtar til dans med tradisjonell besetning og tradisjonelle arrangement?

Andre hevdar at ei god løysing på ”duoproblemet” er å opprette ei ny klasse for gruppespel UTAN komp. Treng vi verkeleg endå ei klasse der alle deltakarane får pallplass? (Jf. statistikken over).

I desse valtider
Duoen Bjørn Kåre Odde & Ole Nilssen har ikkje valt bort bass og gitar. Vi har valt å ikkje legge til bass og gitar. Vi leikar best og spelar best i lag som duo. Vi har gjort eit val. På same måte som Jutullaget har valt å ikkje ha med fele, og som Brimi & Barkenæs’ sekstett har valt å ikkje ha med toradar. Vi har alle valt ei tradisjonell samspelform som passar vårt ideal og stilen/repertoaret vi spelar.

Om debatten
Debatt, ordskifte, ytringar og meiningsutveksling er bra. Det viser at runddansmusikken har verdi. Eg saknar likevel debattdeltakarane si evne til å skilje mellom reglement, vurderingskriteria, tradisjon, historie og smak. Det blir vanskeleg med eit godt ordskifte når det subjektive og det objektive i beste fall er ein god saus.

Øystein Nicolaisen er mellom dei som har løfta sine meiningar fram som offentlege innlegg på Facebook, og har på den måten også invitert til ytringar og synspunkt frå alle meiningsberarar. Det set eg pris på. Det var likevel leitt å sjå at innlegga med tilhøyrande kommentarar vart sletta og samstundes ytra ønskje om at debatten tok slutt. Det er og trist at vi har kome til det punktet at debatt med meiningsbryting for nokre ikkje lengre har verdi.

Om vi ønskjer eit levande runddansmiljø der dei mangefasetterte runddanstradisjonane får blomstre, så kan vi ikkje la smaken avgjere kven som skal få audiens som deltakar på Landsfestivalen.

Vi må faktisk vere såpass romslege at vi har plass til alle norske runddans- og samspeltradisjonar i gruppespel på Landsfestivalen. Dette er ein veldig viktig arena for alle oss som likar runddans – med eller utan utdanning, og med eller utan komp!