– Det starta med at eg byrja å digitalisere nokre DAT-kassettar eg hadde, og der kom eg over råopptaka frå innspelinga av Åleine i 2001. Nokre av opptaka var øydelagde, så eg spurde Lindberg lyd om dei også hadde råmaterialet, og det hadde dei. Plateselskapet Ta:lik betalte dei for å få desse digitalisert, mot at Ta:lik fekk lov til å gje ut slåttane, fortel Per Anders Buen Garnås.
Men han kom fort på at det var litt dumt å berre gje ut 20 år gamle opptak, legg han til.
– Det er også ei beite sidan eg spelte inn den førre plata mi, Greinir. Det verka litt bakpå å berre gje ut gamle opptak når ein ikkje er meir enn 42 år, ler han.
«Då eg høyrde igjen opptaka, fann eg ut av at resten av slåttane var like bra som det som kom med på CD-en.»
Over 60 slåttar til førsteplata
Som 21-åring hadde Per Anders akkurat gått ut av Ole Bull Akademiet, og han var i god spelform. Framgangsmåten hans den gongen var å spele inn ein haug av slåttar, for å ha mest mogleg å velje i etterpå. Då innspelingsdagane var over, sat han att med over 60 ulike slåttar.
– Eg har aldri spelt inn så mange slåttar til ein CD etter det. Det var nesten ingen eg gjorde to versjonar av, men det var nokre slåttar det til gjengjeld var veldig mange av. «Revefaret», som er med nå, spelte eg inn mange gonger første og andre dag utan å få han til. Men så tok eg han att siste dag, og det er dette eg har valt ut no.
Per Anders fortel at onkelen Knut Buen, som gav ut Åleine på plateselskapet Buen kulturverkstad i 2001, foreslo at dei skulle slå til med dobbeltalbum allereie då. Men den unge Per Anders syntest det var litt for tidleg å gje ut dobbeltalbum første gong han spelte inn CD. Likevel har han i ettertid høyrt at slåttane han valte bort, ikkje står noko tilbake for dei som blei med.
– Då eg høyrde igjen opptaka, fann eg ut av at resten av slåttane var like bra som det som kom med på CD-en. Og eg tenkte at det ikkje var nokon vits i at dei berre låg på ein harddisk.
Åleine heidra kjeldene
Det andre albumet som kjem ut no, Anno 2021, blei spelt inn på Stabbestad utanfor Kragerø før jul. Også denne gongen gjekk innspelinga fort unna. Per Anders hadde plukka ut eit knippe slåttar han ville ha med, og sjølv om han eigentleg hadde tenkt å ta vekk eit par, kom likevel alle med på CD-en.
– Eg er fan av lange CD-ar, då eg ofte høyrer på CD i bil. Det er kjedeleg om ein så vidt har kome i gang med turen, og så er CD-en ferdig, seier han.
Repertoaret på dei to nye utgjevingane, frå 2001 og 2021, er ganske ulikt. Heile Åleine-prosjektet handla om å gjere innspelingar av slåttar som ikkje var så mykje bruka på kappleiksscena og i konsertsamanheng, men som kanskje spelemannen brukte nettopp åleine med fela. Denne plata blei spelt inn på ei tid der mange av dei gamle læremeistrane til Per Anders nettopp hadde gått bort, medan andre var gamle og hadde lagt ned fela. Per Anders valte difor å vere tru mot formene han hadde tileigna seg, for å heidre alle kjeldene sine og vise dei at han hadde fått med seg det dei hadde lært han.
– Kjeldene var nærmare i tid den gongen. Sjølv om eg var veldig fri på det tidspunktet også, var det på denne måten eg valte å gjere det. På Anno 2021 speler eg fleire slåttar eg har sete stempel på sjølv. Til dømes «Sandsdalsspringaren» og «Signe», som eg ikkje trur så mange speler akkurat på den måten eg gjer det. Det er også meir frå familietradisjonen og frå bøheringtradisjonen, så det er ting som er meir nærliggande slik. Men felles for platene er at eg har spelt inn fleire nye komposisjonar. Ikkje berre av meg, men av andre også.
Speler aldri heilt likt
Når Per Anders jobbar ut nye former, går han i gang med å hente litt her og litt der, før han set det saman.
– Under innspelinga før jul fann me ut at det skulle bli slik eg spelte slåttane der og då. Så eg tok ikkje ting om att viss eg følte eg gløymde eit tak eller tok eit lite feilgrep. Nokre av slåttane er veldig frie i utgangspunktet, slik som fykerudslåttane. Dei er veldig opne, der den eine variasjonen tek den andre. Andre slåttar igjen følgjer ei fin oppbygging der ein går ein meir opptrakka sti. Men det blir aldri heilt likt frå gong til gong, fortel han.
Heilt frå han var liten har han arbeidd grundig med slåtteformer. Onklane Hauk og Knut Buen råda han til å lære av flest mogleg, både av levande kjelder og opptak med eldre spelemenn.
– Då kunne det hende at det blei litt vilt. Eg ville lære alt. Av og til fekk eg ikkje bestemt meg for kva form eg ville gå for, så då enda det opp med at eg sette saman noko til ei eiga form.
Slåttekomponering har også vore del av den musikalske verksemda til Per Anders frå ganske ung alder. Den første slåtten hans, «Husmusas minne», komponerte han som 12-åring. Slåtten var tileigna ei mus som hadde gått i fella, og Per Anders skildrar sjølv slåtten som «ein slags halling, men ikkje nokon stor slått». Etter dette har det blitt fleire komposisjonar, og talet nærmar seg tjue. Tretten av dei er innspelt på Greinir, medan nokre andre er å høyre på Åleine, Anno 2001 og Anno 2021.
– Som regel kjem eg på ting utan at eg har fela for handa. Då må eg berre få tak i ei fele og spele det inn, eller plystre det inn på opptak. Eg får ikkje fred før eg er ferdig.
«Å lage slåttar og å spele fele er to litt ulike ting, ein treng ikkje vere så god til å spele for å lage gode slåttar, og motsett.»
Respekt for dei gamle slåttekomponistane
Sjølv om Per Anders har komponert slåttar i 30 år, er det sjeldan at han speler eigne komposisjonar på kappleik eller konsert. Han liker best at folk får høve til å bli kjend med slåttane på ein CD. For første gong du høyrer ein ny slått, kan det vere vanskeleg å få tak på han, seier han. Spelemannen Eivind Mo laga fleire slåttar, men sa ofte når han spelte dei i festleg lag at det var ein Lurås-slått eller ein Håvard-slått. Men så kom det fram etter kvart at det var han sjølv som stod bak dei.
– Eg veit ikkje kva det kjem av. Kanskje det er ein ekstrem respekt for dei gamle slåttekomponistane, slik som Myllarguten? Om ein ser på historia, er det sjeldan mange slåttekomponistar på same tid, og ofte skriv slåttane me spelar i dag seg frå berre nokre få spelemenn. Å lage slåttar og å spele fele er to litt ulike ting, ein treng ikkje vere så god til å spele for å lage gode slåttar, og motsett.
Likevel meiner han at klimaet er i utvikling, og at det er stadig fleire hardingfelespelarar som vågar seg fram på scena med eigne slåttar.
– Eg vaks opp med Bergit Tjønn som laga slåttar, og med onkel Knut, så det var ein heilt vanleg del av tradisjonen for meg. Då eg var opp til Eivind Mo, oppfordra han meg til å spele slåttane mine for han. Der fekk eg litt kyt, og dermed også meir sjølvtillit til å halde fram med det sjølv, fortel Per Anders.
Men no lovar han å ta fram ein eigen slått på scena. Fredag 10. juni speler Per Anders platesleppkonsert på Pizzafjoset i Bø i Telemark. Det har han gjort før, for 20 år sidan då Åleine skulle lanserast.