Andris A. Dahle – Heima og austa åsen (Talik, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Det første som møter oss er fotografiet av mannen i ei klassisk røykejakke, med fela mot bringa, litt framoverlent på kjøkenstolen. Og så anar vi eit lite smil i blikket hans mot gripebrettet. 

Og slik læt det også når vi set på plata – det er upretensiøst, framoverlent og smilande spel. Andris A. Dahle vart født i 1925, og gjekk bort i 1995. Han var frå Valdres, og lærde spel av storspelemennene Ola G. Okshovd og bestefar sin, Ivar Ringestad. 

Til denne CD-en er det med eit fyldig notehefte. Men i desse digitale tider, skal Talik ha kudos for å publisere utfyllande tekster på nettsidene sine, så vi får lære meir om mannen vi lyttar til, «Den ukjende storspelmannen».

Erland Nefstad skriv utfyllande om spelemåten Heima og austa Åsen, og tidlegare elev av Dahle, Nils Leine skriv om minner med storspelmannen. Særleg legg eg merke til at Dahle sa: «Du må spele det på din eigen måte». Og på Landskappleiken likte han best å høyre på B-klassen – for der var det alltid noko nytt.

Denne leitinga høyrer vi nemleg i spelet hans. Det er eit uhyre nysgjerrig spel.

Eg må til og med le i det eg høyrer «Den rare låtten» (fantastisk namn!) – denne er heilt rå. Eg får lyst å nemne frijazz-saksofonistar som  referanse, sjølv i bladet Folkemusikk. Han skrik nemleg med fela slik Ornette Coleman gjer det – det er frittsvevande, nærast spirituelt. Eg høyrer Coleman og Dahle i duo på ei scene i hjernen min. 

Men vi får heller tipse arrangørar om å sette opp ein konsert med saksofonist Signe Emmeluth og Sivert Holmen.

Mojna – Väntenätter (Heilo/Grappa, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Sist vi møtte denne trioen var på plata För Sola Skin på Tak i 2022. No har Thomas Eriksson på gitar, Helga Myhr på hardingfele og Anna Malmström på klarinett, tidlegare Eriksson/Myhr/Malmström, teke namnet MOJNA. Men dei har vidare dyrka det same uttrykket dei etablerte på debuten. 

Denne gongen har dei finjustert. Helga Myhr sitt spel er det første eg tenkjer over – som det ofte er når Myhr er med på noko. Ho har fått ei tydeleg stemme – du høyrer med ein gong at det er ho. 

Komposisjonane er som flettverk, der særleg trådane mellom klarinett og fiolin er særleg interessante. Klangen til dei to instrumenta er så ulike at dei utfyller kvarandre, og gir tostemte linjer ein rikdom som om det var ein strykekvartett, eller eit kor. Heile vegen peikar gitaren til Eriksson oss mot dei nye harmoniane. 

Og kanskje er det gitaren som gjer det, men eg plasserer gjerne denne plata midt mellom singer–songwriter-tradisjonar eller visetradisjonar. «Spegling» er fantastisk, eit høgdepunkt, og ei låt som du høyrer at for eksempel visesongaren Judee Sill lett hadde kunna lagt sin elsk på. 

Men aller mest er det gjennom den presise formidlinga, at denne musikken treff oss. Og då meiner eg den formidlinga som kjem gjennom tonane – dei kan gjerne sitje heilt stille, med lukka auge, men musikken er full av fargerikt liv. Det er ein intensitet, ei vilje i spelet, som eg likar å kalle det.

Sivert Holmen – I Lydarlæte og Stillheitas diskotek (Melovitten, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Sivert Holmen har i ung alder rokke å blitt ein av dei mest interessante og sterkaste felespelarane. Det er iallfall tydeleg med dobbelutgjevinga Lydarlæte/Stillheitas diskotek. 

Eg kjenner frysningar ifrå første tone på «Smedalslåtten». I lydarlåttane er det møte mellom tonane og lyttaren det handlar om, og Holmen har her funne fram nokre av dei vakraste lydarlåttane han veit. Men viktigast, så er det gjennom det inspirerte spelet at denne musikken veks. 

Det er særleg måten Holmen graviterer rundt einskilde tonar på, som fascinerer meg. Tonen ber oss liksom gjennom låta. Fleire gonger smeltar overtonar saman og Holmen lét klangen i fela bløme fullt ut. 

Inn i mellom minner låttane om J.S. Bach sine partitaer, iallfall når det er Holmen som spelar dei. Han forhastar seg aldri. Ornamentikken får tydelege, markerte strekar i klangteikninga.


Det andre bindet, Stillheitas diskotek, opnar med «Ljøssyster». Denne er enorm. Den enkle fela fyller katedralar slik han spelar. På denne dukkar det også opp kreativt eksperimentelt spel i korte «Stillotek», og «Liljeboge» som avsluttar plata. Her står Holmen i den lyttande og klangfokuserte tradisjonen etter Nils Økland, eller Erlend Apneseth. Der det improvisatoriske spelet er kreativt og rikt – aldri ventande eller tvunge.  

Dette er musikk som faktisk kan lyttast til som rein meditasjonsmusikk. Og at ein har hatt tradisjonar også for denne djupe lyttinga, er jo i seg sjølv sterkt å tenkje på. Det er noko heilagt over det.

Alvina & Gard – Tilflykten (Verve Records and Music 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Opne strengar er det første vi høyrer på Tilflykten – og så er det som om felene koplar seg i hop og dett ned i eit hol i «Gryningen». Men så kjem vi tidleg i gang med dansen – i «Lått til smeden». 

Men kva slags tradisjon var dette igjen? Kva for fylke er denne varianten frå?
Svenske Alvina Herbinger Rygne og norske Gard Nergaard har komponert 14 låtar i Tilflykten. For ein som ikkje er heilt på innsida av folkemusikken, så læt det nok som tradisjonsmusikk likevel. 

Men så er jo også det rett, på eit vis. Musikken byggjer på tradisjonar, og dei spelar både dansar og tonar som heilt sikkert er henta direkte frå spesifikke tradisjonar. Men her kjem tradisjonane frå fleire stader enn berre svensk eller norsk folkemusikk. Gjennom Tilflykten kan vi assosiere både til Bach og Arvo Pärt – eller kanskje til og med country og frijazz? 

Men alt ligg i nyansane – og det er som om det er den frie leiken med musikken som er førande for duoen, heller enn ein visjon for eit kunstnarisk prosjekt. Og det at dei to er uredde for å bryte med sine eigne rammer heile vegen, er ein viktig nøkkel til at Tilflykten har blitt vellukka.

Det er nemleg openbert at desse to har hatt det moro med å lage musikken saman. Særleg kjem dette fram gjennom dei uventa vendingane samspelet tek fleire gongar i løpet av plata. I låta «Charlotta»  opnar vi tydeleg samspel, dialog, dans – men så snublar dei litt bort i kvarandre, på ein måte. Særleg dette, er inspirerande lytting!

«Måndag» blir mitt høgdepunkt – her smiler melodien mot meg, og så dansar den på ein måte skeivt bort til meg. Den svimlande «grooven» – tung der, lett der – i «Måndag» oppsummerer eigentleg alt.

Isa Holmgren – Dans med meg (Melovitten, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Jau da, så finst det mange opptak der lyden av dansarar kan høyrast i bakgrunnen. Men sjeldan høyrer ein dansetrinna så godt som dette. Fire dansarar har ho teke med seg i studio, Isa Holmgren. Og dei skal høyrast – Dans med meg.

Isa Holmgren syng, trallar til dansen. Ho vann i fjor B-klassen i vokal på Landskappleiken. Musikken ho har med her er frå grenseområda rundt Finnskogen, som er eit av dei områda ho har fordjupa seg særleg i. 

Spesielt har ho fokusert på den asymmetriske polstradisjonen og samspelet mellom dansar og musikar. Og det er Dans med meg eit solid føredrag over.

Denne innspelinga har blitt ei ordentleg god skildring av samspelet mellom dansarar og den som trallar. Her høyrer vi at dei påverkar kvarandre – altså at dei dansar i lag – songen og kroppen. Og berre av det er det mykje vi lære. 

Som lytteoppleving gjer det reint musikalsk at dansetrinna peikar på rytmikken i låtane, på tyngdepunkt. Og først då opnar musikken seg for deg. Slik oppdagar ein vanlegvis berre om ein sjølv dansar til musikken – då gir liksom alt det asymmetriske meining, om ein skal kalle det det. 

For det andre, så syng Holmgren med retning, drivande framover, og gjer at dansen aldri landar.

Ånon Egeland – Ein gammel ein a’ farses – (bok og CD, Talik, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Ånon Egeland, kjent for Folkemusikks lesarar både som felespelar, skribent og forskar, har gitt ut ei praktbok med tekstar om, notar og CD med arkivopptak. Undertittelen er enkelt nok «Felespill vest på Agder», og gjennom dette arbeidet formidlar Egeland ein unik tradisjon. 

Opptaka som er leita opp, har få hittil høyrt, og iallfall mesteparten er aldri utgitt. Dette faktum tilfører jo alltid ein viss magi i seg sjølv, men når eg lyttar til arkivopptaka av Gunnar Austegaard, Magnus Øyslebø eller Trygve Eftestøl, så er det det karakteristiske spelet frå kvar einskild som først og fremst treff meg. 

Det første som slår meg idet eg er i gang med å lese boka, er kor grundig Egeland her har gått til verks. Han forklarer godt heile vegen, og argumenterer heile vegen for konklusjonane han har gjort. 

At spelmennene på den tida vest på Agder som oftast hadde fela til bringa, har påverka tradisjonen i spelet og musikken. Det same har dei flate stolane, og at bogen stryk nære gripebrettet. Sentrale særtrekk ved musikken går tapt gjennom å oversjå desse tinga. Bileta har ein særleg viktig funksjon også for oss som les – der kan vi sjå fela mot bringa, og bli fascinert av den flate stolen og seie «jommen – sjå der, ja». 

Eg skal ikkje gi meg ut på ein analyse av notematerialet og notasjonsmåtar, men for dei som skal spele og er nysgjerrige på slikt, er også desse metodane inngåande forklart frå Egeland. Og samlinga er omfattande. 

Boka vil heilt sikkert tilfredsstille «nerdane». Men trass i at det er ein del «stammespråk», så er forklaringane på spel og teknikk så godt skildra at tekstane kan vere eit bidrag til òg å opne øyret til nysgjerrige folkemusikklyttarar.

Kajsa Balto – Rájás (DAT, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Klangverda er mektig stor frå start av på Rájás, og det er tydeleg at dette er musikk med ambisjonar. Tittellåta opnar med ein klangleg spotlight på Balto – opplyst av lette akkordbrytingar frå celloen. 

Kajsa Balto vaks sjølv opp i Oslo, med ein far frå Karasjok. Ho har dei siste åra utmerkt seg gjennom å dyrke samisk tradisjon i eit poputtrykk. Særleg fekk ho merksemd for juleplata Sámi juovllat (samisk jul) som kom i 2021, men ho har også sidan vunne fleire prisar – og alt dette er vel fortent. 

For Balto har laga sterke poplåtar med joiken som utgangspunkt. Og då tenkjer eg ikkje berre på den «poppa» produksjonen, men på at låtane i seg sjølv er sterke. Handverket når det kjem til grunnleggande ting som melodi og oppbygging er solid – eg plar seie at lakmustesten er om vi kunne høyrt songen i eit tørt rom med enkelt gitarkomp. 

Om eg skulle pirke på noko, så saknar eg somme tider litt friskare og kreative tankar rundt lyden – noko av gitaren og trommene, lèt rett og slett litt datert. Særleg gjeld dette på dei mest mektige låtane. 

Dette er litt synd – for på dei same låtane finn vi i produksjonen og instrumenteringa ein rik dynamikk, som særleg er hjelpte av sterke strykearrangement. Om du for eksempel høyrer på «Stuorát go don» som har fått ei avslutning som løftar oss til himmels gjennom modig tette klangar.

Eg har uansett forelska meg i «Orbina» gjennom lytteøktene, ei låt som nettopp tek det heile ned til dette intime rommet, før det opnar seg i eit større klanglandskap.

Frederic Bech – Folk og Rør (Nye Nor, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

I det Frederic Bech opnar Folk og Rør med «Jeg har meg så lun en hytte», er eg transponert til ein annan dimensjon. Det har variantar av den salmen gjort fleire gongar tidlegare, men aldri på gitar! 

Bech har altså gitt ut ei plate med norske folketonar spelt på ein elektrisk gitar. Assosiasjonane går fort til The Doors si meditative sekstitals-låt «The End». I «Gamle Guldbrand/Silkesvalsen» blir det harmoniske spelet rikare, men aldri lèt Bech seg freiste av for smørfeite klangar – for å seie det rett ut, det blir heldigvis aldri jazz.

Det er nemleg det at Frederic Bech spelar heilt enkelt og tydeleg, uforfina, som løftar denne utgjevinga frå platebunken av gitaristar. I fare for å fornærme nokon, så kan gitaristar gjerne bli litt vel harde på flaska når det kjem til harmoniseringar.

Det forundrar meg nemleg gjennom alle lyttingane til denne plata kor naturleg desse melodiane ligg i gitaren. Som han sjølv fortel, fekk han under folkemusikkstudia på Rauland inntrykk av at gitaren hadde status som eit akkompagnement-instrument i den norske folkemusikkverda «… og jeg mistet interessen». 

Men gjennom ei ny, leiken tilnærming til gitaren etter enda studium, oppdaga han – og det får vi høyre på plata – at for eksempel «Min falske venn» endeleg har funne sin heim i gitaren. Her utnyttar Bech tremolo-armen på gitaren heilt genialt.

Dette er også ei slik plate som verkeleg kjem best fram på vinyl, med eit godt lydanlegg. Folk og  RØR  – gitaren gjennom rørforsterkaren gir eit djupt og rikt lydbilete, vel ivaretatt av Per Christian Berg og vinylmaster Christian Obermeyer.

Gjennom denne grundige lydjobben, kjem også alle dei gode «ulydane» frå gitaren godt fram, slik at for eksempel «Gråtarslaget» verkeleg dansar ut av høgtalarane. 

Ei låt skil seg særleg ut. «Melissa» er ein så forunderleg vakker melodi, at sjølv om eg har høyrt den mange gongar, så kan eg ikkje gjenta den. På same tid, så opplever eg den så inderleg kjent. Å få til noko slikt, det ligg i formidlinga, og det er verkeleg styrken til Frederic Bech – han formidlar gjennom gitarspelet, som om han syng ei tekst.

Reitir – Alt som eingong va’ (Eighth Nerve Audio, 2024)

Meldt av Torkjell Hovland

Den skotske lyrikaren Robert Burns er det ein kan kalla nasjonalskatt i heimlandet. Men han er mannen bak det mange over heile verda vil kalle ein av dei vakraste songane – «Auld Lang Syne». Og det er den songen som no har blitt «Alt som eingong va’». 

Bak namnet Reitir finn vi Aasmund Nordstoga og Ingebjørg Lognvik Reinholdt som songarar, Sarah-Jane Summers på fele, Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på bass. 

Det er Peter Fjågesund, professor i britisk litteratur og kulturkunnskap, som har omdikta Burns sine tekstar til dialekt. Og nettopp det at han har omdikta, har gjort songane sterke i seg sjølv. Det er nesten pinleg å innrømme det, men ved første gjennomlytting tenkte eg ikkje vidare over kva dette prosjektet var, men synest det var sterke songar i seg sjølv. Det vil eg seie er eit godt teikn på at omdiktinga er vellukka, og det vart som om Robert Burns sjølv var frå Vest-Telemark.

Å stå med eit band som gitarist Juhani Silvola, Morten Kvam på bass og Sarah-Jane Summers må vere ein draum for dei to vokalistane. Det er kraftfullt og rytmisk. Og harmonisk lét trioen somme tider som eit orkester.

Det at plata er spelt inn live i studio har gitt musikken ein nerve som kler låtane særskild godt. Høyr for eksempel på den såre formidlinga til Aasmund Nordstoga i «Fyrst Eit Kyss» – det gnistrar.

Og til slutt på plata, får Reitir rett i at «Auld Lang Syne» gjer seg uhorveleg godt på telemål – og eg er sikker på at denne går inn i allsongrepertoaret rundt om leirbål eller andre selskap framover.

 

Ove Bjørkens Orkester – Innherreds folkemusikk (Ove Bjørken Musikk, 2023)

Meldt av Audun Stokke Hole

Denne plata blei innspelt i fjor vår på Rockheim, og sleppt same stad i august. Ho ser ikkje ut til å vere tilgjengeleg i anna enn fysisk CD-format, kanskje må du på Rockheim, eller ta kontakt med bandet sjølv for å få tak i han. Men er du ihuga fan av runddansmusikk, særleg i bandformatet frå det mange meiner er gullalderen for denne musikken – fele, trekkspel, gitar og kontrabass – så kan det vere vel verdt innsatsen å få has på eit eksemplar. 

Låtmaterialet på plata er etter bandleiar Oves farfar Ole M. Bjørken. Bandformatet er etter far hans, legendariske Asmund Bjørken, og vi kjenner det att frå til dømes Sven Nyhus kvartett – salig Nyhus har òg skrive ein liten historisk reflekterande tekst i omslaget om gammaldansen i Midt-Norge. Lydproduksjonen er prima og bygger oppunder dei knallgode låtane vi får servert frå start til slutt – «hit på hit» frå Midt-Noregs dansegolv. På platesleppet spelte orkesteret til dans saman med Over Stok og Steen – ein betre gammaldanskveld er vanskeleg å førestille seg. 

 

Åsmund Reistad – Urban folkemusikk (Lydpressa, 2024)

Meldt av Audun Stokke Hole

Sidan dagane på 1990-talet i Chateau Neuf Spelemannslag, har Åsmund Reistad spelt enormt mykje med enormt mange. Plateutgivingar er det blitt med namn som Vegar Vårdal, Ingunn Bjørgo, Marianne Tomasgård, Aasmund Nordstoga og Trond Granlund – og det er nesten utruleg å lese at Reistads 89 % folkemusikk frå 2021 er solodebuten hans. Frå ein så røynd debutant kan ein òg vente seg mykje, og 89 % folkemusikk er ei vanvitig god plate for den som set pris på nykomponert slåttespel på gitar. 

Nå tre år seinere er han ute med Urban folkemusikk, har besetninga er utvida. Han hadde i utgangspunktet med seg den unge multiinstrumentalisten og tynsetingen Bendik Smedåsgjelten Qvam på ei rekke instrument, mest blås. Men så har produsent Jørund Fluge Samuelsen òg fått ein viktig rolle som perkusjonist, og at det er blitt ein trio, løfter verkeleg plata. Det er eit rikt, komplekst og komplett lydbilde som bygger opp om Reistads komposisjonar, stort sett i tradisjonelle norske dansetakter – ispedd nokre urbane lydarslåttar. Danseslåttane eignar seg heilt sikkert godt til dans, og alt er nydeleg lyttemusikk. 

Elias Akselsen – I tatersymfoni (Heilo/Grappa, 2024)

Meldt av Audun Stokke Hole

Ein kunne kanskje ha gjetta det, men etter å ha høyrt denne plata er iallfall ikkje eg i tvil: Elias Akselsens taterviserepertoar, symfoniorkester og stemma til Akselsen sjølv er den perfekte kombinasjonen. Alle visene er episke forteljingar om kjærleik, liv og død, og Rikskringkastinga sitt eige symfoniorkester fargelegg visene på perfekt måte. Med på laget er Akselsens faste spelepartnarar Stian Carstensen, Ola Kvernberg og cimbalomspelaren Giani Lincan, og i tillegg dottera Veronica Akselsen, som framfører nokre songar og vers i same lidenskaplege stemmeregister som faren. 

Plata er kanskje ikkje for dei som helst vil ha desse visene framfor leirbålet med gitarakkompagnement. Men musikken vil appellere til svært mange, og grip meg sterkt. Det er ikkje til å komme utanom at når NRKs orkester spelar taterviser med tatervisekongen sjølv, må ein òg sjå det som del av Noregs oppgjer med undertrykkande politikk overfor dette og andre nomadefolk. 

Dette pregar i nokon grad lyttinga mi, og tilfører eit ekstra element. Men som musikk står det òg fjellstøtt på eigne bein. Melodiane og musiseringa er så flott at ein slett ikkje treng å kunne korkje norsk språk eller historie for å ha utbytte av han. 

Lars Jakob Rudjord – Kjempe-Jo (Fyrlyd records, 2024)

Meldt av Audun Stokke Hole

Eit tingingsverk til Riksscenen og Farsund Folk Festival frå 2021 er nå blitt til plate. Inspirasjonen kjem frå den mytiske figuren Kjempe-Jo frå Tovdal, som pianist og komponist Rudjord fatta interesse for etter å ha høyrt Annbjørg Lien spele slåtten med same namn – og som attpåtil synte seg å vere tippoldefar hans. 

Det musikalske uttrykket er nok best skildra som lyrisk pianojazz, men med eit folkemusikkpreg som kjem frå at hardingfele og folkedansrytmar er mykje nytta, i tillegg til noko folkemusikkinspirert tonestoff. Ei velspelt og god plate å lytte til – og kanskje tilmed å ta nokre dansar til. Rudjords nytolking av slåtten «Kjempe-Jo» er ein storslått finale. 

På plata deltek Johanne Flottorp, som er tilsett i magasinet Folkemusikk. 

Bjøynn og bjøynnongein (Familien Odde) – Bjøynn og bjøynnongein (Marcello Media 1999, digital utgiving Melovitten, 2024)

Bjørn Odde ville ha fylt 85 år 25. mai, og dagen før blei dette albumet gitt ut på ny av barnebarn Bjørn Kåre og plateselskapet Melovitten. Albumet kom opphavleg  ut året den legendariske felespelaren frå Garmo fylte seksti, og plate er ei gullgruve av runddans, springleik og halling. Mange klassiske gudbrandsdalsslåttar har dei funne plass til. Tretti låtar og ein time med gnistrande spel som det er vel verdt å finne tid til.