Tekstforfattaren er medlem av Indre Sunnfjord spelemannslag, men har ikkje vore delaktig i å arrangere Landsfestivalen 2023.
Leon Årdal og resten av arrangørstaben er letta og glade for at Landsfestivalen er vel gjennomført. Dei har fått mange gode tilbakemeldingar frå utøvarar, publikum og FolkOrg som «eig» Landsfestivalen.
Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, er svært fornøgd med årets landsfestival. Superlativa sit laust når ho oppsummerer gjennomføringa i Førde.
– Eg har snakka med mange. Alle er glade og fornøgde med Landsfestivalen, både tevlingsdeltakarane og publikum. Eg er imponert og takksam for måten Indre Sunnfjord spelemannslag har løyst oppgåva. Dette er veldig godt gjennomført, seier Hilde Reitan.
Sunnfjord kommune, som omfattar tidlegare Førde, Jølster, Naustdal og Gaular kommunar, vil gjerne ta på seg store arrangement som Landsskyttarstemnet, Landsfestivalen og Landskappleiken, i tillegg til den årlege Førdefestivalen. Og forholda ligg vel til rette det det.
– Eg må seie dei er heldige som har Førdehuset. Her er alt under same tak med gode lokalitetar både for utøvarar og publikum. Og Førde har dessutan god kapasitet på overnatting. Dette er nesten unikt, fastslår Reitan.
Fleire unge på festival
FolkOrg-leiaren er oppglødd av mykje etter årets landsfestival og ikkje minst ein trend Hilde Reitan har notert seg dei siste åra.
– Eg må trekke fram dei fantastiske prestasjonane på scene og dansegolv. Eg er så imponert over nivået. Og vi har eit dansande publikum til tevlingane. Eg trur ikkje det finst noko liknande i noko anna miljø. Kontakten mellom musikarane og dansarane skapar så god dynamikk.
– På Landsfestivalen er det dans for alle frå morgon til kveld. Dette er genialt, ikkje minst for dei yngste. Det er så triveleg å sjå foreldre som tar med ungane i dansen, også spedbarn. Dei får dansen bokstavleg tala inn med morsmjølka. Dette er viktig for rekrutteringa.
– Eg registrerer også at det er fleire ungdommar å sjå på Landsfestivalen. I mange år har vi hatt ganske høg gjennomsnittsalder. Eg håpar at den vil gå ned – ikkje med færre eldre, men at vi får endå fleire unge både deltakarar og dansande publikum.
Respekt for utøvarane
Eit av argumenta for å etablere Landsfestivalen var at runddansen og utøvarane skulle få auka merksemd og aksept. Det vart satsa på god lyd slik at grupper og lag skulle få vist kva dei kunne. Og det vart henta inn dommar på høgste nivå alt frå den første Landsfestivalen i Førde i 1986: Jon Faukstad, Tore Løvgreen, Amund Bjørgen, Geir Egil Larsen og Ånon Egeland.
Dette er også noko FolkOrg legg stor vekt på i gjennomføringa av Landsfestivalen i dag.
– Det er viktig at vi viser respekt for utøvarane. Difor blir det lagt stor vekt, og satsa mykje på god lyd. Eg vil trekke fram Hallingdal Lyd som har vore med oss mange år. Dei kjenner lydbildet som skal ut til dansane i salen og til dommarane.
– Eg synest Landsfestivalen har ei form som fungerer godt med kvalifisering på dagtid og finalespel om kvelden. Å spele finale med eit golv fullt av flinke dansarar er noko av det største eg sjølv har opplevd som deltakar i lagspel. Det er heilt spesielt!
Overskot til rekruttering
Indre Sunnfjord spelemannslag kjem som nemnt ut med eit overskot på Landsfestivalen 2023. Kor mykje laget sit att med etter at alle rekningar er betalte, er førebels uvisst. Timebetalinga er uansett neppe veldig høg.
– Det aller meste av arbeidet er gjort på dugnad. Og vi har bestemt at overskotet skal brukast på å sikre rekrutteringa av unge inn i miljøet, seier Leon Årdal – festivalsjef og styreleiar i Indre Sunnfjord spelemannslag
Billettinntektene var om lag som budsjett. Sal av mat og drikke i det lange teltet ved Førdehuset var godt over budsjett. Eldsjelene i Indre Sunnfjord spelemannslag med gode støttespelarar kan kvile letta ut.
– Vi er veldig godt nøgde med oppslutninga om festivalen. Vi vart overraska over at det kom så mange utanfrå distriktet heilt frå starten. Det var kø av bubilar før vi hadde opna festivalcampinga. Faktisk var ein tredel på plass alt tysdag.
– Mange tilreisande hadde nok planlagt å ta ei lita ferieveke i Førde og nærområdet. Og eg har inntrykk av at dei reiste igjen vel tilfredse med opphaldet, seier festivalsjef Årdal.
Vestnes i 2024
Leon Årdal registrerer også med glede at lokale utøvarar gjorde det godt, nokre betre enn dei kunne forvente på førehand.
– Vi fekk tre klassevinnarar frå Sogn og Fjordane, og fleire spelte i finalane. Eg trur dette vil inspirere andre frå vårt område til å satse på Landsfestivalen framover, seier Leon Årdal.
Neste år blir Landsfestivalen skipa til i Vestnes kommune, med Møre og Romsdal folkemusikklag som ansvarleg arrangør i samarbeid med medlemslaga i fylket. Hovudkomiteen var på plass i Førde.
– Vi har opplevd ein flott festival og fått med oss mange gode tips frå Førde, seier leiar i hovudkomiteen, Britt Elise Skram som sjølv deltok i fleire klasser.
Eit samansett «fylkeslag» gjorde det skarpt i lagspel. Samspelet er for lengst etablert, og Møre og Romsdal folkemusikklag er klare til å ta imot utøvarar og publikum i Vestnes 31. juli til 4. august 2024.