Hovudbilete: Hans Fredrik Jacobsen speler «Menuett nr. 9» frå ein kopi av noteboka til Anders Haugen, under innspelinga av Musicus i Bergstadens Ziir på Røros.  

Sist vinter var den staslege kyrkja på Røros, Bergstadens Ziir, åstad for eit heilt spesielt plateslepp. Albumet Musicus: Folkbarokk fra Rørosområdet vart spela inn nettopp i dette landemerket i UNESCO-verdsarvbyen i Sør-Trøndelag.

Initiativet til det heilt spesielle prosjektet kom frå dei lokale felespelarane Olav Luksengård Mjelva og John Ole Morken. Dei vart kjent med ei notebok frå Røros på 1700-talet under studietida på Ole Bull Akademiet.  Folkemusikk tek ein prat med sistnemnte om bakgrunnen for Musicus, og han fortel ivrig om korleis dei heile tok til:

– Målet er å fortelje ei historie som har vore lite snakka om. Vi har ein så eigen, rik tradisjon og historie. Denne delen av historia frå gruvesamfunnet på Røros har vore lite snakka om, og det er fint å få det fram i dagen. Denne historia var noko eg berre hadde høyrt brotstykke av tidlegare, og Olav og eg byrja å interessere oss meir og meir. Til å samle trådane i denne spesielle musikkhistoria, har vi fått særs god hjelp av Bjørn Aksdal, ein av dei fremste folkemusikkjennarane vi har i landet vårt.

«Det er særs spesielt å ha så gamle kjelder i hendene.»

John Ole Morken
Polsen har kondisjonerte røter
Hans Hulbækmo (t.v.), John Ole Morken og Olav Luksengård Mjelva under «Musicus»-platesleppkonserten i Bergstadens Ziir på Røros 18. februar i år. (Foto: Thor Hauknes)

Lokal barokkmusikk

Morken peikar på korleis Bergstadens Ziir har vore ein sentral del av historia til musikksjangeren, som er ei blanding av lokal folkemusikk og festmusikk frå Sentral-Europa.

– Frå 1760-talet og til ca. 1900 hadde Røros ein organistfamilie, Prøsch, som hadde god kjennskap til dei musikalske impulsane i Europa. Musikken som Prøsch hadde kjennskap til representerer ein heilt annan folkemusikkultur og identitet enn den «tradisjonelle» folkemusikken på Røros på 1700- og 1800-talet. Musikkulturen som Prøsch presenterte for lokalbefolkninga, var barokkinspirerte motedansar som menuett, engelskdans, feiar og andre turdansar.

Denne musikken inspirerte dei lokale folkemusikarane, fortel Morken.

– I dag er det gjennom noteboka til ein av dei lokale spelemennene frå denne tida, Erik Johannesen Skomager, vi har kunnskap om denne musikken. Det er også frå den handskrivne noteboka frå 1781, «Musicus ved Røraas Værk», tittelen på albumet vårt er henta frå, seier han stolt.

John Ole Morken meiner det er ein historisk skatt dei har fått arbeide med her.

– Er det sånn at til dømes polsmusikken vi kjenner i dag har sitt utspring i denne barokkmusikken?

– Dette er litt høna- og egget-problematikk, meiner Morken. – I alle høve kan vi seie at det er fleire lag i polsmusikken, og at vi finn barokke trekk i polsen. Vi kan godt slå fast at barokken har vore eit bidrag til polsen si utvikling og uttrykksmåte. Under plateinnspelinga prøvde vi å ta nokre menuettar, og «gjere dei til pols». Det var litt morosamt da Hans-Fredrik Jacobsen påpeikte, da eg og Olav spela ein av menuettane vi hadde funne fram: «Dette er jo ingen menuett, det er ein pols!» Dette er eit spennande grenseland, smiler Morken.

Handskrivne notebøker som kjeldemateriale

På slutten av 1700-talet vart fleire felespelarar frå områda rundt Røros sendt til byen for å lære seg å spele etter noter. Slik kunne de spele den mest moderne musikken for «storingane» ved Kobberverket. Ein del av dette unike materialet, der mykje er skrive av musikarane sjølv, finst i ulike notesamlingar. Og det er gjennom desse notesamlingane at Morken og Mjelva oppdaga denne historia.

– For nokre år sidan fekk eg gå gjennom notesamlinga til Anders Haugen, som er frå heimbygda mi, Ålen, seier Morken engasjert. – I den notesamlinga låg det ei avskrift frå ei anna notebok, som var skrive av Erik Johannesen Skomager, og som Bjørn Aksdal på 1980-talet hadde spora opp originalen til på Nasjonalbiblioteket. Da har vi kome heilt tilbake til 1780-talet. Det er særs spesielt å ha så gamle kjelder i hendene. I desse notebøkene ser vi at det dannar det seg eit anna bilde av «den kondisjonerte musikken» enn det vi hadde frå før.

Hovudsakleg er Musicus-albumet altså henta frå samlinga etter Erik Johannesen Skomager, datert 1781, og Johan Andreas Hvedings handskrivne notebok, som er datert i Trondheim 1825.

Polsen har kondisjonerte røter
Cembaloen til Trygve Brøske har ein framståande plass på mykje av «Musicus»-plata.
Polsen har kondisjonerte røter
Anders Löfberg (t.v.) og Trygve Brøske under innspelinga av «Musicus» i Bergstadens Ziir.

Eit stjernelag

Dei to felespelarane, Olav Luksengård Mjelva og John Ole Morken, fekk etter kvart med seg eit stjernelag av musikarar til å spele inn folkbarokk-musikken.

– Vi er jo så heldige her i Røros-distriktet at vi ikkje treng å reise så langt for å få med oss dei beste folkemusikarane. Det er heilt fantastisk at alle dei vi spurte først, sa ja! smiler ålbyggen Morken entusiastisk. – Hans Fredrik Jacobsen, som trakterer fløyter, saksofon og sekkepipe på albumet – og sonen hans Hans Hulbækmo på munnharpe og perkusjon, er frå Tolga. Cembalist og orgelspelar Trygve Brøske er frå Trondheim, og frå Sverige har vi med oss Anders Löfberg på cello. Dette er ein heilt utruleg musikalsk gjeng, og dei har vore så ivrige på å få dette så bra som mogleg.

Innspelinga i Bergstadens Ziir, der Audun Strype gjorde opptak, var ein fryd, legg Morken til. Han gler seg til å opptre meir med Musicus-gjengen. Morken seier han òg set pris på alt han har lært om musikk av dei kompetente orkestermedlemmene.

– Ta til dømes Hans-Fredrik Jacobsen: Det er så interessant å spele med ein som har arbeidd med «alle» tidsepokar, frå mellomaldermusikk til moderne musikk. For meg som spelemann er det viktig å få møte musikarar med andre perspektiv enn meg sjølv.

«Dette er musikk som verken er folkemusikk eller kunstmusikk – ein har heller sett på det som bruksmusikk.»

Bjørn Aksdal
Polsen har kondisjonerte røter
Polsen har kondisjonerte røter
John Ole Morken (øvst) og Olav Luksengård Mjelva under innspelinga av «Musicus: Folkbarokk frå Rørosområdet» i Bergstadens Ziir.

Nybrottsarbeid

For Morken og dei andre musikarane i prosjektet har det teke tid å finne den musikalske tråden:

– Allereie for ti år sidan byrja Olav og eg å sjå på om dette kunne bli noko. Men vi kjente at vi ikkje var musikalske mogne enno. Etter kvart har vi tileigna oss ein større musikalsk ballast, og vi ville sjå på kva vi kunne få til med denne musikken. Da vi fekk på plass ensemblet, var alle bitane på plass.

Namnet folkbarokk seier noko om den hybriden denne musikken er.

– Ja, ikkje er «storingmusikken» barokkmusikk, og ikkje er det direkte folkemusikk. Så har vi bruka den historiekunnskapen vi har skaffa oss, og erfaringa vi har fått som spelemenn, og definert Musicus-prosjektet som folkbarokk.

Sjølv om det nærmar seg et år sidan Musicus: Folkbarokk fra Rørosområdet kom ut, har orkesteret enno mykje å sjå fram til. John Ole Morken håpar at det ventar mykje folkbarokkspeling i tida som kjem:

– Først er vi spente på kva vi kan få til på Folkelarm med prosjektet. Vi skal også til Ringve musikkmuseum i Trondheim i mars. Det er elles fleire ting på gang, og det er vi glade for. Det heile er ein spennande prosess. Eg meiner dette er musikk som står seg i mange år framover. Vi som har lagd Musicus, har ikkje berre gått inn i det speltekniske, men vi har og gjort oss godt kjente med musikkhistoria. Eg vil seie at dette er nybrotsarbeid – vi har henta fram mykje historie gjennom prosjektet, og skal faktisk halde foredrag for Norsk Folkemusikklag om Musicus i mars 2017, som til slutt lover ein ting til dei som møter for å høyre Musicus i levande live:

– Dette var festmusikk på 1700-talet, og det er festmusikk i dag. Konserten blir garantert eit show for både aktørar og publikum!

Tyske impulsar

Det var Bjørn Aksdal, inntil nyleg seniorforskar i folkemusikk ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, som på 1980-talet spora opp dei to notebøkene til Erik Johannesen Skomager frå Røros og Johan Andreas Hveding frå Trondheim.

– Eg har på eit vis vore med på Musicus-prosjektet heile vegen, og har heile tida hatt god kontakt med folkemusikarane i Rørostraktene, og da spesielt John Ole Morken, seier Aksdal.

Det var ved eit reint tilfelle at han kom over dei to notebøkene:

– Noteboka til Erik Skomager, datert 1781 og det viktigaste grunnlaget for Musicus-prosjektet, hadde vore borte i mange år. Nokre eldre kjelder skulle ha det til at han var overlevert til Norsk Folkemusikksamling ved Universitetsbiblioteket i Oslo, men dei hadde ikkje registrert han i databasen sin. Eg drog dit, leitte og fann henne att der. Omtrent samtidig fann eg ved eit reint tilfelle noteboka til Johan Andreas Hveding, i Rikard Berge-samlinga ved Telemark museum – den òg etter å ha vore borte i årevis!

I heftet som høyrer med albumet Musicus: Folkbarokk fra Rørosområdet, skildrar Aksdal historia om notebøkene og fortel om korleis kunstmusikken og folkemusikken møttes på Røros.

– Denne historia syner korleis folkemusikarar på Røros har hatt éin fot i ein klassisk musikktradisjon. Erik Skomager fekk opplæring på både fiolin og valthorn, og vart både spelemann og klassisk orientert musikar.

Desse notebøkene har av ulike grunner ikkje vore brukt så mykje tidlegare som kjelder, fortel Aksdal:

– Slike notebøker har for ettertida ikkje har hatt så høg status. Dette er musikk som verken er folkemusikk eller kunstmusikk – ein har heller sett på det som bruksmusikk, og det er musikk mange ikkje har brydd seg så mykje om. Men eg meiner at det er viktig å peike på at impulsane frå Europa har danna grunnlaget for ein god del av den folkemusikken vi set så høgt i dag. Mange av melodiane til menuettar og poloneser frå den tida, har utvikla seg til polsar eller springleikar, engelskdansar utvikla seg til valsar, og så vidare.

John Ole Morken, Olav Luksengård Mjelva og dei andre musikarane i Musicus-prosjektet har kalla denne musikken for folkbarokk. Bjørn Aksdal meiner det er eit artig namn på hybridsjangeren, som treff relativt godt med tanke på kva denne musikken er:

– Når vi nærmar oss 1800-talet, er det kanskje ikkje barokken som er den tydeligaste impulsen for kunsten i Europa. Kanskje høyrer denne musikken vel så mykje til i den tidlege klassisismen. Men folkbarokk fungerer fint det òg – i alle fall kling namnet særs godt!

Teksten er henta frå Folkemusikk nr. 4/2016, som kjem ut i veke 48. Laurdag 19. november klokka 19.00 blir det bladslepp under Folkelarm, der redaktøren held ei samtale med John Ole Morken og Hans Fredrik Jacobsen om arbeidet med Musicus-prosjektet.