Legg saman verdsmeistrane i dansegruppa 4 for Dance, pluss ein doktorand i ungarsk folkemusikk, og til slutt dei erfarne folkedansarane Ulf-Arne Johannesen (43) og Silje Onstad Hålien (33) og felespelar Andreas Ljones (40). Summen er noko som gir meirsmak for både deltakarar og publikum.

Gode felles møtepunkt gir eit samarbeid som det er verdt å føre vidare, forklarer Hålien, som var einaste høne i haneflokken på scena i byen Nyíregyháza.

– Her var det noko som gav direkte kontakt. Vi såg at vi kunne kommunisere godt utan å snakke. Dette er folk som kan lage framsyning, og vi hadde gode rammer og tru på å fylle rammene, seier ho.

– I samarbeidet har vi funne fram til både kontrastane og likskapane i tradisjonane våre. Vi har arbeidd fram eit uttrykk som gjer at begge tradisjonar kjem til sin rett. Det er kjempeviktig, fortel Hålien ivrig.

Potente møtepunkt og samarbeid
Silje Onstad Hålien byter hatt med Jozef Terek under framsyninga av Urkraft.
Potente møtepunkt og samarbeid
Dei har leikt seg mykje med dansen under førebuingane til Urkraft, dei seks norske og ungarske proffdansarane.

Kraftuttrykk

Musikk frå CD er ikkje ein del av samarbeidet, fortel Hålien vidare.

– Alle var audmjuke, det er då ein kan få til noko. Det har vore viktig at musikken fekk like mykje plass på scena som dansen. Det har vore godt for publikum: Dei ungarske dansarane er heller vane med at musikarane er meir i bakgrunnen. Det er givande for alle å løfte musikarane inn i framsyninga, gjere dei til ein aktiv del av henne. Vi lèt også musikktradisjonane møtast heilt for seg sjølve, utan dans. Det gir kvilepunkt i framsyninga, der det elles er mykje action! slår Hålien smilande fast.

Urkraft består av ei salig blanding av norsk tradisjon og den ungarske folkedansen csárdás. Blant dei mange ungarske folkedansane er csárdás den best kjende. Dansen var opphaveleg ei form for friardans, og er oppdelt i to: ein langsam «lassú» og ein hurtig «friszka».

– Det er ingen kvinner i Ungarn som dansar slik. Dei har lurt på om det verkeleg blir dansa sånn i Noreg, seier Hålien og viser til hallingdansen ho er einaste kvinnelege A-klassedansar i.

– Her i Ungarn er det tunge dansetradisjonar, og det er mennene som får mest merksemd. Men dei synest det er artig å sjå ei jente prøve å gjere ungarsk mannsdans! legg ho lattermildt til.

Før premieren på Urkraft på Transform-festivalen i Trondheim i november 2016, hadde dei tre nordmennene to intensive førebuingsdagar i Trondheim. Dei såg mellom anna mykje videoopptak av ungarsk dans. Hålien har samarbeidd med dansarar frå andre tradisjonar tidlegare, og veit litt om kva det kan passe å trekkje inn frå norsk tradisjon i slike høve. Men samarbeidet med 4 for Dance var likevel noko spesielt, seier ho.

– Eg hadde ikkje venta så mange gode møtepunkt. 4 for Dance er så profesjonelle at vi kunne leggje fram ein brøkdel av ein idé, så skjønte dei fort resten. Sånt er riktig fint, fortel Hålien.

I Ungarn er det mykje kraft i uttrykket, meiner Hålien – ikkje ulikt den norske.

– Den ungarske dansen i denne framsyninga har kanskje endå raskare tempo enn vår norske. Det er typisk at dei aukar med kjappare og kjappare tempo, meir enn i norsk dans. Vi sviktar i kne og ankel der dei i staden stampar i golvet, seier den erfarne dansaren.

Hålien har nyleg hatt suksess i Noreg med framsyninga 101 hattar å sparke før eg døyr. Også i Urkraft kom dei på å bruke hatten som konkret gjenstand på scena. Hatten reiser gjennom framsyninga, er ein tråd som bind ting saman. Aktørane har forska i ulike måtar å overlevere hatten på, ulike måtar å gi og ta, ulike måtar å leike med han på. Den som har hatten, har eit ekstra søkelys på seg på scena.

Tolken kasta på dør

– Vi hadde laga ei ramme om generalprøven, men etter premieren blei det annleis. Alle er så til stades i det vi driv med, at vi kan leike oss mykje innanfor desse rammene. Det er så god stemning i samarbeidet mellom oss, at denne framsyninga verkeleg kan ha lang levetid. Det er meir å hente i dette møtepunkt. Ikkje berre som eit samarbeid mellom Ungarn og Noreg – personkjemien er så god! slår ho fast.

Hålien trur det blir fleire oppsetjingar av Urkraft enn den eine som er sett opp i Oslo i vår. Ho får medhald av meddansar Ulf-Arne Johannesen:

– Samarbeidet gjekk langt over det vi forventa. Desse ungararane er ikkje berre veldig flinke og hyggelege, men også superprofesjonelle. Trass i ekstremt lite prøvetid blei denne framsyninga faktisk noko av det betre eg har vore med på, erklærer Johannesen.

Spennande, morosamt og lærerikt er ord han nyttar for å beskrive samarbeidet. For Andreas Skeie Ljones er kraft, show og publikumskontakt essensen i Urkraft.

– Eg visste at dette ulma, og det sa «pang» på første framsyning. Det er utruleg artig! 4 for Dance er for store stjerner å rekne her i Ungarn, og vi kunne gått inn i primadonnamodus medan vi var her. Men i staden skjønte vi at her kunne vi få til noko nytt, seier han begeistra.

– Eg har vore med på mange kulturmøte, men sjeldan har det klaffa så godt. Vi har noko som passar ekstra godt saman, slår Ljones fast. Lattermild legg han til at tolken dei hadde fått utdelt, kunne dei kaste på dør under første øving!

Tradisjonelle folkelege uttrykk er populære, og har hatt eit oppsving dei siste åra. Det har gitt oss meir pengar til å halde på.

Péter Enyedi i 4 For Dance (Ungarn)
Potente møtepunkt og samarbeid
Dei ni medverkande til framsyninga Urkraft: bak f.v. Péter Enyedi, Tóth Gergely, Dániel Illés, Sándor Gál og Kristóf Bárány. Framme f.v. Jozef Terek, Ulf-Arne Johannessen, Silje Onstad Hålien og Andreas Skeie Ljones.

Denne teksten stod først på trykk i Folkemusikk nr. 1/2017. Framsyninga Urkraft kan du sjå på Riksscenen i Oslo torsdag 1. februar. 

Å leve for jobben

4 for Dance starta i 2004 og er tre gonger verdsmeistrar i folkedans. Leiar Péter Enyedi framhevar felles målsetjing og flat struktur som prinsipp dei ser som fruktbare i gruppa.

– Vi har dansa folkedans i over 25 år, i 45 land og på fem kontinent. Vi er opne og passar godt saman med dei norske venene våre. Her i Ungarn er det vanleg at skulebarn kan velje timar i folkedans. Tradisjonelle folkelege uttrykk er populære, og har hatt eit oppsving dei siste åra. Det har gitt oss meir pengar til å halde på, seier ein nøgd Enyedi.

Dansarane i gruppa driv sin eigen danseskule, Almafa Művészeti Iskola, som dei sjølve fortel har kring tusen elevar. Skulen er ein av åtte danseskular i Nyíregyháza, ein by som har 120 000 innbyggjarar.

Jozef Terek (36) leier sitt eige orkester og er komponist, lærar og rektor på statlege Földváry Miklós Elementary Arts Scool. Han held på med ein doktorgrad i lokal folkemusikk. Elles speler han kva for sjangrar som helst, også på scena i Urkraft.

– De bruker munnharpe, som vi også har fleire variantar av i Ungarn. Elles har vi mange fløyter til felles. Eg trur ikkje det har vore gjort eit så solid samarbeid mellom dei to landa våre tidlegare. Mange jobbar for livet, men med eit så motiverande samarbeid kan vi leve for jobben, seier Jozef stødig.

Også han fortel at han opplever ei styrking av Ungarns folkelege tradisjonar.