Årleg deler Sff ut Fagpublikasjonsprisen og Prisen for folkemusikk og folkedans. I år var det hardingfelespelar Benedicte Maurseth som mottok sistnemnde pris, fortel senteret sjølv i ei pressemelding. Styret skriv at Maurseth har gjort ein stor innsats for folkemusikken i mange år, men at det spesielt er verket Systerspel som har gjort inntrykk i det siste. Systerspel er både eit bestillingsverk, ei utstilling og ei bok som tek føre seg kvinnelege felespelarar opp igjennom historia. Maurseth sette også saman eit dobbeltalbum med slåttar etter spelekvinner frå 1919 og fram til i dag som blei gitt ut samstundes med boka. Konserten og utstillinga blei vist første gong under Osafestivalen 2022.

Maurseth hadde ikkje høve til å vere til stades under utdelinga, men sa i ei videohelsing at prisen var til alle spelkvinner og til dei som har vore mest usynlege i historia vår. Ho takka også Fagbokforlaget for at dei ville gje ut boka hennar, og sa at det ikkje er noko ein kan ta for gitt at store forlag vil gje ut bøker om folkemusikk i dag.

Prisdryss i Trondheim
Bjørn Aksdal mottok på vegner av seg sjølv og Elisabeth Kværne Fagpublikasjonsprisen 2023. Styreleiar i Sff Eli Ulvestad delte ut prisen i Trondheim.
Prisdryss i Trondheim
Benedicte Maurseth er mottakar av Prisen for folkemusikk og folkedans 2023. (Pressefoto)
Prisdryss i Trondheim
Ola Kai Ledang fekk også Fagpublikasjonsprisen 2023 for verket A Bark-Flute World. On the Norwegian Seljefløyte. Her får han prisen av Eli Ulvestad, styreleiar i Sff.

I samband med at Sff er 50 år i år, slo styret på stortromma og valde å dele ut to fagpublikasjonsprisar, mot normalt éin. Ola Kai Ledang fekk prisen for A Bark-Flute World. On the Norwegian Seljefløyte, medan Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne fekk prisen for Langeleiken – heile Noregs instrument.

Juryen skriv i grunngjevinga si at dei to publikasjonane vil bli ståande som monumentale referanseverk i generasjonar framover og vere til inspirasjon for komande verk. Dei legg også vekt på at begge verka tek føre seg instrument som det tidlegare ikkje har blitt forska nok på. I tillegg meiner juryen at begge publikasjonane plasserer instrumenta i ein personleg, lokal og nasjonal samanheng, samstundes som blikket blir lyft og instrumenta blir sett i samanheng med utanlandske, beslekta instrument.

Ledang sa i takketalen sin at han håpar prisen og boka kan føre til meir interesse for og glede over seljefløyta. Bjørn Aksdal tok imot prisen på vegner av seg sjølv og Elisabeth Kværne, og sa at dei med si bok håpar på å få fram breidda og rikdommen av langeleiken.

Ledangs bok kan du laste ned gratis som PDF frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.