Tekst: Pressemelding/Redaksjonen.

Fritids er Pumpegris sitt debutalbum. Den norske kulturarven møter notidas ungdom, slåttar møter rap, fuzzgitar møter salmetoner.

- Kontrasten mellom det sårbare og humoristiske er gjennomgåande i både musikken og tekstene. Pumpegris er komne for å spreie den norske folkemusikken med fest og faenskap, akkurat slik han oppstod, seier dei.

Pumpegris spelar natta ut med slåttar og ærlege tekster der vokalist Vera Sonne lener seg mot alt frå kveding til rap, med andre ord det som til ei kvar tid fangar folkemusikkens dansende driv. I tillegg hentar Pumpegris inspirasjon frå funk, shoegaze, visepop og hiphop og tar fatt på samtlege tradisjonar med god pondus. Slik meiner dei å ta folkemusikken med inn i noko nært, skittent og groovy.

Bassist Mikkel Bjørneboe, frå band som Three Souls og Flammer Dance Band fargar musikken med si interesse for vestafrikansk musikk, funk og klubbmusikk. 

Frå folkemusikar Astrid Garmo får uttrykket fele, fuzzgitar og synther, inspirert av shoegaze-sjangeren. Trygve Liahagen bidrar med sitt tradisjonelle og jazzprega felespill, både med og utan tunge pedaleffektar. 

Trommis, Jon Espelid har bakgrunn i pop, jazz og fusion. Hans spill gir folkemusikken en fersk tolkning. Vera Sonne er bandets leiar og tekstforfattar, ho har bakgrunn som folkesongar og låtskrivar.